Napier på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Napier
Ahuriri (Māori)
Utsikt over Napier ved Hawke's Bay.
Utsikt over Napier ved Hawke's Bay.
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Hawke's Bay
Napier
Mayor Barbara Arnott
Geografi
Flatevidd
 - By

106 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011 estimat)

58 800
Koordinatar 39°29′″S 176°55′″EKoordinatar: 39°29′″S 176°55′″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 06
Nettstad: www.napier.govt.nz/
Plassering
Napier på New Zealand is located in New Zealand
Napier på New Zealand

Napier (Ahuririmāori) er ein hamneby i regionen Hawke's BayNordøyaNew Zealand. Han hadde i juni 2011 eit estimert folketal på 58 800[1]. Mindre enn tjue km skil bysentra i Hastings City og Napier, og dei to vert ofte kalla «Tvillingbyane» eller «Byane i bukta». Folketalet i dei urbane områda av Napier-Hastings er 122 600, dette gjer Napier-Hastings til det femte største urbane området i landet, tett følgt av Tauranga (116 000), og Dunedin (114 900).

Byen ligg 332 km langs vegen nordaust for hovudstaden Wellington. Innbyggjartalet er litt lægre enn i Hastings District, men etter som Hastings er administrert som eit distrikt, er Napier den einaste offisielle byen (city) i Hawke's Bay-regionen. Napier er det største ullsenteretden sørlege halvkula, og eit av dei største eple-, pære- og steinfrukt-produserande områda på New Zealand. Området er viktig for dyrking av druer og produksjon av vin, der frukta kjem frå dyrkarar kring Hastings for å gå vidare til Napier til eksport. Store mengder frose kjøt, samt ull, tremasse og tømmer går òg ut frå hamna i Napier.

Napier er ein populær turistby, og har ein av dei mest fotograferte turistattraksjonane i landet, ein statue på Marine Parade som er kalla Pania of the Reef etter ei vakker kvinne i ein māorilegende. Denne statuen har om lag same status i Napier som Den lille havfrue har i København. I oktober 2005 vart statuen stolen, men kom til rette etter ei veke, stort sett utan skadar[2]. Tusenvis av menneske samlar seg i Napier kvar februar til Art Deco-helga - ei feiring av arven og historia Art Deco har i Napier. Av andre større tilskipingar i regionen som dreg til seg turistar og andre tilreisane, er den årlege Wine & Food Festival (Harvest Hawke's Bay), og Mission Concert ved Mission Estate Winery i den nærliggjande byen Taradale. Mellom tidlegare artistar her har vore Eric Clapton, Kenny Rogers, Ray Charles og Rod Stewart.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Māorihistorie[endre | endre wikiteksten]

Napier har ein godt dokumentert māorihistorie. Då iwien Ngāti Kahungunu kom til området for fleire hundre år sidan, heldt Whatumamoa, Rangitane og Ngāti Awa og delar av Ngāti Tara iwi til i nærliggjande område i Petane, Te Whanganui-a-Orotu og Waiohiki. Etter kvart vart Ngāti Kahungunu den sterkaste stammen mellom Poverty Bay og Wellington. Dei var ein av dei første māoristammane som kom i kontakt med europeiske nybyggjarar.

Napiers Tom Parker Fountain i skumringa.

Høvdingen Te Ahuriri fekk grave ein kanal inn i lagunen ved Ahuriri fordi innløpet ved Westshore hadde vorte blokkert, og dette truga både dyrka område kring lagunen og og fiskarlandsbyar på øyene i han, etter som elvene heile tida førte ferskvatn ut til sjøen.

Europeisk historie[endre | endre wikiteksten]

Den første europearen som kom til den framtidige Napier var James Cook, som segla nedetter austkysten på Nordøya i oktober 1769. Han skreiv: «På kvar side av dette klippeframspringet ligg ei låg, trong sand- eller steinstrand. Mellom desse strendene og landet innanfor ligg ein ganske stor sjø som eg trur er saltvatn.»[3]. Han meinte innløpet til hamna låg ved Westshore-enden til stranda. Staden vart etter kvart vitja og seinare busett av europeiske handelsfolk, kvalfangarar og misjonærar. På 1850-talet kom gardbrukarar og hotelleigarar til området.

Sound Shell i Napier.

Staten kjøpte Ahuriri block (og staden Napier) i 1851. I 1854 vart Alfred Domett, ein seinare statsminister, utnemnd til kommisjonær i det statlege landområdet og magistrat i Ahuriri. Han fekk utforma ein byplan, og gav byen namn etter Sir Charles Napier, ein helt frå slaget ved Meeanee i den indiske provinsen Sindh. Domett namngav mange gater i byen til minne om den store britiske æraen som kolonimakt i det britiske indiske imperiet[3].

Byen fekk bystatus (borough) i 1874, og oppdyrkinga av marsklandet omkring han gjekk sakte framover. Mellom 1852 og 1876 var Napier det administrative senteret for Hawke's Bay Province; i 1876 opphøyrde den administrative ordninga med provinsinndeling av landet[3].

