Kvitkinngås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitkinngås

Status i verda: LC Livskraftig

Foto frå FinlandFoto: Flickr-brukar Andrey
Foto frå Finland
Foto: Flickr-brukar Andrey

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Branta
Art: B. leucopsis
Vitskapleg namn
Branta leucopsis

Kvitkinngås (Branta leucopsis) er ei gås i andefamilien. Ho er ein flyttfugl som hekkar primært i Arktis, men etter 1970-talet òg på enkelte stader i Skandinavia. Kvitkinngåsa er ei kompakt, relativt korthalsa gås med svart, kvit og grå fjørdrakt. Ho hekkar nær kysten og kan leve i mange forskjellige typar av hekkehabitat som fjellskrentar, grasstrender, låge øyar og grunne sandbankar. Føda består av plantemateriale, inkludert vier.

Det spesifikke vitskaplege namnet er avleidd frå gammalgresk leukose som tyder 'kvit' og opsis, som tyder 'andlet'. Arten er ikkje delt inn i underartar. Kvitkinngåsa høyrer til slekta Branta, som inkluderer gjæser karakterisert av svart og kvit fjørdrakt og svarte bein og nebb.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvitkinngåsa er ein mellomstor gåseart, 55-70 cm lang,[1] med eit vengespenn på 130-145 cm og ein kroppsmasse på 1,2 til 2,2 kg.[2][3] Ho har kvitt andlet og svart hovud, nakke og øvre del av brystet. Buken er kvit. Vengene og ryggen er sølvgrå med svart-kvite tverrstriper som kan skine når lyset blir reflektert. Under flyging vil dei syne ein V-forma kvit flekk på overgumpen og sølvgrått på undervengen.

Distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Kvitkinngjæser hekkar hovudsakleg på arktiske øyar i Nord-Atlanteren. Det er tre hovudpopulasjonar, med fråskilte område både for hekking og overvintring. Populasjonane er frå vest til aust:

Ein ny, fjerde bestand er broten ut frå bestanden på Novaya Zemlya, har vorte etablert sidan 1975 med hekking på øyar i Austersjøen innanfor territoria til Estland, Finland, Danmark og Sverige, også desse overvintrar i Nederland. Populasjonen er om lag 8000.

Små mengder av denne arten har hekka langs indre Oslofjorden. Forvilla fuglar, hekkar òg i andre nordeuropeiske land. Nokre gonger har kvitkinngjæser dukka opp i nordaustlege USA eller Canada, men nokre av desse kan vere rømde individ, ettersom det er vanleg å halde kvitkinngjæser i fangenskap.

Økologi, åtferd og livshistorie[endre | endre wikiteksten]

Kvitkinngjæser byggjer ofte reiret høgt oppe i bratte fjellsider som er utilgjengelege for rovdyr, primært polarrev og isbjørn, men òg borte frå mat. Dei kan dessutan hekke ute på øyar og holmar eller fleire kilometer inn frå kysten. Som hos alle andre gjæser, vil nyklekka ungar straks søkje etter føde. Foreldra vil leide dei til vegetasjonsrike beiteområde ved små tjern. Tre dagar gamle ungar kan hoppe utfor avsatsar i fjell og ut i fritt fall; låg kroppsvekt og dunkleding gjer at dei vanlegvis ikkje tar skade om dei treffer steinar nedanfor. Polarreven kan følgje og fange ungar på veg til beiteområda.

Ropet til kvitkinngjæsene er eit einstava ka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soothill, Eric; Whitehead, Peter (1978). Wildfowl of the World. London: Peerage Books. ISBN 0907408389. 
  2. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  3. Ekin, U. (2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitkinngås