Khalkidikí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Khalkidikí
Περιφερειακή ενότητα Χαλκιδικής
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Sentral-Makedonía
Hovudstad Polýjyros
Folketal 105 908 (2011[1]) Rangering 33.
Areal 2 918 km² Rangering 17.
Folketettleik 36/km²
Kommunar 5
Postnummer 63x xx
Retningsnummer 237x0, 23990
Bilnummer XK
Heimeside www.halkidiki.gov.gr

Periferieininga Khalkidikí (gresk Περιφερειακή ενότητα Χαλκιδικής, Periferiakí enótita Khalkidikís) er ei periferieining i den søraustlege delen av Sentral-Makedonía i Hellas.[2]

Den store halvøya Khalkidikí (gresk Χαλκιδική), òg kalla Halkidiki eller Khalkidike, nordvest i Egearhavet utgjer mesteparten av periferieininga. Halvøya ser ut som ei hand med tre «fingrar» – Kassándra (i antikken Pallene), Sithonía og «det heilage fjellet» Áthos (i antikken Akte) og klostera her. Áthos er ikkje ein del av periferieininga, men er ein autonom klosterstat. I det indre av halvøya og nord i dei sentrale område av periferieininga ligg fjellet Kholomóndas.

I antikken var Khalkidikí ein del av Thrakia. Dei første greske busetjarane kom til området frå byane Khalkída og ErétriaÉvvia, rundt 700-talet fvt. og grunnla byar som Mende, Torone og Skione. Ei ny bølgje med emigrantar kom frå Ándros500-talet fvt.. Den antikke byen Stájira var fødestaden til den store filosofen Aristoteles.

Hovudstaden i Khalkidikí er byen Polýjyros, som ligg midt på halvøya.

Periferieininga grensar berre til periferieininga Thessaloníki i nord.

Antikke byar[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Khalkidikí eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Khalkidikí Néa Propondída Kallikrátia 630 80 23990-2
Moudaniá 632 00 23730-2
Tríglia 630 79 23750-5
Kassándra Kassándra 630 77 23990-2
Pallíni 630 85 23740-5
Polýjyros Anthemoúndas 630 73 23710-32
Ormýlia 630 71 23710-41
Polýjyros 631 00 23710-2
Zervokhória 630 73 23710-6
Sithonía Sithonía 630 88 23750-2
Toróni 630 72 23750-41
Aristotélis Arnéa 630 47 23720-2
Panajía 620 76 23730-3
Stájira-Ákanthos 630 72 23770-2

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Néa Moudaniá Néa Propondída 9 342
Néa Kallikrátia Néa Propondída 7 238
Polýjyros Polýjyros 6 121
Ierissós Aristotélis 3 266
Néos Marmarás Sithonía 3 158
Néa Tríglia Néa Propondída 3 071
Ormýlia Polýjyros 2 979
Kassándria Kassándra 2 775
Nikíti Sithonía 2 711
Megáli Panajía Aristotélis 2 592
Galátista Polýjyros 2 537
Símandra Néa Propondída 2 421
Arnéa Aristotélis 2 300
Néa Fókea Kassándra 1 944
Pevkokhóri Kassándra 1 931
Sykiá Sithonía 1 903
Ájos Nikólaos Sithonía 1 714
Flojitá Néa Propondída 1 604
Néa Potídea Néa Propondída 1 559
Paleokhóri Aristotélis 1 489
Kalýves Polyjýrou Polýjyros 1 333
Áfytos Kassándra 1 273
Portariá Néa Propondída 1 202
Kallithéa Kassándra 1 179
Lákkoma Néa Propondída 1 171
Sárti Sithonía 1 156
Néa Róda Aristotélis 1 153
Néa Plája Néa Propondída 1 127
Ólynthos Polýjyros 1 111
Stratóni Aristotélis 1 057

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 40°25′N 23°30′E