Lagasild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagasild

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Muikku2.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Salmoniformes
Familie: Salmonidae
Slekt: Coregonus
Art: C. albula
Vitskapleg namn
Coregonus albula
Lagasild, lågåsild
Norske dialektnamn
Lagesild
Namn på andre språk
Svensk Siklöja
Engelsk Vendace
Tysk Kleine Maräne, Zwergmaräne, Kaisermaräne
Fransk Corégone blanc
Spansk Corégono blanco
Russisk Rjapusjka (Ряпушка), ripus (рипус), kilets (килец)

Lagasild eller lågåsild (Coregonus albula) er ein fisk i laksefamilien. Ho er den norske ferskvassfiskearten som er best tilpassa eit pelagisk levesett, og liknar så mykje på sild at det kan vera vanskeleg å sjå nokon skilnad. Lagasilda har likevel feittfinne mellom rygg- og halefinnen, noko silda manglar.

Arten er utbreidd i nordvestlege delar av Europa til Uralfjella. Som regel finst ho berre i ferskvatn, men finst i brakkvatn i Bottenvika. I Noreg finst ho på Austlandet frå Mjøsa og sørover, i tillegg til spreidde bestandar langs kysten og i Pasvikelva. Ikkje alle bestandane er naturlege.

Namnet heng i samband med elva Lågen.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Lagasilda er ei slank fisk med mørk rygg, blanke sider og kvit buk. Som så mange andre pelagiske plankton-etarar er ho underbitt med tett gjellegitter. Halefinnen er djupt kløfta og skjela er relativt store.

Vanlegvis er lagesilda 20-25 cm lang med ei vekt på om lag 100 g. Individ på opp til 45 cm og 1 kg er likevel kjend.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Lagasild er ein utprega stimfisk som lever pelagisk i innsjøar. Dei lever hovudsakleg av krepsdyrplankton som hoppekreps og vasslopper gjennom heile livet, sjølv om dei òg kan ta ein del klekkande insekt.

Gytetida er om hausten, somme stadar òg om våren. Dei går som regel eit lite stykke opp i ein elv før dei gyter dei små rogna sine på fast botn. Ei hofisk på 25 cm har om lag 7000-8000 egg. Ein reknar med at kvar hann gyter med fleire hoer; dei oppheldt seg iallefall på gyteplassen over lengre tid.

Yngelen klekkast om våren og er litt over ein centimeter lang. Alle individa i bestanden veks om lag like fort, og vert kjønnsmogne samstundes. Kjønnsmogen fisk veks ikkje meir. Kor gamal og kor stor den vaksne fisken er varierer frå bestand til bestand.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Det mest omfattande fisket i innlandet i Noreg skjer i Mjøsa om hausten, når lagasilda går opp i Lågen for å gyta. Under dette fisket, som har gått føre seg i hundrevis av år (første omtale av det er frå år 1350), vert det brukt not, garn, mælkrakk og hov. Fisket vart drive i stort omfang fram til tidleg i 1970-åra. Etter dette er det kommersielle fisket mesta vorte borte.

I Sverige vert lagasild (på svensk: siklöja) fiska mest for rogna sin del. Ho vert brukt til å laga ein eksklusiv kaviar, löjrom (direkte omsatt «lagasild-rogn». På grunn av dei ganske små mengdene rogn ein finn i kvar fisk, er prisen høg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sandlund, Odd Terje: «Lagesild» i Norges dyr - Fiskene 1
  • Sandlund, Odd Terje & Næsje, Tor F.: «Komplekse, laksefisk-dominerte fiskesamfunn på Østlandet» i Borgstrøm, Reidar & Hansen, Lars Petter (red): Fisk i ferskvann Landbruksforlaget 2000
  • «Lagesild»Bokmålswikipediaen
  • FishBase