Påskehare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Person kledd som ein påskehare i ein kanadisk dyrehage.
Foto: Thivier

Påskeharen er ein symbolsk hare som blir brukt på bilete og som pynt i samband med påskefeiringa, spesielt i vestleg kultur.

Påstått førkristeleg opphav[endre | endre wikiteksten]

Somme hevder at det engelske ordet for påsketida, Easter, har opphav i namnet til den førkristne gudinna Eostre. Den engelske mellomalderhistorikaren Bede seier i ein merknad at Eostre av og til vart avbilda med harehovud, og at dette dermed er opphavet til påskeharen. Koplinga mellom Eostre og haren — om det no finst ei slik — kan i så fall vera relatert til god grøde. Ein kan såleis trekke trådane saman til at påskeharen som deler ut påskeegg er eit symbol på grøderikdom. Ei soge går ut på at gudinna ein gong skapte om eitt av kjæledyra sine, ein fugl, til ein kanin for å underhalde nokre ungar. Kaninen la då nokre egg i gilde fargar som Eostre gav til ungane.

Om ein ser bort frå Bede sin merknad er det hittil ingen andre kjelder frå før det 19. århundret som stadfester denne teorien eller peiker på andre koplingar mellom Eostre og påsketradisjonar.

Ein annan historie om påskeharen går heilt tilbake til gresk mytologi. I denne var haren opphavleg ein fugl, men han blei gjort om til ein hare slik at han lettare kunne gøyma seg frå jegeren Orion. Men haren sakna det å kunne leggja egg, og han fekk gjera dette ein gong om året, i påska. Denne haren ser me òg i stjernebiletet Lepus.

Moderne tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Det er ei oppfatning at ideen om påskeharen vart utvikla av tyske protestantar som ønskte å halde på, eller innføre på nytt den katolske tradisjonen med å ete farga egg i påska. Dei ønskte likevel ikkje å introdusere det katolske fasteritualet for ungane sine, som òg var årsaka til den gode tilgangen på egg ved påsketider. Egg var forboden kost for katolikkar i fastetida, så egga vart lagra i store tal i påvente av påskefesten.

Ideen med ein eggleggjande hare kom til USA1700-talet. Tyske immigrantar i det nederlenderdominerte Pennsylvania-området fortalde ungane sine om der Osterhase, altså påskeharen. Berre dei snille ungane fekk måla egg i dei reira dei sjølv hadde laga før påske. Det skulle da vera påskeharen som hadde lagt dei der utan at ungane såg det.

I vår tid er det ein tradisjon i USA at påskeharen etterlet seg korger med godteri, inkludert påskeegg og ulike typar sjokolade på påskemorgonen - til snille ungar. Andre stader der ein har påskeegg fylde med godteri kan ein seia at påskeharen har lagt eller levert dei.

Dette har blitt ein utbreitt tradisjon i både kristne og ikkje-kristne heimar, etterkvart som påska har blitt meir og meir av ei verdsleg feiring, slik som Halloween og Valentinsdagen.