Slaget ved Blenheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Blenheim
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Duke-of-Marlborough-signing-Despatch-Blenheim-Bavaria-1704.jpg
Hertugen av Marlborough signerer avsendinga ved Blenheim. Oljemåleri av Robert Alexander Hillingford.
Dato 13. august 1704
Stad Blindheim (engl.: Blenheim),[1] nær Höchstädt i Bayern i Tyskland
Resultat Avgjerande alliert siger[2]
Partar
Det tysk-romerske riket:

Flag of England.svg England
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Flag of Denmark.svg Danmark

Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Flagget til Bayern Kurfyrstedømet Bayern
Kommandantar
Flagget til England Hertugen av Marlborough
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie
Flagget til Frankrike Duc de Tallard #
Flagget til Frankrike Ferdinand de Marsin
Flagget til Bayern Maximilian II Emanuel
Styrkar
52 000 mann,[3]
66 kanonar
56 000 mann,
90 kanonar
Tap
4542 drepne,
7942 skadde
20 000 drepne, skadde eller drukna,
14 190 fanga

Slaget ved Blenheim (i somme land kalla det andre slaget ved Höchstädt) vart utkjempa den 13. august 1704 og var eit stort slag i den spanske arvefølgjekrigen. Ludvig XIV av Frankrike prøvde å slå keisar Leopold ut av krigen med å erobre Wien, hovudstaden til Habsburg og oppnå gode vilkår i ein fredsavtale. Farane til Wien var store: Styrkane til kurfyrsten av Bayern og marskalk Marsin i Bayern truga i vest, og den store armeen til marskalk Vendôme var ein stor trugsel med ein potensiell offensiv gjennom Brennerpasset. Wien var òg under press frå det ungarske opprøret til Rákóczi frå aust. Hertugen av Marlborough var klar over faren og valte å løyse trugselen med å marsjere styrkane sine sørover frå Bedburg og støtte keisaren i Storalliansen.

I ein kombinasjon av list og glimrande administrering - der han skjulte kvar han var på veg for både alliert og fiende, klarte Marlborough å marsjere 400 km uhindra frå Nederlanda til Donau på fem veker.Etter å ha sikra Donauwörth ved Donau prøvde Marlborough å møte armeen til kurfyrsten og Marsin før marskalk Tallard kom med forsterkingar gjennom Schwarzwald. Dei fransk-bayerske kommandantane var motvillige til å gå ut i kamp før dei meinte dei hadde nok soldatar, så hertugen starta å plyndre landsbyane i Bayern for å tvinge fram eit slag. Taktikken var mislukka, men då Tallard nådde armeen til kurfyrsten, hadde òg prins Eugene nådd fram med sine forsterkingar for dei allierte. Dei to armeane møttest omsider ved breidda av Donau i og rundt den vesle landsbyen Blindheim.

Blenheim har gått inn i historia som eit av vendepunkta i den spanske arvefølgjekrigen. Den overveldande allierte sigeren sikra tryggleiken til Wien frå den fransk-bayerske armeen, og hindra at Storalliansen kollapsa. Bayern vart slått ut av krigen og Ludvig kunne ikkje lenger håpe på ei rask løysing på krigen. Frankrike tapte over 30 000 mann, inkludert øvstkommanderande marskalk Tallard, som vart teken til fange og sendt til England. Før felttoget i 1704 var over, hadde dei allierte teken Landau og byane Trier (Trèves) og Trarbach ved Moselle som førebuing for felttoget året etter i Frankrike.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1704 var den spanske arvefølgjekrigen inne i det fjerde året. Året før hadde vore ein suksess for Frankrike og deira allierte, særleg ved Donau, der marskalk Villars og kurfyrsten av Bayern hadde skapt ein direkte trugsel til Wien, hovudstaden til habsburgarane.[4] Wien hadde vorte redda av splid mellom dei to kommandantane, og førte til at den dugande Villars vart erstatta av den mindre dynamiske marskalk Marsin. Likevel var trugselen i 1704 reell: Rákóczi sitt ungarske opprør var alt ein trussel mot riket i aust, og styrkane til marskalk Vendôme trua med ein invasjon frå Nord-Italia.[5] I hoffa i Versailles og Madrid var ein trygge på at Wien kom til å falle, ei hending som nesten garantert hadde ført til at Storalliansen hadde falle saman.[6]

For å isolere Donau slik at dei allierte ikkje kunne blande seg inn, var detventa at dei 46 000 soldatane til marskalk Villeroi ville helde 70 000 nederlandske og engelske soldatar fast kring Maastricht i Nederlanda, medan general de Coigny verna Alsace mot eit overraskingar frå andre korps.[4] Dei einaste styrkane som var umiddelbart tilgjengeleg for forsvaret av Wien var ein styrke på 36 000 mann under prins Ludvig av Baden stasjonert ved Stollhofen-linjene[7] for å observere marskalk Tallard i Strasbourg. Det var òg ein liten svak styrke på 10 000 mann under grev Styrum ved Ulm.

Både den austerrikske ambassadøren i London, grev Wratislaw og hertugen av Marlborough forstod følgje av situasjonen ved Donau. Nederlendarane som ønskte å verne landområda sine, var imot dristige militære operasjonar så langt sør som Donau og var motvillige til å svekke styrkane i Dei spanske Nederlanda.[8] Marlborough, forstod at den einaste måten å ignorere ønska til nederlendarane på, var å nytte list og løyndom, og lurte både dei nederlandske allierte ved å late som om han berre flytta soldatane sine til Moselle – ein plan godkjend av styresmaktene i Haag – men så snart han var der, drog han over elva og slo seg saman med dei austerrikske styrkane i Sør-Tyskland.[8] «Intensjonane mine», skreiv hertugen frå Haag den 29. april til Sidney Godolphin, «er å marsjere med engelskmennene til Koblenz og erklærte at eg meiner å drive felttog langs Moselle. Når eg derimot kjem fram skal eg skrive til Dei nederlandske statane at eg finn det absolutt naudsynt for å redde Riket å marsjere troppane under min kommando og møte dei som heldt til i Tyskland - for slik å raskt redusere kurfyrsten av Bayern».ref name=Falkner1>Falkner: Blenheim 1704, s. 18</ref>

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Marsjen mot Donau[endre | endre wikiteksten]

Hertugen av Marlborough marsjerte frå Bedburg (nær Köln) til Donau. Den 400 km lange marsjen hindra Wien frå å falle i hendene til fienden gjennom meisterleg list, planlegging og organisering.

Marsjen til Marlborough starta den 19. mai frå Bedburg, 20 km nordvest for Köln. Armeen (samla saman av bror til hertugen, general Charles Churchill) bestod av 66 skvadronar, 31 bataljonar og 38 kanonar og bombekastarar, samt totalt 21 000 mann (16 000 frå England).[9] Denne styrken vart skulle foresterkast langs vegen, slik at då Marlborough nådde Donau, så ville dei vere 40 000 (47 bataljonar, 88 skvadronar). Medan Marlborough leia armeen sin, heldt General Overkirk forsvarsstillinga i Dei sameinte Nederlanda i tilfelle Villeroi sette i gang eit åtak. Hertugen hadde forsikra nederlendarane om at franskmennene skulle setje i gang eit åtak, så ville han kome attende i god tid, men Marlborough gjekk ut frå at då han marsjerte sørover, så ville den franske kommandanten trekkje etter.[10] Marlborough hadde rett i det og Villeroi skugga hertugen med 30 000 mann i 60 skvadronar og 42 bataljonar.[11]

Slaget ved Blenheim av Joshua Ross.

