Påskepynt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Påskepynt er dekorasjonar knytte til påske som ein nyttar ute og inne, i heimar og kyrkjer. Vanlege døme er påskeegg, påskekyllingar, påskeharar og påskehattar.

Palmar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkje på Kreta pynta med palmegreiner.

Palmesundag er særleg knytt til palmegreiner, og både kyrkjer og rutene til opptog kan ha pynt laga av palmar eller som etterlikning av dei. I område der det veks palmar kan ein også laga dekorasjonar av palmeblad, som små krossar.

Symbolske påskepalmar kan vera laga av stokkar, seljegreiner og liknande, pynta med band, blomar og andre plantar.[1] Tradisjonelt er dette gjerne små oppsatsar ein kan ha i handa eller i ein vase, men polske påskepalmar (polsk palma wielkanocna) kan bli svært høge, opptil ti meter.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barbara Ogrodowska (2001). Zwyczaje, obrzędy i tradycje w Polsce. Verbinum. s. 151. ISBN 978-83-7192-128-5. Henta 5 March 2013. 
  2. Magdalena Woźniczko, Dominik Orłowski, «Wielkanocne obrzędy oraz tradycje kulinarne i ich wykorzystanie w ofercie turystyki wiejskiej'» (PDF). , in POTENCJAŁ TURYSTYCZNY W REGIONACH, Wydawnictwo SGGW, 2008
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.