Peresvet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peresvet
Пересвет
Plassering
Peresvet is located in Russland
Peresvet is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1955
2000
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

14 600
Koordinatar 56°25′″N 38°11′″EKoordinatar: 56°25′″N 38°11′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 49654

Peresvet (russisk Пересве́т) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kunja, ei sideelv til Dubna), rundt 90 km nordaust for Moskva og 17 km nord for Sergijev Posad.

Offisielt vart Peresvet grunnlagt i 1955 som ein urbanliknande busetnad som tente NIIChimMash (russisk: НИИ́Хи́мМа́ш, ei forkorting for «forskningsinstitutt for kjemisk ingeniørkunst»), eit forskingsinstitutt for testing av rakettmotorar og vakuumkammertesting av romfartøy. Busetnaden fekk namnet Novostrojka (russisk: Новостро́йка).

Til 1992 var Novostrojka eit forbode område. Under sovjetperioden var all busetnad fullstendig underlagt styret til instituttet. Seinare vart det styrt av administrasjonen i byen Krasnozavodsk. I 2000 fekk byen endeleg bystatus og det noverande namnet (etter mellomalderhelten Aleksander Peresvet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.