Den militære risikoen med denne handlinga var mange: Kommunikasjonslinjene til Marlborough langs Rhinen var særs utsett for franskmennene, for generalane til Ludvig kontrollerte venstresida av elva og dei sentrale og dei sentrale områda. Ein slik lang marsj ville nesten garantert medføre tap av menn og hestar på grunn utmatting og sjukdom. Marlborough var sikker på at han måtte handle raskt for å redde riket.[9]

Medan førebuingane til dei allierte gjekk framover, strevde franskmennene med å vedlikehalde og sende forsyningar til marskalk Marsin. Marsin hadde operert i lag med kurfyrsten av Bayern mot keisar-kommandanten fyrst Ludvig av Baden, og var noko isolert frå Frankrike: dei einaste kommunikasjonslinjene hans gjekk gjennom dei berglendte fjellovergangane i Schwarzwald. Med stor dugleik klarte marskalk Tallard den 14. mai å føre 10 000 mann og store forsyningar og ammunisjon gjennom det vanskelege terrenget, og samstundes utmanøvrere baron Thüngen, keisar-generalen som prøvde å blokkere vegen.[12] Tallard reiste så attende til sin eigen styrke ved Rhinen, og kom igjen unna forsøka til Thüringen på å avskjere han. Heile operasjonen vert rekna som ei eineståande militær handling.[13]

Den 26. mai nådde Marlborough Koblenz, der Moselle møter Rhinen. Om han hadde meint å angripe langs Mosell, måtte hertugen no snu vestover, men dagen etter kryssa armeen over til høgrebreidda av Rhinen (og venta på 5 000 mann frå Hannover og Preussen).[14] «Det vil ikkje bli noko felttog langs Moselle», skreiv Villeroi, som hadde sett opp ei forsvarsstilling ved elva, «engelskmennene har dratt inn i Tyskland»[15] Eit nytt mogeleg mål gjekk no opp for franskmennene - eit alliert innfall inn i Alsace og eit åtak på byen Strasbourg. Marlborough bygde til og med bruer over Rhinen ved Philippsburg som forsterka denne mistanken for franskmennene, og knepet fekk ikkje berre Villeroi til å dra til Tallard for å støtte han i forsvaret av Alsace, men sikre at den franske planen om marsjere til Wien vart stoppa av utryggleiken som oppstod.[16]

Villeroi skugga alle rørslene til Marlborough, var den nederlandske forventinga om eit umiddelbart fransk motåtak mot dei svekka stillingane i Nederland ei feiloppfatning.[17] Uansett hadde Marlborough lovd å vende attende til Nederland om franskmennene gjekk til åtak der ved å transportere soldatane nedover Rhinen på prammar, 130 km per dag.[17] Oppmuntra av denne tryggleiksjensla sende Generalstatane den danske kontingenten på sju bataljonar og 22 skvadronar som forsterking.[17] Marlborough nådde Ladenburg, på sletta til Neckar og Rhinen, og dei stoppa der i tre dagar for å kvile kavaleriet og la kanonane og infanteriet ta dei att.[18] Den 6. juni nådde han Wiesloch, sør for Heidelberg. Dagen etter svinga dei allierte bort frå Rhinen mot åsane i Schwabiske Jura og Donau på andre sida. Til slutt var det ikkje tvil lenger kvar Marlborough var på veg hen.

Strategi[endre | endre wikiteksten]

Eugene av Savoie (1663–1736) av Jacob van Schuppen. Prins Eugene møter Marlborough før første gong i 1704. Det var starten på eit livslangt personleg og profesjonelt venskap..

Den 10. juni møtte hertugen for første gong presidenten i det keisarleg krigsrådet, prins Eugene, i lag med grev Wratislaw, i landsbyen Mundelsheim, halvvegs mellom Donau og Rhinen.[19] Den 13. juni hadde den keisarlege feltkommandanten prins Ludvig av Baden, slått seg saman med dei i Großheppach.[20] Dei tre generalane kommanderte ein styrke på nesten 110 000 mann. På rådet var det avgjort at Eugene skulle vende attende med 28 000 mann til Stollhofen-linjene ved Rhinen for å halde eit auge med Villeroi og Tallard, og hindre dei i å støtte den fransk-bayerske armeen ved Donau. Samstundes vart styrkane til Marlborough og Baden samla, totalt 80 000 mann for marsjen langs Donau for å finne kurfyrsten og Marsin før dei vart forsterka.[21]

Tallard og Villeroi kjende no til destinasjonen til Marlborough og møttest ved Landau i Alsace den 13. juni for å raskt lage ein handlingsplan for å redde Bayern, men det stive franske kommandosystemet var slik at alle endringar i den originale planen måtte stadfestast av Versailles.[22] greven av Mérode-Westerloo, kommandant til dei flamske soldatane i armeen til Tallard skreiv: «ein ting er sikkert: me hala ut marsjen frå Alsace for lenge og heilt uforklarleg.»[22] Godkjenninga frå Ludvig kom den 27. juni: Tallard skulle forsterke Marsin og kurfyrsten på Donau via Schwarzwald, med 40 bataljonar og 50 skvadronar. Villeroi suklle låse fast dei allierte som forsvarte Stollhofen-linjene, eller om dei allierte skulle flytte alle styrkane sine mot Donau, skulle han slå seg saman med marskalk Tallard og general de Coignies med 8 000 mann, som skulle verne Alsace. Den 1. juli kryssa armeen til Tallard på 35 000 mann Rhinen ved Kehl og byrja marsjen.[22]

Samstundes, den 22. juni, slo styrkane til Marlborough seg saman med keisarstyrkane til Baden ved Launsheim. Dei hadde marsjert 400 km på fem veker.[23] På grunn av ei godt planlagt tidsplan vart følgjene av slitasje minimale. Kaptein Parker skildra marsjdisplinen - «Då me marsjerte gjennom landet til våre allierte, vart kommissærar utpeikte til å forsyne oss med alt både mann og hest trong … soldatane trengde berre å slå opp teltet sitt, sette på gryta og legge seg ned og kvile».[24] Som svar til manøvrane til Marlborough, flytta kurfyrsten og Marsin, som var klar over at dei var i undertal med berre 40 000 mann, strykane sine til ein forskansa leir ved Dillingen på nordsida av Donau. Marlborough kunne ikkje angripe Dillingen fordi han mangla omleiringsvåpen - han hadde ikkje høve til å ta nokre med seg frå Nederlanda, og Baden hadde ikkje levert dette slik han forsikra om at han ville.[25]

Det allierte åtaket på Schellenberg – teken med overrumpling den 2. juli - gav dei allierte høvet til ei glimrande elvekryssing.

