Julebord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Julebord om bord på den svenske dampbåten «Gustavsberg VII» i 1990
Foto: Holger.Ellgaard

Julebord viser til festar med mat, som regel tradisjonell julemat og drikke, haldne i tida rundt jul. Omgrepet kan også visa til eit bord dekt med julemat. Opphavleg blei julebord haldne i romjula, men skikken er etterkvart blitt meir knytt til førjulstida.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bankettar med fråtsing i mat og drikke har vore knytt til julefeiring sidan mellomalderen. Julebord vidarefører denne forma for fest ved å by på mykje og mektig mat og drikke.

Den moderne norske julebordskikken oppstod i etterkrigstida. Det blei vanleg for folk å eta særskilde julemenyar, gjerne som buffet, på hotell og restaurantar. Etterkvart er det blitt skikk for mange verksemder å halda julebord som firmafest rundt jul. Julebordstida er dermed blitt høgsesong for utelivs- og transportnæringar, som drosjar og ferjer.

Julebordliknande festar finst også i andre land, kjend som Christmas party i den engelskspråklege verda.

Oppdekt svensk julbord med tradisjonell svensk julemat.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Det varierer mellom ulike område kva ein serverer på julebord. I Sverige er det vanleg å ha koldtbord med mellom anna sursild, gravlaks, lutefisk, juleskinke, ulike pølser og tilbehøyr. Ein kan drikka julebrus, mumma, svagdricka (alkoholfritt øl), porter eller juleøl, gjerne også snaps. I Noreg kan ein eta mat mange knyter til julaftansmåltidet, som ribbe, pinnekjøt, julepølse, lutefisk, juletorsk og risgraut, men også nyare rettar som kalkun og anna.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]