Lobnja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lobnja
Лобня
Flagget til Lobnja Byvåpenet til Lobnja
Flagget til Lobnja Byvåpenet til Lobnja


Plassering
Lobnja is located in Russland
Lobnja is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1902
1961
Borgarmeister Sergej Sokol
Geografi
Flatevidd
 - By

17 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

67 100
  3 947,1 /km²
Koordinatar 56°01′00″N 37°29′00″EKoordinatar: 56°01′00″N 37°29′00″E
Høgd over havet 195 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141730–141734
Retningsnummer (tlf) (+7)495
Nettstad: www.lobnya.ru

Lobnja (russisk Ло́бня) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 27 km nord for Moskva.

Lobnja vart grunnlagt i 1902 og fekk bystatus i 1961.

Området er rikt på arkitektoniske monument, som det nygotiske godset Marfino (ni kilometer nordaust for byen), som vart bygt av feltmarskalk Pjotr Saltykov på 1770-talet og omfattande modernisert av grev Panin 1837–1839. Palasset er i gotisk stil, meint å minne om ei mellomalderborg. Trapper knyt det til ei brygge av kvit stein nede ved elva, dekorert med statuar av griffar. Vest for palasset står ei barokkkyrkje (1701–1707). Det er òg ei gotisk bru, stalar og to parkar i engelsk stil.

Innan to kilometer frå Marfino ligg godset Nikolskoje-Prozorovskoje, som inneheld eit nybarokt herskapshus av feltmarskalk Prozorovskij og ei nyklassisistisk kyrkje bygt på 1770-talet. Like ved ligg Rozjdestveno-Suvorovo, der den femkupla Jomfrufødselskyrkja vart byet av Barjatinskij-fyrstane rundt 1700.

Den eldste bygningen i området er Treeiningskyrkja i Tsjasjnikovo (fire kilometer frå Lobnja). Den elegante italienske dekoren hennar, som minnar om katedralen i Tsjudovklosteret, daterer kyrkja til tidleg på 1500-talet, då italienske arkitektar som Aloisio den nye var aktive i Russland. Kyrkja vart først dokumentert i 1585, då Tsjasjnikovo var eigd av Nikita Romanov, bestefaren til tsar Mikael I. På slutten av 1600-talet var godset eigd av Lev Narysjkin, onkel til Peter den store på morsida, som la til eit klokketårn og oppdaterte kyrkjedekoren til å samsvare med sin eigen Narysjkin-barokke smak.

Andre kjende landsbyar nær Lobnja er Zjostovo (sju kilometer mot nordaust) og Fedoskino (ti kilometer mot aust), kjent for sin tradisjonelle folkekunst, med respektive Zjostovo-måleri og Fedoskino-miniatyrar. Landsbyen Krasnaja Poljana, som no ligg i Lobnja, var staden der den tyske hæren kom nærast Moskva i 1941.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]