Ulstein kommune
| Ulstein kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1516 |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Adm.senter | Ulsteinvik |
| Areal | 97 km² |
| Folkemengd | 7 824 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Jan Berset (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.ulstein.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Ulstein kommune på Commons | |
Ulstein er ein kommune på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal, med kommunesenteret Ulsteinvik. Han grensar i aust til Hareid kommune. Mot vest ligg øykommunen Herøy. Mot søraust, over Vartdalsfjorden, ligg Ørsta og Volda.
Bygdene Haddal, Eiksund, Hasund, Dimnøya, Flø, Skeide og Ulstein ligg alle i Ulstein kommune.
Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.
Innhaldsliste |
Næringsliv og industri [endre]
Skipsindustrien ber økonomien; Ulsteinkonsernet, Rolls-Royce og Kleven Verft er hjørnesteinsverksemder.
Etter Ålesund er Ulsteinvik det største handelsenteret på Sunnmøre, og tilreisande kjem for å handla.
Historie [endre]
Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.
Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:
| 1.1.1917[2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2336a | 2335a | 2477a | 2835a | 2953a | 3436a | 4558 | 5335 | 5751 | 6615 | 7461 |
a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.
Kjende folk frå Ulstein kommune (alfabetisk) [endre]
- Per Eide, (1954– ), fotograf.
- Kjetil Hasund, (1942– ), fotballspelar.
- Sigvald Hasund, (1868–1959), landbrukshistorikar, høgskulerektor, politikar og minister.
- Morten Moldskred, (1980– ), fotballspelar i Tippeligaen.
- Øystein Runde, (1979– ), teikneserieskapar.
- Fredrik Steen (tidlegare Knutsen), komikar, (med rollefiguren Hildegunn Moltubakk).
- Arild Sundgot, (1978– ), fotballspelar i LSK.
- Ole Bjørn Sundgot, (1972– ), fotballspelar i Tippeligaen og utanlandsproff.
- Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulsteinkonsernet, «Årets forretningskvinne» 2006.
- Idar Ulstein, tidlegare konsernsjef i Ulstein Mekaniske Verksted Holding ASA.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Ulstein 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
| Kommunar i Møre og Romsdal | ||
|---|---|---|
| Sunnmøre | Giske · Haram · Hareid · Herøy · Norddal · Sande · Skodje · Stordal · Stranda · Sula · Sykkylven · Ulstein · Vanylven · Volda · Ørskog · Ørsta · Ålesund | |
| Romsdal | Aukra · Fræna · Midsund · Molde · Nesset · Rauma · Sandøy · Vestnes | |
| Nordmøre | Aure · Averøy · Eide · Gjemnes · Halsa · Kristiansund · Rindal · Smøla · Sunndal · Surnadal · Tingvoll | |