Dei allierte trengde ein base for forsyningar og ein god stad til å krysse elva. Den 2. juli storma derfor Marlborough nøkkelfestninga i Schellenberg på høgdene oppfor byen Donauwörth. Grev Jean d'Arco hadde vorte sendt med 12 000 mann frå den fransk-bayerske leiren for å halde byen og den graskledde åsen, men etter eit rasande og blodig slag, som førte til store tap på begge sider, fall Schellenberg og tvinga Donauwörth til å overgje seg kort tid etter. Kurfyrsten, som visste at stillinga hans i Dillingen ikkje lenger kunne forsvarast, tok opp ei stilling bak den sterke festninga i Augsburg.[26]

Marsjen til Tallard vart samstundes eit dilemma for Eugene. Om dei allierte ikkje skulle verte i undertal ved Donau, forstod Eugene at han først anten måtte prøve å avskjere Tallard før han nådde fram, eller han måtte skunde seg til Marlborough som forsterking.[27] Men om han trekte seg frå Rhinen til Donau, kunne kanskje òg Villeroi flytte seg sørover for å knyte seg til kurfyrsten og Marsin. Eugene gjorde eit kompromiss: han etterlet 12 000 soldatar ved Stollhofen-linjene og marsjerte med resten av armeen sin for å kome Tallard i forkjøpet.[27]

Med for få soldatar kunne ikkje Eugene gjere seriøse forsøk på å stoppe marsjen til Tallard, men framgangen til den franske marskalken vart likevel ynkeleg langsam. Styrken til Tallard hadde lidd langt meir enn styrken til Marlborough under marsjen - og mange av kavalerihestane leid av snive, og fjellovergangane vart tøffe for dei 2 000 forsyningsvognene. Lokale tyske bønder, som var lei av den franske plyndringa, forverra problema til Tallard, og fekk Mérode-Westerloo til å jamre seg - «dei sinte bøndene tok livet av fleir tusen av våre menn før armeen kom seg ut av Schwarzwald».[24] I tillegg insisterte Tallard på å kringsetje den vesle byen Villingen i seks dagar (16.-22. juli), men gav seg då han oppdaga at Eugene nærma seg.

Kurfyrsten i Augsburg vart informert den 14. juli at Tallard var på veg gjennom Schwarzwald. Dette var gode meldingar, som gjorde at kurfyrsten valte å vente på forsterkingane.[28] Men då kurfyrsten ikkje ville ut i kamp starta Marlborough i staden å plyndre Bayern, brende bygningar og avlingar gjennom dei rike landområda sør for Donau. Dette hadde to føremål: å setje press på kurfyrsten til å kome ut i kamp eller slutte forlik før Tallard kom med forsterkingane sine, og ruinere Bayern som base der dei franske og bayerske armeane kunne angripe Wien frå, eller forfølgje hertugen inn i Franken, om han på eit stadium måtte trekkje seg nordover.[29] Men denne øydelegginga, i lag med den langvarige kringsettinga av Rain (9.–16. juli), fekk prins Eugene til å klage seg «sidan Donauwörth kan eg ikkje beundre framferda deira», og sa seinare «om han hadde måtte dra heim utan å oppnådd måla sine, ville han utan tvil ha vorte ruinert».[30] Likevel hadde hertugen på strategisk vis klart å plassere sine langt sterkare styrkar mellom den fransk-bayerske armeen og Wien.

Den siste stillinga[endre | endre wikiteksten]

Manøvrer før slaget 9–13 august.

Marskalk Tallard nådde Ulm med 34 000 mann og slo seg saman med kurfyrsten og Marsin i Augsburg den 5. august (Tallard likte derimot ikkje at kurfyrsten hadde spreidd armeen sin som svar til herjinga til Marlborough i området).[31] Den 5. august nådde òg Eugene Höchstädt, og reid same kvelden for å møte Marlborough i Schrobenhausen. Marlborough visste at dei trong eit nytt kryssingspunkt over Donau om Donauwörth skulle falle til fienden. Den 7. august forlet derfor dei første av Baden sine 15 000 soldatar (resten følgde etter to dagar seinare) hovudstyrken til Marlborough for å kringsette den tungt forsvarte byen Ingolstadt, 30 km lenger ned Donau.[32]

Med styrkane til Eugene i Höchstädt på nordsida av Donau og Marlborough ved Rain på sørsida, diskuterte Tallard og kurfyrsten kva dei skulle gjere no. Tallard ønskte å avvente, etterfylle med forsynignar og la felttoget til Marlborough flytte seg rundt i dei kaldare vekene på hausten. Kurfyrsten og Marsin, som no hadde fått forsterkingar, ønskte å presse på. Dei franske og bayerske kommandantane vart til slutt samde om å ein plan og avgjorde å gå til åtak på den mindre styrken til Eugene. Den 9. august byrja den fransk-bayerske styrken å krysse over til nordsida av Donau.[33]

Den 10. august sendte Eugene ei hastemelding om at han fall attende til Donauwörth – «Fienden har marsjert. Det er nesten sikkert at heile armeen kryssar Donau ved Lauingen … slettene ved Dillingen er fylt med soldatar … alt, milord, går no ut på snøggleik og at du straks set av stad og møter meg i morgon, elles fryktar eg at det er for seint.» Ved hjelp ei rekkje briljante forflyttingar flytta Marlborough styrkane til Donauwörth og ved middagstid den 11. august hadde dei slått seg saman.[34]

I løpet av 11. august pressa Tallard fram frå elvekryssinga ved Dillingen; den 12. august slo den fransk-bayerske styrken leir bak den vesle elva Nebel nær landsbyen Blenheim på sletta ved Höchstädt. Same dagen rekognoserte Marlborough og Eugene sjølv dei franske stillingane frå kyrkjetårnet i Tapfheim, og flytta dei samla styrkane sine til Münster – 8 km frå den franske leiren. Ei fransk rekognosering under Marquis de Silly kom for å granske fienden, men vart driven bort av allierte styrkar som var sett i stilling for å dekkje fortroppane til den framrykkande armeen, som arbeidde med å leggje bruer over dei mange elvane i området og utbetre passasjen vestover til Höchstädt.[35] Marlborough flytta raskt to brigader fram under general Wilkes og brigadegeneral for å sikre den smale stripa med land mellom Donau og den skogkledde åsen Fuchsberg, ved Schwenningen-kløfta.[36]

Tallard hadde ein arme på 56 000 mann og 90 kanonar, armeen til Storalliansen, 52 000 mann og 66 kanonar. Somme av dei allierte offiserane som var klar over den større fienden og den sterke forsvarsstillinga deira, vågde å protestere til Marlborough om farane ved eit åtak, men hertugen var bestemt - «eg kjenner til faren, men eit slag er likevel absolutt naudsynt, og eg stoler på motet og disiplinen i soldatane, som vil gjere opp for bakdelane våre.»[36] Marlborough og Eugene valte å risikere alt og vart samde om å gå til åtak dagen etter.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Slagmarka[endre | endre wikiteksten]

Slagmarka strekte seg nesten 6 km. Heilt til høgre var den fransk-bayerske armeen dekt av Donau, og heilt til venstre låg dei furukledde åsane i Schwabiske Jura. Ei lita elv, Nebel (med myrlendte breidde på kvar side) låg føre den franske linja. Den franske høgreflanken kvilte mot landsbyen Blenheim, nær der Nebel munna ut i Donau. Sjølve landsbyen var omringa av hekkar, gjerder, lukka hagar og enger. Mellom Blenheim og den neste landsbyen, Oberglauheim, hadde kornåkrane vorte slått og var no ideelle for å setje ut soldatar. Frå Oberglauheim til den neste grenda Lutzingen bestod terrenget av grøfter, kratt og klunger som potensielt var vanskeleg terreng for angriparane.[37]

Første manøvrer[endre | endre wikiteksten]

Stillinga til styrkane midt på dagen den 13. august. Marlborough tok kontroll over venstreflanken til dei allierte styrkane og gjekk til ågak på Blenheim og Oberglauheim, medan Eugene kommanderte den høgre med åtak på Lutzingen.

