Norsewood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norsewood
Kyrkja og politistasjonen i Norsewood.
Kyrkja og politistasjonen i Norsewood.
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Manawatu-Wanganui
Tararua
Grunnlagd 1872
Geografi
Innbyggjarar
 - By

Ca. 330 [1]
Koordinatar 40°04′″S 176°13′″EKoordinatar: 40°04′″S 176°13′″E
Høgd over havet 338 [2] m
Tidssone +12 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://norsewood.co.nz/
Plassering
Norsewood is located in New Zealand
Norsewood

Norsewood er ein tettstad som ligg i den nordlege enden av Tararuadistriktet, sør i Hawke's BayNew Zealand, midt i det som eingong var det tettvaksne skogområdet som vart kalla «Seventy-Mile-Bush» («70-milsskogen»). Innbyggjartalet er i dag omkring 330 menneske. Tettstaden er delt i to av riksvegen State Highway 2; Upper Norsewood og Lower Norsewood (øvre og nedre Norsewood).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden vart grunnlagt i 1872 då det kom om lag 360 nordmenn og 11 svenskar med skipet «Høvding» til Napier 15. september, etter ei sjøreise som hadde vara i 108 dagar. Tidlegare same dagen kom også det engelske skipet «Ballarat» til Napier. Blant passasjerane her var om lag 70 danskar. Av passasjerlistene går det fram at mange av dei norske innvandrarane i den første bølgja kom frå Vestfold og Østfold. Denne innvandringa var komen i stand etter at styresmaktene på New Zealand hadde sendt representantar til dei skandinaviske landa for å få folk til å vandra ut til New Zealand. Dei fleste av desse skandinavane vart dei første nybyggjarane i Norsewood, resten — for ein stor del danskar — grunnla byen Dannevirke, om lag 22 km unna. I løpet av dei første åra med tilrettelagt innvandring av skandinavar (18711876) kom det i alt 3227 til landet. I 1878 utgjorde skandinavane litt over 1 % av innbyggjartalet på New Zealand, den høgaste prosentdelen dei nokon gong nådde.

Norsewood vert bygd[endre | endre wikiteksten]

I dei neste åra kom hundrevis av andre nybyggjarar som streva for å skapa seg eit nytt liv på mange av 40-acre gardane i Norsewood — som dermed vart den viktigaste tettstaden i området. Blant desse menneska var mange fleire nordmenn, og også svenskar, danskar, tyskarar og britar. Livet var svært strevsamt for mange av desse, og fattigdom var velkjent i distriktet. Dei vart også utsette for naturkatastrofer, som flaum i 1880, og ein stor brann i 1888 øydela mykje av Norsewood og gjorde om lag 170 menneske heimlause.

New Zealandske styresmakter hadde lova å sysselsetja desse innvandrarane med ymse former for offentleg arbeid, mellom anna bygging av vegar og jarnveg. Men ting gjekk ikkje alltid som planlagt, særleg ikkje etter at landet gjekk inn i økonomiske nedgangstider kring 1880.

Men i løpet av 1880-åra vart jarnvegslinja sakte, men sikkert, opna gjennom skogområda, det vart sett opp sagbruk, og gradvis vart skogområde gjort om til produktivt jordbruksland, og det vart bygd meieri. Frå om lag år 1900 avtok den skandinaviske innvandringa.

Kultur og språk[endre | endre wikiteksten]

I dei tidlegaste åra kom det ei kort tid ut fire aviser på skandinaviske språk i området. Men dei fleste av innvandrarane ønskte å verta naturaliserte bristiske borgarar, og heimemålet vart borte etter første eller andre generasjon. I Norsewood vart det tala norsk fram til i 1920-åra.

Ved eithundreårsfeiringa av Norsewood i 1972 auka interessa for norsk kultur og tradisjon, men ikkje for språket. Det som no lever att av det norske språket, er eindel etternamn, gatenamn og innskriftergravsteinar.

Staden tek likevel vare på det norske opphavet sitt, og feirar kvart år 17. mai på den sundagen som fell nærast nasjonaldagen. Den norske staten har òg vist staden merksemd: Ved hundreårsjubiléet i 1972 fekk Norsewood ein Bindalsfæring i gåve frå den norske regjeringa. Denne båten står utstilt i ein glasmonter i Upper Norsewood. Ei tekstilverksemd med ganske stor vareeksport til Australia og Asia, ber namnet Norsewear og ligg i Lower Norsewood. Johanna's World er bygd som eit norsk tømra tun med ei lita stavkyrkje som skal vera den einaste på den sørlege halvkula[3].

Fotogalleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Norsewood

,