Julebrus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamar og Lillehammers brune julebrus, Grans røde julebrus og Apotekarnes julmust
Foto: C. Hill
Julebrus på glas og flaske.
Oskar Sylte julebrus.

Julebrus eller jolebrus er brustypar som tradisjonelt blir selde og drukne i tida rundt jul. Julebrus er stort sett raud eller meir brunleg, men det finst også grøne og gule brusar.

Julebrus i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sørlandet og på Hamar og i midtre og nordlege delar av Austlandet (Oppland og Hedmark), i Trondheim og sørlege delar av Nord-Noreg, er julebrusen brun og smakar litt som champagnebrus. I sørlege delar av Austlandet og på Vestlandet og i delar av Nord-Noreg er julebrusen stort sett raud og smakar litt som eventyrbrus, som er den vanlegaste raude brusen resten av året.

Julemust[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Julemust.

I svensk tradisjon finst ein tilsvarande leskedrikk som blir drukken ved juletider kalla julmust. Drikken skil seg frå julebrus hovudsakleg ved bruk av maltekstrakt og humle. Ingrediensane kjem av at must historisk blei utvikla som eit alkoholfritt alternativ til øl.

Roma Mineralvannfabrikk i Lillestrøm er den einaste norske produsenten av julemust.

Ulike typar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julebrus