Kl. 0200 den 13. august vart 40 skvadronar sendt framover mot fienden. Kl. 0300 følgde hovudstyrken til dei allierte i åtte kolonnar over Kessel. Kring 0600 nådde dei Schwenningen, 3 km frå Blenheim. Dei engelske og tyske soldatane som hadde halde Schwenningen gjennom natta vart med i marsjen vidare som ei niande kolonne på venstresida av armeen. Marlborough og Eugene la ned dei siste planane sine. Dei allierte kommandantane vart samde om at Marlborough skulle kommandere 36 000 soldatar og angripe styrken til Tallard på 33 000 på venstresida (og ta landsbyen Blenheim), medan Eugene skulle kommandere 16 000 mann og angripe den samla styrken til kurfyrsten og Marsin på 23 000 soldatar på høgresida. Om dette åtaket vart pressa hardt, ville ikkje kurfyrsten og Marsin ha soldatar som kunne hjelpe Tallard på høgresida.[38] Generalløytnant John Cutts gjekk til åtak på Blenheim i samordning med åtaket til Eugene. Med dei franske flankane opptekne, skulle Marlborough så krysse Nebel og gje det endelege slaget til det franske senteret. Marlborough måtte derimot vente til Eugene var i stilling før hovudkampen kunne starte.

For Tallard var det siste han venta denne morgonen eit åtak frå dei allierte - han var lurt av informasjonen han hadde fått frå fangane til de Silly dagen før, og var sikker på at han hadde ei sterk naturleg stilling. Tallard og kollegaene hans var overtydde om at Marlborough og Eugene var i ferd med å trekkje seg attende nordaustover mot Nördlingen.[39] Tallard skreiv i ein rapport om dette til kong Ludvig denne morgonen, men ikkje før han hadde sendt ut sendebodet, så nærma den allierte armeen seg leiren hans. «Eg kunne sjå fienden rykke fram stadig nærare i ni store kolonnar», skreiv Mérode-Westerloo, « ... dei fylte heile sletta frå Donau til skogen i horisonten.»[40] Kanonar vart avfyrte for å bringe dei franske og bayerske soldatane og vaktene i stilling for å møte denne uventa trugselen.

Kring 0800 opna det franske artilleriet på høgreflanken deira eld, og vart svart med batteriet til oberst Blood.[41] Kanonane vart høyrt av Baden frå leiren hans føre Ingolstadt, «Prinsen og hertugen er i kamp i dag i vest», skreiv han til keisaren, «Gud vere med dei».[42] Ein time seinare klatra Tallard, kurfyrsten og Marsin opp i kyrkjetårnet i Blenheim for å legge dei siste planane sine. Dei kom fram til at kurfyrsten og Marsin skulle halde fronten frå åsane til Oberglauheim, medan Tallard skulle forsvare området mellom Oberglauheim og Donau. Dei franske kommandantane var derimot delte i korleis dei skulle utnytte Nebel: Taktikken til Tallard - mot viljen til Marsin og kurfyrsten som følte det var betre å ha infanteriet nær sjølve elva - var å lure dei allierte til å krysse før dei sendte kavaleriet mot dei, og skape panikk og forvirring, medan fienden kjempa i myrene, og så vart fanga i krysselden mellom Blenheim og Oberglauheim. Planen var sterk om alle delane av han vart utførte, men det tillet Marlborough å krysse Nebel utan særleg samanstøyt og kjempe slaget han hadde tenkt ut.[43]

Oppmarsjen[endre | endre wikiteksten]

Dei fransk-bayerske kommandantane førte styrkane sine i stilling. I landsbyen Lutzingen sette grev Maffei fem bayerske bataljonar med eit stort batteri på 16 kanonar ved utkanten av landsbyen. I skogen til venstre for Lutzingen vart det sett ut sju franske bataljonar under marki de Rozel. Mellom Lutzingen og Oberglauheim plasserte kurfyrsten 27 kavaleriskavdronar - grev d'Arco kommanderte 14 bayerske skvadronar og grev Wolframsdorf hadde 13 i tillegg som støtte i nærleiken. Til høgre for dei stod Marsin sine 40 franske skvadronar og 12 bataljonar. Landsbyen Oberglauheim var fylt med 14 bataljonar kommandert av marki de Blainville (inkludert den effektive irske brigaden kalla 'Villgjessene'). Seks kanonbatteri vart plassert langs landsbyen.[44] Til høgre for desse franske og bayerske stillingane, mellom Oberglauheim og Blenheim, sette Tallard 64 franske og wallonske skvadronar i stilling (16 frå Marsin) med støtte av ni franske bataljonar som stod nær Höchstädt-vegen. I kornåkeren ved sidan av Blenheim stod tre bataljonar frå Regiment de Roi. Ni bataljonar okkuperte sjølve landsbyen, kommandert av marki de Clérambault. Fire bataljonar stod bak og i tillegg var det 11 i reserve. Desse bataljonane var støtta av 12 dragonskvadronar under Hautefeuille.[44] Kl. 11:00 var Tallard, kurfyrsten og Marsin på plass. Mange av dei allierte generalane var motvillige til å angripe ei så relativt sterk stilling. Jarlen av Orknøyane vedgjekk seinare at, «hadde det vore opp til meg, så hadde eg vore i mot det.».[45]

Prins Eugene var venta å vere i stilling til kl. 11:00, men på grunn av det vanskelege terrenget og eld frå fienden, gjekk det sakte på fram.[46] Kolonnen til Lord Cutts - som fram til kl. 10:00 hadde drive fienden bort frå to vassmøller ved Nebel – var alt i stilling ved elva mot Blenheim, og måtte dei neste tre timane stå i mot kraftig eld frå eit batteri på seks kanonar nær landsbyen. Resten av armeen til Marlborough venta i rekkjene sine i bakken føre, og vart og bombardert av det franske artilleriet, og tapte 2000 mann før åtaket hadde starta.[47] Samstundes reparerte ingeniørane ei steinbru over Nebel, og bygde i tillegg fem bruer eller vegfyllingar over myrene mellom Blenheim og Oberglauheim. Marlborough kom til ro då han endeleg, like etter 12:00 fekk melding frå oberst Cadogan om at det prøyssiske og danske infanteriet til Eugene var på plass og ordren for framrykking vart gjeven. Kl. 13:00 gav Cutts ordre om å angripe landsbyen Blenheim, medan prins Eugene gjekk til åtak på Lutzingen på den allierte høgreflanken.[48]

Blenheim[endre | endre wikiteksten]

Del av slaget ved Blenheim-veggteppet i Blenheim-palasset av Judocus de Vos. I bakgrunnen er landsbyen Blenheim; i midten er to vassmøller som Rowe måtte ta for å få eit bruhovud over Nebel. Framme ser ein engelsk grenader som tar eit fransk flagg.

