Blåmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blåmeis

Status i verda: LC Livskraftig

Parus caeruleus1.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Paridae
Slekt: Cyanistes
Vitskapleg namn
Cyanistes caeruleus

Blåmeis (Cyanistes caeruleus, framleis ofte Parus caeruleus) er ein fugl i meisefamilien. Ho er om lag 12 cm lang, og veg 11 gram.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Blåmeisa er ljoseblå på issen, vengjene og stjerten. Brystet og buken er gul. Leten til hoa er mykje bleikare enn til hannen. Ungfuglane har gulvorne kinn og ein grågrøn isse. Blåmeisa er ein hardfør og særs nyfiken fugl. Nyfikna og kreativiteten gjer at blåmeisa kan finna nye ting å eta når ho er nøydd til det. Somme har sagt at blåmeisa enkelte stader har hakka laus vindaugskitt og ete dette for å overleva.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Blåmeisa sitt utbreiingsområde:
mørkgrøn: caeruleus-gruppa
lysgrøn: teneriffae-gruppa (koboltmeis)

Blåmeisa finst i store delar av Europa og det vestre Asia. Blåmeisa si utbreiing er, sett bort frå to små område i det nordlege og sørlege Iran, avgrensa til det vestlege palearktis. Fuglen finst over mykje av Europa, i nord og i større høgder i Alpane og truleg også i fjellområde på Balkan, men for dei siste er kartlegginga ufullstendig.

Blåmeisa manglar på Island samt i nordlege delen av Skottland og på mange av øyane utanfor. Dei ytre Hebridane vart kolonisete først i 1963. I Skandinavia innskrenkar utbreiinga seg til dei sørlegare og midtre landsdelane og låglandsområda, medan fuglane ikkje lever i fjelltraktene. Nordgrensa for utbreiinga ligg i Noreg kring 67° nord, i Sverige rekk det samanhengande hekkeområdet til 61°, ved kysten eit smalt belte til 65° nord. I Finland når utbreiinga til 65° nord, gjennom 1900-talet har blåmeisa utvida arealet der nordover. Frå det sørlege Finland strekker nordgrensa søraustover til sørlege delen av Ural. Austgrensa er kompleks og variabel. Denne kan ha samanheng med vestgrensa til asurmeisa, ein art som ekspanderer vestover.

Underartane si utbreiing og ulikskapar[endre | endre wikiteksten]

Blåmeisa vert delt i ni underartar:

  • P. c. caeruleus - nominatforma hekkar i Europa sør til det nordlege Spania, på Sicilia, nord i Hellas, Ukraina og nord i Tyrkia, og aust til Ural.
  • P. c. obscurus (Prazák, 1894) - hekkar i Storbritannia, på Irland og Kanaløyane. I det vestlege Frankrike førekjem blandning med nominatforma, noko som saman med små skilnader gjer statusen som underart tvilsam. Issa er noko mørkare blå, mantelen er også mørkare og går meir i grønaktig. C. c. obscurus er i gjennomsnitt noko mindre enn nominatforma.
  • P. c. ogliastrae (Hartert, 1905) - hekkar i Portugal, det søre Spania, på Korsika og Sardinia. I nokre spanske provinsar finn ein blandingsformer med nominatforma. C. c. ogliastrae er mykje lik underarten på dei britiske øyane. Mantelen verkar litt meir blå eller grå, vengedekkfjørene er i regelen mørkare og meir lysande blå. Påfallande er den reduserte kjønnsdimorfismen. Hoa sine fargar er iblant like lysande som hannen sine.
  • P. c. balearicus (von Jordans, 1913) - hekkar på Mallorca. Denne underarten skil seg også berre lite frå nominatforma. Fjørdrakta verkar mindre skarp og bukstripa er tydeleg redusert.
  • P. c. calamensis (Parrot, 1908) -hekkar på Peloponnes, Kykladane, Rhodos og Kreta. Jamført med nominatforma er denne ofte mindre, i fjørkjenneteikn er der knapt skilnadar. Det er tvilsamt om denne underarten sin status skulle halde for ei kritisk prøve.
  • P. c. orientalis (Zarudny & Loudon, 1905) - hekkar i det søraustre europeiske Russland, frå Volga til det sentrale og sørlege Ural. Skilnadane mot nominatforma består hovudsakleg av den meir uskarpe fargen på oversida, som går meir åt grågult og i den lysare gule buksida. Der er likevel usemje om skilnadane er store nok til å skilje ut denne frå nominatforma.
  • P. c. satunini (Zarudny, 1908) - hekkar på Krim, i Kaukasus, Transkaukasus, i austre Tyrkia, Taurusfjella i søre Tyrkia, Armenia og nordvestre Iran. Underarten syner ein gradvis overgang til nominatforma. Det finst ein vidstrekt blandingsone, og berre fuglane i aust skil seg tydeleg ut. På oversida er oliven- og gråtonar dominerande, medan buksida er eisfarga og mindre skarp gul.
  • P. c. raddei (Zarudny, 1908) - hekckar nord i Iran og sørvest i Turkmenistan. Denne syner både likskapar med nominatforma og med C. c. satunini. Mantelen er i gjennomsnitt mørkare og meir blåaktig, undersida klarare og kraftigare gul.
  • P. c. persicus (Blanford, 1873) - hekkar i Zagros sørvest i Iran. Ved nordgrensa til området finst blandingsformer med C. c. raddei. Eksemplar av denne underarten er i gjennomsnitt mindre enn nominatforma og generelt bleikt farga. Oversida er blåaktig grøngrå, undersida meir variabel.

Nærståande fuglar som hekkar på Kanariøyane og i det nordvestre Afrika vert i dag kategoriserte som ein eigen art, kalottmeis (Cyanistes teneriffae).

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Blåmeisa er ein sosial fugl som gjerne held seg saman med andre fuglar om vinteren. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med kjøtmeisa i sokalla meisetog.

Fuglen hekkar frå mai til juli. Blåmeisa får 7–14 egg, og rugetida er 13–15 dagar. Ungane forlèt reiret etter om lag 16 dagar. Ho nyttar ofte gamle hole tre som hekkeplass, men ho hekkar òg gjerne i fuglekasser. Blåmeisa er den fuglen som med størst intensitet tek opp kampen med flugesnapparen for å tryggja seg fuglekassene om våren. Ho kan òg driva vekk større og sterkare kjøtmeiser.

Blåmeisa er fylkesfugl for Buskerud.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blåmeis