Skumringsbilete av T & G Dome.
Halsbury Chambers (Louis Hay, 1932) i Napier.

Utbygginga av byen vart stort sett avgrensa til hamneområdet og åsane omkring Ahuriri. I førstninga var byen Napier eit avlangt område av åsar (Scinde Island) som var nesten fullstendig omgjeve av vatn; der det gjekk ut to landtunger, ei mot nord og ei mot sør. Det var ein sump mellom dei noverande gatene Hastings Street og Wellesley Road og vatnet nådde opp til Clive Square.

Jordskjelvet i 1931[endre | endre wikiteksten]

Den 3. februar 1931 vart Napier jamna med jorda under eit jordskjelv. Samanrasing av bygningar og påfølgjande brannar valda 258 dødsfall. Bysenteret var heilt øydelagt, og vart bygd opp att i den tids populære Art Deco-stil. Om lag 40 km² av dagens Napier låg under sjøen før jordskjelvet heva grunnen[3].

Sjølv om nokre få Art Deco-bygningar vart erstatta av moderne bygningar i 1960-, 70- og 80-åra, låg det meste av bysentrum urørd lenge nok til at det vart sett på som arkitektonisk eineståande, og frå 1990-talet og framover har det vorte verna og restaurert. Napier og South Beach i den amerikanske byen Miami vert sett på som dei to best bevarte Art Deco-byane. Miami Beach er for det meste bygd i den noko seinare Streamline Moderne Art Deco-stilen. Sidan 2007 har Napier vore nominert til UNESCO Verdsarvstatus, den første nominerte kulturstaden på New Zealand [4].

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I januar 1945 tok den tyske undervassbåten U-862 seg uoppdaga inn i hamna (Port of Napier). Denne hendinga vart seinare basis for ei vidt spreidd etterkrigsmyte om at Kapitänleutnant Heinrich Timm tok mannskapet sitt i land nær Napier for å mjølka kyr for å supplera rasjonane sine.

Geografi og vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Satellittfoto av Napier og den sørlege Hawke Bay frå NASA.

Byen ligg på odden Bluff Hill og dei tilliggjande slettene ved den søraustlege avgrensinga til Hawke Bay, ei stor, halvsirkelforma havbukt som dominerer austkysten på NordøyaNew Zealand. Kystlinja i byen vart svært forandra av det store jordskjelvet i 1931. Fleire mindre busetnadar ligg tett inntil byen, somme av dei, som til dømes Taradale er no ikkje stort meir enn store forstadar. Andre tettstadar omkring Napier er Bay View i nord, Clive i sør, Flaxmere vest for Hastings og Havelock North.

Napier har eit av dei høgaste tala på soltimar på New Zealand, og det varme og heller tørre klimaet kjem av lokaliseringa på austkysten, eit mellomhavsklima påverka av havet i nord, og den strategiske posisjonen i Hawke's Bay. Dei fleste av vêrsystema på New Zealand kryssar landet frå vest, og byen ligg i regnskuggen til vulkanplatået på Nordøya (North Island Volcanic Plateau) og fjellrekkjene som omkransar dette platået, som til dømes Kaweka Range. Byen er likevel utsett for å verta råka av restane av tropiske syklonar frå det sentrale Stillehavet, som stundom enno er av storms styrke på det tidspunktet dei når fram til Hawke's Bay. Torevêr er ikkje så vanleg i Hawke's Bay som har færre enn ti av desse i året. Dei er mest vanlege om sommaren då jordoverflata kan verta sterkt oppvarma. Hagl frå torevêr kan skada hagar og vinmarker. Ein haglstorm den 2. mars 1994 danna haglkorn på opptil 3 cm i storleik, og førte til skade på frukthagar og vinmarker verdsett til kring 10,8 millionar NZ$.

Nuvola apps kweather.svg Klimatabell: Napier Weather-rain-thunderstorm.svg
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 24,4°C
76°F
24,1 °C
75 °F
22,6 °C
73 °F
19,9 °C
68 °F
17,1 °C
63 °F
14,5 °C
58 °F
14,1 °C
57 °F
14,8 °C
59 °F
16,9 °C
62 °F
19,2 °C
67 °F
21 °C
70 °F
23 °C
73 °F
19,4°C
67°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 14,6°C
58°F
14,5 °C
58 °F
12,8 °C
55 °F
10,2 °C
50 °F
7,1 °C
45 °F
4,9 °C
41 °F
4,6 °C
40 °F
5,2 °C
41 °F
7,1 °C
45 °F
9,4 °C
49 °F
11,2 °C
52 °F
13,4 °C
56 °F
9,6°C
49°F
Gjennomsnittleg total nedbør 48 mm
1,89 "
62 mm
2,44 "
85 mm
3,35 "
75 mm
2,95 "
62 mm
2,44  "
81 mm
3,19 "
92 mm
3,62 "
67 mm
2,64 "
65 mm
2,56 "
55 mm
2,17 "
57 mm
2,24 "
56 mm
2,2 "
803 mm
31,61 "
Kjelde: Niwa Science climate data 1971 - 2000[5]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2006 hadde Napier eit folketal på 55 359, ein auke på 1 698 pmenneske, eller 3,2% sidan teljinga i 2001[6].