Cutts gav ordre til brigadegeneral Archibald Rowe om å angripe. Det engelske infanteriet steig fram frå Nebel, og marsjerte roleg mot Blenheim, ein distanse på 130 meter. Den engelske brigaden til John Ferguson støtta Rowe til venstre og flytta seg i perfekt orden mot barrikadane mellom landsbyen og elva, forsvart av dragonane til Hautefeuille. Då avstanden var kring 30 meter avfyrte franskmennene ein dødeleg geværsalve. Rowe hadde gjeve ordre om at det ikkje skulle avfyrast skot før han hadde slått sverdet sitt på palisadane, men då han steig framover for å gje signalet fall han død om.[49] Dei overlevande av det leiande kompaniet fylte gapet i rekkjene og storma framover. Små parti kom seg gjennom forsvaret, men mange geværsalvar frå franskmennene tvinga engelskmennene attende til Nebel med store tap. Då åtaket vakla, gjekk åtte skvadronar av Gens d'Armes, kommandert av den erfarne sveitsiske offiseren Beat-Jacques von Zurlauben, til åtak på dei engelske soldatane, og slo til mot den eksponerte flanken til regimentet til Rowe.[50] Wilkes sin hessiske brigade som låg i nærleiken i det myrlendte graset ved vasskanten, stod fast og slo attende Gens d'Armes med jamn eld, og engelskmennene og hessarane kom seg i orden att og gjekk til åtak på ny.[51]

Sjølv om dei allierte igjen vart drivne attende, gav dei vedvarande åtaka på Blenheim til slutt resultat, og Clérambault fekk panikk og gjorde den verste feilen for franskmennene den dagen.[52] Utan å rådspørre Tallard gav Clérambault resevebataljonane ordre om å dra inn i landsbyen. Dette øydela balansen til den franske stillinga og oppheva den talmessige fordelen til franskmennene. «Mennene stod så tett inntil kvarandre», skreiv Mérode-Westerloo, «at dei kunne ikkje ein gong skyte - heller ikkje motta eller utføre ordrar».[52] Marlborough oppdaga denne feilen og tilbakekalla no det tredje åtaket til Cutt, og gav han ordre om å rett og slett halde fienden inne i Blenheim. Ikkje meir enn 5 000 allierte soldatar klarte å halde dobbelt så mange franske infanteristar og dragonar innesperra i landsbyen.[53]

Lutzingen[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke for slaget ved Blenheim 1704, Lutzingen, Tyskland.

På den allierte hgøresida kjempa Eugene sine prøyssiske og danske styrkar ein desperat kamp mot dei langt større styrkane til kurfyrsten og Marsin. Fyrsten av Anhalt-Dessau leia framover fire brigadar over Neben for å angripe den godt forskansa stillinga i Lutzingen. Her var Nebel eit mindre hinder, men det store batteriet ved utkanten av landsbyen hadde ei god slette dei kunne skyte mot fram til grenda Schwennenbach. Så snart infanteriet kryssa elva, var dei råka av infanteriet til Maffei, og salvar frå dei bayerske kanonane både føre landsbyen og i flankebeskytninga i skoglinja til høgre. Trass i store tap, prøvde prøyssarane å storme det store batteriet, medan danskane, under grev Scholten, prøvde å drive det franske infanteriet ut av krattskogen bakom landsbyen.[54]

Med infanteriet i full kamp, kom kavaleriet til Eugene seg over Nebel. Etter suksess i starten, vart den første linja i kavaleriet hans, under general prins Maximilian av Hannover, pressa av den andre linja til kavaleriet til Marsin, og vart tvungen tilbake over Nebel i uorden. Likevel klarte ikkje dei utslitne franskmennene å følgje opp denne fordelen, og dei to kavaleria prøvde å omgruppere seg og få orden i rekkene att.[55] Men utan støtte frå kavaleriet, og med trugselen om å verte omringa, vart det prøyssiske og danske infanteriet så tvungen til å trekkje seg attende over Nebel. Somme av soldatane til Eugene vart gripen av panikk då dei kryssa elva. Ti faner vart tapt til bayerane og fleire hundre vart tekne til fange. Det var berre leiarskapen til Eugene og den prøyssiske prinsen som hindra keisarinfanteriet i å rømme slagmarka.[56]

Etter å ha kalla saman soldatane sine nær Schwennenbach – langt bak utgangspunktet sitt - gjorde Eugene seg klar for eit nytt åtak, leia av skvadronane frå den andre linja under hertugen av Württemberg-Teck. Igjen vart dei fanga i krysselden frå artilleriet i Lutzingen og Oberglauheim, og igjen vart dei kasta tilbake i uorden. Franskmennene og bayerane var derimot i nesten like stor uorden, og dei trengde òg inspirasjon frå kommandanten sin, kurfyrsten, som vart sett - «ridande opp og ned og inspirerte mennene sine med friskt mot»[57] Det danske og prøyssiske infanteriet til Anhalt-Dessau gjekk til åtak ein andre gong, men klarte ikkje å rykke langt nok fram utan skikkeleg støtte. Nok ein gong ldei tilbake til andre sida av elva.

Senteret og Oberglauheim[endre | endre wikiteksten]

Marskalk Tallard (1652–1728). Han burde ikkje lete Clérambault nytte det meste av infanteriet på den franske høgreflanken i Blenheim, slik at han mangla infanteristøtte der han trong det mest.

Medan desse hendingane rundt Blenheim og Lutzingen fann stad, gjorde Marlborough seg klar til å krysse Nebel. Senteret, kommandert av broren til hertugen, general Charles Churchill, bestod av 18 infanteribataljonar arrangert i to linjer: sju bataljonar i frontlinja for å sikre eit fotfeste over Nebel, og 11 bataljonar bak for å gje dekning frå den allierte sida av elva. Mellom infanteriet vart det plassert to linjer, 72 kavaleriskvadronar. Den første linja med infanteristar skulle passere elva først og marsjere så langt til den andre sida som det gjekk an. Denne linja ville så forme og dekke passasjen til hestane, og lage hol i linja som kavaleriet kunne passere gjennom for å ta stilling i front.

Marlborough gav ordre om å rykke framover. Igjen gjekk Zurlauben sine Gens d'Armes til åtak, og prøvde å fjerne det engelske kavaleriet til Lumley, som knytte kolonnen til Cutts mot Blenheim med infanteriet til Churchill, heilt. Då dette franske elitekavaleriet gjekk til åtak, møtte dei fem engelske skvadronar under oberst Francis Palmes. Til stor skrekk for franskmennene vart Gens d'Armes pressa tilbake i stor uorden, og vart forfølgd langt forbi elva Maulweyer som rann gjennom Blenheim.[58] «Kva? Er det mogeleg?» skal kurfyrsten ha ropt ut, «gentlemennene frå Frankrike flyktar?»[59] Palmes prøvde å følgje opp suksessen, men vart pressa attende i noko uorden av andre franske kavaleri, og musketteld frå kanten av Blenheim.[58]

Likevel var Tallard skremd av at elitekavalieret hans vart driven attende og reid straks over sletta for å bed Marsin om forsterkingar, men sidan han var hardt pressa av Eugene, som no gjekk til åtak for fullt, nekta Marsin.[60] Medan Tallard snakka med Marsin, vart meir av infanteriet hans henta inn i Blenheim av Clérambault. Tallard var klar over situasjonen, men gjorde ingenting for å rett opp det grove mistaket, og han hadde berre ni infanteribataljonar att nær Höchstädt-vegen til å møte dei store massane av fiendtlege soldatar i senteret.[60] Zurlauben prøvde fleire gonger å splitte opp dei allierte som kom i stilling på sida til Tallard av elva. Kavaleriet hans i frontlinja styrta framover ned ein slak bakke mot Nebel, men åtaka mangla koordinasjon, og dei stadige geværsalvane frå dei allierte infanteristane førte dei franske kavaleristane ut av fatning.[61] Under desse småtrefningane vart Zurlauben dødeleg skadd og døydde to dagar seinare. Klokka var no like etter 15:00.

