Mons Lid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mons Lid (8. april 18963. mars 1967) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han blei vald som fast stortingsrepresentant frå Bergen i 1945 og sat på Stortinget til 1949. Mellom 1937-1945 var han vararepresentant.

Frå 1949 til 1955 var Lid fylkesmann i Bergen og Hordaland, ei stilling han også hadde 1956-1966.

Einar Gerhardsen danna si tredje regjering 22. januar 1955, blei Lid statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister). Han sat i stillinga fram til 28. desember 1956.

Lid var utdanna postfullmektig, og var forretningsførar i Bergens Arbeiderblad 1938-40. Under krigen og fram til 1948 var han forretningsfører i Bergen Trygdekasse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]