Medieval II: Total War

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Medieval II: Total War
Utviklar(ar) Creative Assembly
Utgjevar(ar) Sega
Serie Total War
Sjanger Sanntidsstragegi, rundebasert strategi
Spelmodus einspelar og fleirspelar
Utgjeving 11. november 2006
Versjon 1,3 (5. mai 2007)
Medium DVD
Aldersgrense PEGI: 16+

Medieval II: Total War er eit dataspel for Windows utgjeve av Sega i 2006. Spelet er etterfølgjaren til Medieval: Total War frå 2002 og det fjerde spelet i Total War-serien frå The Creative Assembly. I kampanjemodusen er spelet eit rundebasert strategispel, medan slaga vert utkjempa som sanntidsstrategi.

Handlinga i spelet er sett til mellom år 1080 og 1530. Likt det opphavlege Medieval fokuserer spelet på mellomaldersk krigføring, religion og politikk i Europa, Nord-Afrika og Midtausten. Men i motsetning til forløparen strekk M2:TW seg inn epoken med oppdaginga av Den nye verda, og simulerer oppdaginga og erobringa av Amerika. Medieval II er bygd på kodar frå Rome: Total War.

Speloppsettet[endre | endre wikiteksten]

Likt tidlegare titlar i Total War-serien har spelet to modusar: slag og einspelarkampanje. Slag kan bli spela som enten fleirspelar, brukardefinerte scenario eller historiske scenario som simulerer verkelege historiske slag, slik som slaget ved Arsuf ogslaget ved Agincourt. Slag er også ein del av einspelarkampanjen.

Kampanjen lèt spelaren ta kontroll over ein nasjon frå tidsepoken, til dømes Det tysk-romerske riket. Spelaren skal byggja ein sivilisasjon, både økonomisk og militært, for å erobra andre nasjonar. Når det er spelaren sin tid kan han kommandera hærar, skip og agentar. Når spelaren sin hær angrip eller vert angripen, kan spelaren velja å utkjempa slaga sjølv i spelets slagmodus eller la resultatet av slaget bli kalkulert ut i frå førehandsoddsa.

Målet med kampanjen varierer med kva type kampanje spelaren har vald. For å vinna kortkampanjen må spelaren slå ut ein eller to andre nasjonar samt ha kontroll over 15-20 byar/regionar. For å vinna langkampanjen må spelaren kontrollera minst 45 byar/regionar samt ha kontroll over ein eller to spesielle byar, som til dømes Jerusalem, Granada, Roma eller Konstantinopel.

Nasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er 21 nasjonar totalt i spelet og 17 av dei som spelaren kan kontrollera, ein per kampanje. Berre fem av dei er spelbare for den første kampanjen:

Ved å fullføra enten ein kortkampanje eller ein langkampanje kan spelaren velja mellom alle dei 17 spelbare nasjonane før han startar ein ny kampanje:

I tillegg er det fire nasjonar som ikkje spelaren kan ha kontroll over anna enn ved brukarregisserte scenario, fleirspelarslag og historiske slag:

Det finst også opprørarar i kampanjemodusen. Dei representerer regionar og byar som ikkje er under kontroll av dei større nasjonane. Dersom innbyggjarane i ein by ikkje er nøgde med spelaren sitt leiarskap kan dei gjera opprør og spelaren mistar kontroll over regionen.

Tilleggspakke[endre | endre wikiteksten]

31. august 2007 vart tilleggspakken Medieval II: Total War: Kingdoms gjeve ut. Den inneheldt fire nye kampanjar med ei rekkje nye nasjonar og soldattypar: Amerikakampanjen, Britanniakampanjen, Krosstogskampanjen og den Teutoniskekampanjen.