Dei allierte går til åtak på Oberglauheim.

Det danske kavaleriet, under hertugen av Württemberg-Öels (må ikkje forvekslast med hertugen av Württemberg som kjempa med Eugene), hadde kome seg langsamt over Nebel nær Oberglau; stadig forstyrra av infanteriet til Marsin nær landsbyen. Danskane vart driven tilbake til andre sida av elva. Det nederlandske infanteriet til grev Horn klarte å presse franskmennene attende frå vasskanten, men det vart tydeleg at før Marlborough kunne setje i gang hovudåtaket sitt mot Tallard, så måtte Oberglauheim først sikrast.

Grev Horn beordra prinsen av Holstein-Beck til å ta landsbyen, men dei to nederlandske brigadane hans vart slått ned av dei franske og irske styrkane, som tok og dødeleg skadde prinsen under handlinga.[62] Slaget var no i balanse. Om den nederlandske kolonnen til Holstein-Beck vart øydelagd, ville den allierte armeen bli splitta i to: Flanken til Eugene ville vere isolert frå Marlborough, og den fransk-bayerske styrken ville fått overtaket på heile sletta.[63] Marsin såg høvet og gav kavaleriet sitt ordre om å snu bort frå Eugene og mot høgresida si og den opne flanken til infanteriet til Churchill som trekte opp føre Unterglau. Marlborough (som hadde kryssa Nebel på ei mellombels bru for personleg å ta kontroll) gav dei hannoveranske bataljonane til Hulsen om å støtte det nederlandske infanteriet. Ein nederlandsk kavaleribrigade under Averock vart òg kalla fram, men vart kom raskt under press frå dei fleirtalige skvadronane til Marsin.

Marlborough bad no Eugene om å sleppe laus grev Hendrick Fugger og kyrasérbrigaden hans til å drive attende det franske kavaleriåtaket. Trass i hans eigen desperate kamp, gjorde Eugene straks som han fekk ordre om og synte stor sjølvtillit og god samhandling mellom dei to generalane.[64] Sjølv om Nebel låg mellom skvadronane til Fugger og Marsin, vart franskmennene tvungne til å endre front for å møte denne nye trugselen, og kom sjansen til Marsin til å slå til mot infanteriet til Marlborough i forkjøpet.[65] Kyrasérane til Fugger gjekk til åtak og slo til frå ein gunstig vinkel, og pressa skvadronane til Marsin attende i uorden.[66] Med støtte frå batteria til oberst Blood, klarte dei hessiske, hannoveranske og nederlanske infanteristane - no kommandert av grev Berensdorf – å presse det franske og irske infanteriet attende til Oberglauheim slik at dei ikkje igjen kunne truge flanken til Churchill når han rykte fram mot Tallard. Den franske kommandanten i landsbyen, markien de Blainville, tok i mot store tap.[67]

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Gjennombrot: Stillinga i slaget ved 17:30.

Kl. 16:00, med dei fiendtlege soldatane kringsett i Blenheim og Oberglau, var det allierte senteret med 81 skvadronar (ni skvadronar frå kolonnen til Cutts), støtta av 18 bataljonar, godt planta midt mot den franske linja på 64 skvadronar og ni bataljonar med ferske rekruttar. Det vart no ein pause i slaget: Marlborough ønskte eit samla åtak på heile fronten, og Eugene, etter å ha vorte pressa attende for andre gong, trengde tid til å organisere seg.[68]

Like etter 17:00 var alt klart langs den allierte fronten. Dei to kavalerilinjene til Marlborough hadde no flytta til fronten til hertugen, med to infanterirekkjer bak dei i støtte. Mérode-Westerloo prøvde å frigjere nokre franske infanteristar frå Blenheim, men Clérambault gav soldatane ordre om å trekkje attende til landsbyen. Det franske kavaleriet sette igjen press på den første rekkja - engelskmennene og skottane til Lumley på den allierte venstreflanken, og nederlendarane til Hompesch og dei tyske skvadronane på den allierte høgresida. Skvadronane til Tallard, som mangla infanteristøtte, var trøytte og slitne, men klarte å presse den allierte førsterekkja tilbake til infanteristøtta. Slaget var enno ikkje vunne, og Marlborough måtte irettesette ein av kavalerioffiserane sine som prøvde å forlate feltet - «Sir, du tar feil, fienden er den vegen …»[69] Hertugen kommanderte no den andre allierte rekkja under von Bulow og greven av Ost-Friese framover, og dreiv gjennom senteret slik at dei slitne hestane til Tallard til slutt bukka under. Med kavaleriet sitt i vill flukt, kjempa dei gjenverande ni franske infanteribataljonane med desperat mot og prøvde å danne eit kvadrat.[69] Men det var fånyttes. Dei franske bataljonane vart overvelda av artillerielden til oberst Blood, som var like i nærleiken.[69]

Mesteparten av dei tilbaketrekkane soldatane til Tallard for mot Höchstädt, men dei fleste kom seg ikkje trygt fram, og kasta seg i staden ut i Donau, der opp mot 3000 franske kavaleristar drukna;[70] andre vart slått ned av kavaleriet som følgde etter. Marki de Gruignan prøvde eit motåtak, men vart lett slått bort av dei triumferande allierte. Etter ei siste samling bak leirtelta trygla marskalk Tallard soldatane sine om å bli verande og kjempe, før han overgav seg til oberstløytnant de Boinenburg, prinsen av Hessen-Kassel sin adjutant og vart sendt med eskorte til Marlborough.[71] Hertugen ønska den franske kommandanten velkomen - «eg er særs lei meg for at ei så stor ulukke har fall på ein soldat som eg aktar så høgt». Med honnør og høflegheiter vart marskalken eskortert til vogna til Marlborough.[72]

Blenheim fell[endre | endre wikiteksten]

Samstundes hadde dei allierte igjen byrja å angripe den bayerske skansen i Lutzingen. Eugene irriterte seg over framferda til det keisarlege kavaleriet som mislukkast igjen med det tredje åtaket. Han hadde alt skote to av soldatane sine for å hindre ei generell flukt. Han ropte så ut at han ønskte «å kjempe blant modige menn, ikkje blant feigingar», før han gjekk inn i åtaket med det prøyssiske og danske infanteriet, og det same gjorde Dessauer, som veifta med fanen til regimentet for å inspirere soldatane sine.[73] Denne gongen klarte prøyssarane å storme det store bayerske batteriet og ta kanonmannskapet.[74] Bakom landsbyen klarte danskane til Scholten å slå det franske infanteriet i ein desperat bajonettkamp mann mot mann.[75] Då dei såg at senteret hadde brote saman, valte kurfyrsten og Marsin å avgjere slaget som tapt og, som med restane av armeen til Tallard, flykta dei frå slagmarka (men i betre orden enn mennene til Tallard). Forsøk på å organisere ein alliert styrke for å hindre Marsin i å trekkje seg ut vart mislukka fordi kavaleriet var utslitne og uordenen på slagmarka var aukande.

