One Tree Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg fjernsynsserien One Tree Hill
Forstad: One Tree Hill
By: Auckland
Øy: Nordøya
Omgjeven av

 - mot nord
 - mot aust
 - mot sør
 - mot vest


Epsom
Greenlane, Oranga
Onehunga, Royal Oak
Three Kings

One Tree Hill i Auckland

One Tree Hill er ein 182 meter høg vulkansk topp i AucklandNew Zealand. Forstaden som ligg kring høgda har også namnet One Tree Hill. Høgda er også kjend under maorinamnet sitt, Maungakiekie. Lavakjegla som dannar One Tree Hill vart danna ved utbrot for 20 000 - 30 000 år sidan, og lavaen dekte eit område på 20 km2. Frå toppen er det vidt utsyn over Aucklandområdet, og ein ser begge hamnene til byen. Toppen og området kring var landområdet til maoristammen Wai o Hua frå tidleg på 1700-talet, og kanskje også før den tid. Andre maoristammar i Aucklandregionen kan også føra ættene sine attende til One Tree Hill.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Maungakiekie var den største og viktigaste paen i før-europeisk tid, og ein har rekna ut at folketalet kan ha lege opp mot 3000. På denne tida styrte høvdingen over Nga Marama-stammen, Kiwi Tamaki-paen, og brukte den strategiske staden til å krevja toll av reisande som kom frå Northland og skulle til andre delar av Nordøya over landtunga der Aucland ligg. Plasseringa mellom Waitematahamna mot aust og Stillehavet, og Manukauhamna mot vest og Tasmanhavet, gav rikeleg tilgang på sjømat frå havet på begge sider, og den vulkanske jorda i liene var svært fruktbar og lett å verja mot åtak frå andre stammar, ettersom landskapet er bratt og det var sett opp opp palisadar.

One Tree Hill og området omkring var ein del av eigedomen til Sir John Logan Campbell, og låg opphavleg i utkanten av Auckland. Han tenkte først å byggja eit herskapshus til familien i skråninga under toppen, men ombetemte seg, og bygde nærare byen. Omkring år 1900 skjøna han at bustadområda kring Auckland var i ferd med å veksa svært fort, og han bestemte seg for å gi dette området til byen som ein park. Dette er nå Cornwall Park.

Han gav parken dette namnet fordi hertugen og hertuginna av Cornwall (seinare kong kong George V og dronning Mary) var på besøk til Australia og New Zealand i 1901, og han nytta då høvet til å gi området namn etter deira hertugdømme. Som takk vart han adla.

Utbygging[endre | endre wikiteksten]

Obelisken på One Tree Hill.

Parken vart utforma av landskapsarkitekten Austin Strong etter modell av Golden Gate Park i San Francisco. På toppen av åsen ligg grava til sir John Logan Campbell. Over denne er det reist ein obelisk, og inntil for få år sidan stod der også eit tre av furuslekt (lat. Pinus radiata) her. Dette treet, opphavleg eitt av to, hadde vorte planta i staden for eit tre maoriane heldt heilagt, totara (lat. Podocarpus totara). (Somme meiner at treet var eit pōhutukawa (lat. Metrosideros tomentosa). Dette treet vart hogge ned til brensel av ein kvit nybyggjar i 1852. Obelisken vart laga i samsvar med ønskjet og tilvisingar i testamentet til John Campbell for å gje til kjenne hans respekt for, og verdsetjing av maorifolket. Framfor obelisken står ein bronsestatue av ein maorikrigar.

Obelisken var ferdig i 1940 – til eit hundreårsdagen for Waitangitraktaten, men vart ikkje avduka før 24. april 1948, etter at den andre verdskrigen var avslutta, for å halda oppe maoritradisjonen om å ikkje skipa til slike seremoniar i ufredstider.

Trea[endre | endre wikiteksten]

Der var opphavleg planta to tre. I 1960-åra, under ein speidarleir (jamboree), hogg nokre speidarar ned det eine. Det andre vart skada to gonger med motorsag av maoridemonstrantar. Etter den siste skaden kunne ikkje treet bergast, og vart fjerna 26. oktober 2000.

One Tree Hill etter at «One Tree» var fjerna

Oppattkallingar av One Tree Hill[endre | endre wikiteksten]

  • Asteroiden 23988 Maungakiekie har fått namn etter toppen.
  • Mozilla Firefox 0.9 fekk namnet One Tree Hill av aucklandaren og dåverande sjefsingeniør for Firefoxprosjektet, Ben Goodger.
  • One Tree Hill er namnet på ein amerikansk fjernsynsserie starta i 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • McLauchlan, Gordon (Ed) The Illustrated Encyclopedia of New Zealand (utg. David Bateman Ltd 1989 ISBN 1-86953-007-1)