Dzerzjinskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen er om den russiske byen. For kommunistleiaren, sjå Feliks Dzerzjinskij
| Dzerzjinskij Дзержинский |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Føderasjonssubjekt | Moskva oblast | ||||
| Grunnlagd Bystatus |
1921 1981 |
||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
16 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
44 306 2 769,1 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) |
||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Retningsnummer (tlf) | 495 | ||||
| Nettstad: www.ugresh.ru | |||||
Dzerzjinskij (russisk Дзержи́нский) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Moskva, 20 km sør for Moskva sentrum.
Industrien i byen består av eit varmekraftverk, ein betongfabrikk og kjemisk industri.
Historia til byen er nært knytt til Nikolo-Ugresjklosteret, som ligg midt i byen. Klosteret vart grunnlagt ca. 1380 etter ordre frå knjaz Dmitrij Donskoj, og kalla opp etter St. Nikolas, som Donskoj i følgje segna såg i ein draum medan han gjorde seg klar til det lange felttoget mot horden til Mamai.
Grunnlegginga av byen vert rekna som 1921. I 1938 fekk busetnaden status som urbanliknande busetnad, og han fekk bystatus i 1981.
[endre] Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «Dzerzjinskij» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.