Marlborough såg no bort frå den flyktande fienden og fekk Churchill til å sende meir infanteri til å storme Blenheim. Infanteriet til jarlen av Orknøyane, den engelske brigaden til Hamilton og hannovarane til St. Paul flytta seg over åkrane til husa. I ein hard mann-mot-mann-kamp vart franskmennene gradvis tvungen til sentrum av landsbyen, i og rundt ein oppmurt kyrkjegard som var sett opp som ein del av forsvaret. Hay og Ross sendte òg dragonar, men leid under eit motåtak frå regimenta til Artois og Provence under oberst de la Silvière. Hannovarane til oberst Belville vart sett ut i kampen for å kompensere for tapet dragonane, og gjekk til åtak nok ein gong. Framgangen til dei allierte var langsam og hard, og som forsvararane leid dei store tap.[76]

Diorama av slaget i museet i Höchstädt. I midten bryt det allierte kavaleriet gjennom, og pressar skvadronane til Tallard bort frå slagmarka. I framgrunnen ser ein dei harde kampane i og rundt Blenheim.

Mange av husa var no i brann, og gjorde sikta vanskeleg og dreiv dei forsvarande styrkane ut av stillingane sine. Tallard høyrte larmen frå slaget i Blenheim, og sende Marlborough ei melding om å tilby garnisonen høvet til å trekkje seg frå slagmarka. Hertugen svarte: «Informert monsieur Tallard om at han ikkje har noko kommando i den stillinga han er i no.»[77] Då skumringa kom, ønskte likevel den allierte kommandanten ei rask løysing. Det franske infanteriet kjempa hardt for å halde stillinga si i Blenheim, men kommandanten deira var ikkje å finne. At Clérambault insisterte på å halde den store styrken sin i landsbyen forsegla lagnaden hans den dagen.[78] Han forstod at den taktiske feilen hans hadde medverka til at Tallard tapte senteret, og han rømde derfor frå Blenheim og dei 27 bataljonane som forsvarte landsbyen og drukna visstnok i Donau då han prøvde å kome seg over.

No var Blenheim under åtak frå alle kantar av tre engelske generalar: Cutts, Churchill og Orkney. Franskmennene hadde drive attende kvart åtak med stor nedslakting, men mange hadde sett kva som skjedde på sletta og kva konsekvensane for dei kunne bli.[79] Orkney gjekk til åtak frå baksida og prøvde no ein ny taktikk – «… eg kom på at eg forslå forhandling», skreiv han seinare, «noko dei aksepterte og brigaderen de Nouville kapitulerte umiddelbart for meg og dei la ned våpna». Truga av allierte kanonar, følgde andre einingar etter. Det var først kl. 21:00 at marki de Blanzac, som hadde teke over då Clérambault var borte, at han motvillig aksepterte det uunngåelege nederlaget, og om lag 10 000 av dei beste infanteristane i Frankrike la ned våpna sine.[80]

Marlborough var no framleis i sadelen og leia forfølginga av den slåtte fienden. Han tok ein liten pause og noterte noko på baksida av ein gammal kro-rekning til kona si, Sarah: «Eg har ikkje tid til å sei anna enn å bed deg vitje dronninga for meg og la ho få vite at armeen hennar har vunne ein ærerik siger».[81]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Dei franske tapa var enorme: over 30 000 drepne, skadde eller sakna.[82] I tillegg var myta om at franskmennene var uovervinnelege knust og håpet til Ludvig om ein tidleg siger i krigen var borte.[82] Mérode-Westerloo oppsummerte slaget: «Franskmennene tapte dette slaget av fleire årsaker. For det første var dei for sikre på sin eigen dugleik … fordelinga deira på slagmarka var feil, og i tillegg var soldatane udisiplinerte og uerfarne … alt dette medverka til at slaget vart tapt.»[83] Slaget vart langvarig og hardt og prins Eugene sa - «eg har ikkje ein skvadron eller bataljon som ikkje gjekk til åtak minst fire gonger»[84] Slaget ved Blenheim var truleg den mest avgjerande sigeren i krigen: Marlborough og Eugene, som arbeidde udeleleg i lag, hadde redda det habsburgske riket og dermed hindra at Storalliansen vart oppløyst.[85] München, Augsburg, Ingolstadt, Ulm og alle dei gjenverande områda i Bayern fall snart til dei allierte. Med Ilbersheim-traktaten, signert den 7. november 1704 vart Bayern plassert under austerriksk militærstyre, slik at habsburgarane kunne nytta ressursane sine andre stader i krigen.[86]

Restane av styrken til kurfyrsten av Bayern og marskalk Marsin halta seg attende til Strasbourg, og tapte ytterlegare 7 000 mann som deserterte.[83] Trass i at han fekk høvet til å halde fram som herskar av Bayern (under strenge vilkår i ein allianse med Austerrike), forlet kurfyrsten familien og landet sitt for å halde fram krigen mot dei allierte frå Dei spanske Nederlanda, der han framleis hadde stillinga som generalguvernør. Øvstkommanderande den dagen, marskalk Tallard – som i motsetnad til sine underordna ikkje vart løyst ut eller bytta - vart teken til England og sett i fengsel i Nottingham fram til han vart sleppt fri i 1711.[87]

Felttoget i 1704 var mykje lengre enn det som var vanleg, sidan dei allierte prøvde å få så stor fordel som mogeleg. Eugene, Marlborough og Baden møttest for å planlegge det neste trekket sitt då dei skjønte at Frankrike var for mektig til at ein enkelt siger skulle tvinge fram ein fredsavtale. For året etter foreslo hertugen eit felttoget lands dalen til elva Moselle for å føre krigen djupt inn i Frankrike. Dette kravde at dei måtte ta den store festninga i Landau som vakta Rhinen, samt byane Trier og Trarbach ved sjølve Moselle.[87] Trier vart teken 26. oktober og Landau fall 23. november til markgreven av Baden og prins Eugene; før Trarbach fall den 20. desember og felttoget i 1704 var over.

Portrett av hertugen av Marlborough av Adriaen van der Werff (desember 1704) Uffizi

Marlborough vart invitert til Amsterdam og kom fram den 10. desember. Abraham Storck gjorde eit måleri av han medan han var der. Han møtte borgarmeisteren Nicolaes Witsen og budde i huset hans i Gouden Bocht. To dagar seinare reiste han til Haag og møtte Anthonie Heinsius og Simon van Slingelandt. Om ettermiddagen reiste han til Rotterdam og let seg måle av Adriaen van der Werff.[88] Han kom attende til England og vart hylla av dronning Anne og skreiv den 21. desember 1704jul./ 1. januar 1705greg. eit brev til Heinsius. Dei første dagane av januar vart dei 110 kavalerifanene og 128 infanterifanene som vart teken under slaget ført i ein prosesjon til Westminster Hall.[89] Men det skulle kome meir. I februar 1705 gav dronning Anne, som hadde gjort Marlborough til hertug i 1702, han Woodstock-parken og ein sum på £240 000 for å bygje huset som ei gåve frå den takknemmelege krona etter sigeren hans- ein siger som i følgje den britiske historikaren Sir Edward Creasy vert rekna som eit av dei største slaga i historia, og skreiv - «hadde det ikkje vore for Blenheim, ville me i dag lidd under effektane av den franske erobringa på liknande vis som erobringane til Aleksander og romarane[90]

I dag er Blenheimpalasset er eit av få britiske residensar som vert kalla eit «palass» som ikkje høyrer til dei kongelege. Det er framleis setet for hertugen av f Marlborough.