Alderssamansetjing[endre | endre wikiteksten]

Av populasjonen i Napier var 26 520 (47,9 %) menn, 28 839 (52,1%) kvinner[6]. Gjennomsnittsalderen til innbyggjarane var 38,6 år, 2,7 år over landsgjennomsnittet som var 35,9 år. Folk i alderen 65 år og over utgjorde 15,6% av populasjonen, samanlikna med 12,3% nasjonalt; og born og unge under 15 år utgjorde 21,2% av folketalet, samanlikna med 21,5% nasjonen sett under eitt[7].

Etnisitet[endre | endre wikiteksten]

Den etniske samansetjinga av populasjonen i Napier var (nasjonale tal i parentes): 72,4% europearar (67,6%), 18,2% māoriar (14,7%), 2,6% asiatar (9,2%), 2,6% frå Stillehavsøyene (6,9%), 0,4% frå Midt-Austen/Latin-Amerika/Afrika (0,9%), 14,3% New Zealanders (11,1%), og 0,03% Andre (0,04%)[8].

Arbeidsliv[endre | endre wikiteksten]

4,8% av menneske frå 15 år og over i Napier var utan arbeid, det nasjonale talet var 5,1%[9]. Den gjennomsnittlege innkoma til alle over 15 år var $ 22 700, mot $24 400 på nasjonsbasis. Av desse tente 45,2% under $20 000 i året, samanlikna med 43,2% i heile landet, medan 14,5% tente meir enn $50 000 årleg, mot 18,0% nasjonalt[10].

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Den største turistattraksjonen i Napier er byen i seg sjølv som tiltrekkjer seg arkitektturentusiastar frå heile verda, særleg slike med forkjærleik til Art Deco. Oppattbygginga etter jordskjelvet i 1931 fall saman med den korte og snøgt vekslande Art Deco-æraen og den økonomiske depresjonen, då lite utvikling kom i gang andre stader. Eit resultat av dette er at arkitekturen i Napier skil seg tydeleg frå ein kvar annan by; den einaste andre framståande Art Deco-byen, Miami Beach, har varianten Streamline Moderne Art Deco. Heile sentrum i Napier vart oppattbygd samstundes.

Andre turistattraksjonar i Napier omfattar The Hawke's Bay Museum and Art Gallery som har informasjon om både jordskjelvet i 1931 og oppattbygginga av Napier som ein Art Deco-by, det nasjonale akvariet og konsertscenen Soundshell[11]. Nærliggjande attraksjonar omfattar australsulekolonien ved Cape Kidnappers og dei mange vingardane som omkransar Hastings City. Mange menneske brukar Napier som innfallsport til Hawkes Bay; dei flyg inn til Hawkes Bay airport ved Westshore frå Wellington City, Auckland og Christchurch. Frå Napier kan turistane oppleva Hastings City, Havelock North, Wairoa og Cape Kidnappers.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Mellom ulike industrigreiner i og kring Napier finn ein elektronisk industri, ullproduksjon og -handel, og produksjon av kunstgjødsel og vin.

Utsyn over Napier frå Sugar Loaf.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Subnational population estimates 30 june 2011 Statistics New Zealand
  2. Pania statue found, The New Zealand Herald, 4. november 2005, http://www.nzherald.co.nz/topic/story.cfm?c_id=344&objectid=10353607 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 History Napier and Taradale - Napier City - Hawke's Bay - New Zealand
  4. Napier Art Deco historic precinct - UNESCO World Heritage Centre
  5. Niwa Science climate data
  6. 6,0 6,1 «2006 census - QuickStats about Napier City - Population and dwellings». Statistics New Zealand. http://www.stats.govt.nz/census/census-outputs/quickstats/snapshotplace2.htm?id=2000031&type=ta&ParentID=1000006. Henta 2009-05-25. 
  7. «2006 census - QuickStats about Napier City - Age and Sex». Statistics New Zealand. http://www.stats.govt.nz/census/census-outputs/quickstats/snapshotplace2.htm?id=2000031&tab=AgeSex&type=ta&ParentID=1000006. Henta 2009-05-25. 
  8. «2006 census - QuickStats about Napier City - Cultural Diversity». Statistics New Zealand. http://www.stats.govt.nz/census/census-outputs/quickstats/snapshotplace2.htm?id=2000031&tab=CulturalDiversity&type=ta&ParentID=1000006. Henta 2009-05-25. 
  9. «2006 census - QuickStats about Napier - Work». Statistics New Zealand. http://www.stats.govt.nz/census/census-outputs/quickstats/snapshotplace2.htm?id=2000031&tab=Work&type=ta&ParentID=1000006. Henta 2009-05-25. 
  10. «2006 census - QuickStats about Napier City - Income». Statistics New Zealand. http://www.stats.govt.nz/census/census-outputs/quickstats/snapshotplace2.htm?id=2000031&tab=Income&type=ta&ParentID=1000006. Henta 2009-05-25. 
  11. Orientering om attraksjonar i byen frå byrådet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Napier på New Zealand