Kristi himmelferdsdag
Kristi himmelferdsdag eller helgetorsdag, som dagen tradisjonelt er kalla i liturgisk språk, er ein kristen rørleg helgedag som vert feira førti dagar etter påske, det vil seie torsdag mellom 6. og 7. søndag i påsketida. Han vert feira til minne om at Jesus Kristus ifylgje Evangeliet etter Lukas skal ha fare opp til himmelen førti dagar etter oppstoda si.[1]
Festen vart truleg innførd på 300-talet, da enkelte kristne kyrkjer byrja å feire han som eigen fest. Det fyrste kjende dømet på at denne finst i ein liturgisk kalender er frå byrjinga av 300-talet, då synoden i Elvira avviste ein skikk med å byrje ein ny fasteperiode etter den førtiande dagen. Grunnen for ei slik faste ser ut til å ha vore at ein ville markere at Kristus var teken vekk frå Jorda. Feiringa vert òg nemnd i preiker av St. Johannes Krysostomos og andre.
Kristi himmelferdsdag er helgedag i Noreg.
Referansar [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Den stille veka | Lasaruslaurdag · Palmesundag · Heilage måndag · Heilage tysdag · Heilage onsdag · Skjærtorsdag · Langfredag · Påskeaftan · Påskedag | |
| Påsketida | Andre påskedag · Tredje påskedag · 1. sundag etter påske · 2. sundag etter påske · 3. sundag etter påske · 4. sundag etter påske · 5. sundag etter påske · 6. sundag etter påske · Kristi himmelferdsdag | |
| Påskeforteljingar | Jesus Kristus · Lidingssoga · Den siste nattverden · Golgata · Krossfestinga · Jesu sju ord på krossen · Påskevake · Myrraberarane | |
| Kristne tradisjonar | Artos · Judasbrenning · Krossprosesjon · Krossvegsandakt · Påskeformelen · Påskekorg · Påskelys · Påskeprosesjon · Påskesalmar | |
| Andre tradisjonar | Påskeegg · Påskehare · Påskehatt · Påskekort · Påskepynt · Eggdans · Eggkakking · Eggrulling · Langfredagsfjære · Skjæltorsdag | |