Kulturelle referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Slaget ved Blenheim ved Wikisource.

  1. Landsbyen Blindheim (Blenheim på engelsk) ligg ved Donau, 16 km sørvest for Donauwörth i Bayern, Sør-Tyskland.
  2. Weighley: The Age of Battles: The Quest for Decisive Warfare from Breitenfeld to Waterloo, s. 87
  3. Statistics taken from Chandler and Falkner. Some sources put the Allied strength at 56 000 and the Franco-Bayernn forces at 60 000. NOTE: The number of squadrons and battalions within each army differs depending on the source.
  4. 4,0 4,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 124
  5. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 285
  6. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 125
  7. Stollhofen-linjene er ei rekkje militærpostar for forsvaret av Rhindalen. Linejne låg 35 km mellom Stollhofen, ein liten landsby ved Rhinen og Schwarzwald. Barrieren vart sett opp for å stoppe franskmenenne frå å marsjere ned Rhinen frå Strasbourg.
  8. 8,0 8,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 127
  9. 9,0 9,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 128.
  10. Falkner: Blenheim 1704, s. 19
  11. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 129. Barnett og Coxe skriv 45 skvadronar og 36 bataljonar.
  12. Falkner: Blenheim 1704, s. 20. Falkner skriv 8 000
  13. Falkner: Blenheim 1704, s. 20, sjølv om Chandler s. 131 skriv at mange menn deserterte under reisa.
  14. Tincey: Blenheim 1704: The Duke of Marlborough's Masterpiece, s. 31
  15. Falkner: Blenheim 1704, s. 22
  16. Barnett: Marlborough, s. 89
  17. 17,0 17,1 17,2 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 129
  18. Barnett: Marlborough, s. 91
  19. Falkner: Blenheim 1704, s. 23
  20. Falkner: Blenheim 1704, s. 25. Eugene hadde tvil om Baden var til å stole på, for han var nær ven av kurfyrsten av Bayern. Det var mistanke om at Baden i løyndom korresponderte med den gamle venen.
  21. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 132
  22. 22,0 22,1 22,2 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 133
  23. Lynn s. 287. Lynn skriv at marsjfarten ikkje var spesiell rask for perioden, 12 km per dag. Det som utmerker seg er den totale distansen og og den gode forma til soldatane då dei kom fram.
  24. 24,0 24,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 131. Dei allierte marsjerte ikkje utan tap. Fransk spionar rapporterte om at 900 sjuke vart verande att i Kassel.
  25. Falkner: Blenheim 1704, s. 26
  26. Falkner: Blenheim 1704, s. 40
  27. 27,0 27,1 Henderson: Prince Eugen of Savoy, s. 103
  28. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 139
  29. Falkner: Blenheim 1704, s. 41
  30. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, s. 215
  31. Falkner: Blenheim 1704, s. 44. Lynn skriv at Tallard nådde Augsburg den 3. august.
  32. Holmes: Marlborough: England's Fragile Genius s. 279. Mange historikarar hevdar (som Mérode-Westerloo på denne tida) at dette vart gjort for å får den brysame markgreven ut av vegen. Marlborough hadde derimot forsikra Heinsius om at kringsetjinga var hadde meining, og det finst ikkje bevis på at dei ville ha han bort.
  33. Falkner: Blenheim 1704, s. 47
  34. Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 141
  35. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 842. Franskmennene tok fire fangar. Under avhøyr sa dei at heile den allierte armeen skulle mot Nördlingen morgonen etter.
  36. 36,0 36,1 Coxe: Memoirs of the Duke of Marlborough: vol.i. s. 188
  37. Barnett: Marlborough, s. 106
  38. Falkner: Blenheim 1704, s. 57
  39. Barnett: Marlborough, s. 108. Fleire kjelder (Churchill, Chandler) indikerer at Marlborough hadde planta dette «beviset» hos Tallard.
  40. Barnett: Marlborough, s. 109
  41. Churchill skriv 08:30
  42. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 848
  43. Falkner: Blenheim 1704, s. 58
  44. 44,0 44,1 Falkner: Blenheim 1704, s. 61
  45. Falkner: Blenheim 1704, s. 62
  46. Falkner: Blenheim 1704, s. 63
  47. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 852
  48. Falkner: Blenheim 1704, s. 66
  49. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 853. To av offiserane til Rowe vart drepne då dei prøvde å bere han bort: Oberstløytnant Dalyell og major Campbell.
  50. Churchill og Coxe skriv berre tre skvadronar med Gens d'Armes.
  51. Falkner: Blenheim 1704, s. 68
  52. 52,0 52,1 Chandler: A Guide to the Battlefields of Europe, s. 145
  53. Falkner: Blenheim 1704, s. 70
  54. Falkner: Blenheim 1704, s. 71
  55. Tincey: Blenheim 1704: The Duke of Marlborough's Masterpiece, s. 67
  56. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, s. 268
  57. Falkner: Blenheim 1704, s. 73
  58. 58,0 58,1 Falkner: Blenheim 1704, s. 76
  59. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 856
  60. 60,0 60,1 Falkner: Blenheim 1704, s. 77
  61. Falkner: Blenheim 1704, s. 78
  62. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, s. 264
  63. Falkner: Blenheim 1704, s. 80. Tallard sa seinare – «I denne augneblinken såg eg eit håp om siger»
  64. Chandler: A Guide to the Battlefields of Europe, s. 161
  65. Falkner: Blenheim 1704, s. 81
  66. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 858
  67. Falkner: Blenheim 1704, s. 82
  68. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 860
  69. 69,0 69,1 69,2 Falkner: Blenheim 1704, s. 86
  70. Churchill skriv opp mot 2 000
  71. Tincey: Blenheim 1704: The Duke of Marlborough's Masterpiece, s. 85
  72. Falkner: Blenheim 1704, s. 90
  73. McKay: Prince Eugene of Savoy, s. 86
  74. Falkner: Blenheim 1704, s. 91
  75. Det danske infanteriet tapte 2401 menn i kampane i skogen bak Lutzingen (Falkner)
  76. Falkner: Blenheim 1704, s. 95
  77. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 865
  78. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, s. 291
  79. Churchill: Marlborough: His Life and Times, s. 867
  80. Falkner: Blenheim 1704, s. 98
  81. Barnett: Marlborough, s. 121
  82. 82,0 82,1 Barnett: Marlborough, s. 122
  83. 83,0 83,1 Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 149
  84. Falkner: Blenheim 1704, s. 103
  85. McKay: Prince Eugene of Savoy, s. 88
  86. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 293
  87. 87,0 87,1 Tincey: Blenheim 1704: The Duke of Marlborough's Masterpiece, s. 88
  88. Hoff, B. van 't (1955) [1]
  89. Churchill skriv 171 kavaleri- og 129 infanterifaner.
  90. Edward Shepherd Creasy, The Fifteen Decisive Battles of the World, 1851
  91. 216. After Blenheim. R. Southey. The Golden Treasury

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Slaget ved Blenheim