Kvit skogfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvit skogfrue


Cephalanthera longifolia 290508a.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Asparagales
Familie: Orchidaceae
Slekt: Cephalanthera
Art: C. longifolia
Vitskapleg namn
Cephalanthera longifolia

Kvit skogfrue er ein plante i marihandfamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Kvit skogfrue er, saman med den nærskylde raud skogfrue, utan tvil av dei mest elegante blomsterplantane i Noreg. Planten står stor og høg, 20-50 cm, med lange sverdforma blad i to rader nedover stengelen. Arten er kjenneteikna med ein lang klase med kvite, halvopne blomstrar med ein gul flekk på leppa, og syner godt att i terrenget. Kvit skogfrue står gjerne i små grupper.

Nærbilde av blomstrar med den gule flekken på underleppa

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten finst frå det sørvestlege Europa og Skandinavia austover til Himalaya.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Arten er først og fremst knytt til kysten, og der til skog og skogkanter på kalkrik, turr og grusete grunn, og helst finn ein planten i skugge eller halvskugge. Hovudtyngda finst langs kysten frå Tvedestrand til Ørland. I tillegg går arten litt inn i landet på Austlandet, med funn i Hurum, Hjartdal og Tokke. I Kvam er kvit skogfrue kommuneblomst. Arten er sjeldsynt her til lands, og derfor totalfreda. Han er og raudlista som nær truga (NT).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]