Pedro de Valdivia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pedro de Valdivia, målarstykke frå 1500-talet

Pedro de Valdivia (17. april 149725. desember 1553) var ein spansk conquistador og den første guvernøren i Chile.

Pedro de Valdivia var fødd i Badajoz i Villanueva de la Serena i Spania. Han kom frå ein hidalgofamilie med sterke militære tradisjonar, han var son av Pedro Oncas de Melo og Isabel Gutiérrez de Valdivia. I 1520 vart han skriven inn i hæren åt Carlos I (Karl V), var med i kampar i Flandern året etter og kjempa i Italia mellom 1522 og 1525. Han deltok òg i slaget ved Pavía i 1525 og fekk med det ei brei militær røynsle. Seinare same år gifta han seg med adelskvinna Marina Ortiz de Gaete frå Salamanca. I 1535 reiste Valdivia til Venezuela i «den nye verda» utan ektefellen og kom aldri tilbake til Europa.

I Peru 1538-1540[endre | endre wikiteksten]

I 1537 reiste de Valdiva frå Panama mot Peru for å melde seg til teneste for Francisco Pizarro i borgarkrigsstoda mot Diego de Almagro. Pizarroane sigra med hjelp frå de Valdivia og de Valdivia fekk militær vørnad og verdfulle godtgjersler for medverkinga, mellom anna gruver i Porco og land i Canela-dalen.

Almagro sitt tokt til Chile var mislukka og alle spanjolane trekte seg attende i 1536. No såg Pedro de Valdivia sin sjanse og han fekk løyve frå Pizarro i 1539 til ein ny ekspedisjon. Dette vart hovudmålet hans i «den nye verda», å erobre landet sør for Peru. Førebuingane skapte vanskar frå første stund. Mykje av det han fekk for kringsinnsatsen måtte han selje igjen for å finansiere forsyningar til ekspedisjonen. Etter det deltakarane frå Almagro sin ekspedisjon fortalde, så var det lite gull å hente i Chile og det var derfor lunken interesse blant soldatar og eventyrarar for å vere med å erobre dette fattige landet i sør.

Til Chile[endre | endre wikiteksten]

Pizarro gav de Valdivia tittelen løytnantguvernør av Chile og ikkje tittelen guvernør som han sjølv hadde von om å få. Ekspedisjonen forlét Cuzco i januar 1540 med ca. 1000 innfødde indianarar, yanaconarar, men berre få spanjolar. de Valdivia hadde òg fått løyve til å ta med elskarinna si, Inés de Suárez, rett nok i rolla som tenar, noko som elles var svært uvanleg for conquistadorar. Fleire soldatar slutta seg til undervegs, så alt i alt var det ca. 150 soldatar med i ekspedisjonen til de Valdivia.

Dei følgde ruta gjennom Atacama, den ovlege ørkenen som hadde gjeve Diego de Almagro så store vanskar på tilbakevegen til Peru. Då dei kom til Copiapo-dalen i Chile, tok de Valdivia retten til landet i namnet åt kongen.

I løpet av den langvarige og gruelege ferda mot sør fekk dei ingen stønad frå dei innfødde som budde langs ruta. Dei bufaste brende avlingar og trekte seg bort med buskapen. de Valdivia sine folk måtte derfor klare seg med eigne dyr og matforsyningar.

Erobringa av Chile[endre | endre wikiteksten]

Flokken heldt fram søretter og i desember var dei framme ved Mapocho-elva kor dei endeleg avgjorde å skipe ei permanent busetjing. Dalen var vidstrakt med mange innbyggjarar, jorda var fruktbar og her var rikeleg med vatn. To høvelege høgdedrag gav gode forsvarsposisjonar. Dette skulle bli hovudstaden i territoriet.

Pedro de Valdivia skipar Santiago. Målarstykke av Pedro Lira frå 1889.

Skipinga av Santiago[endre | endre wikiteksten]

De Valdivia freista tidleg å overtyde dei innfødde om gode meiningar ved å sende ut delegasjonar med gåver til caciqueane (lokale leiarar). Dei innfødde heldt på gåvene, men dei samla seg under leiing av Michimalonco og åtaka spanjolane. Noko skremde folka til Michimalonco og dei flykta frå det første angrepet. Etter det fekk nybyggjarane ro over den første vinteren. Byen vart kalla Santiago de la Nueva Extremadura. Den 12. februar 1541 skjedde den offisielle grunnlegginga av byen. Seremonien vart halden på Huelén-åsen

Michimalonco opplyste spanjolane om gullgruvene Marga Marga. Det første de Valdivia gav ordre om i den nye byen var å starte gullgraving i gruvene og å opprette ei kurerteneste til Peru. For å bryte isolasjonen innsåg han at det var naudsynt å opprette samband med Peru med båt og sette i gang bygging ved stranda i Concón. Før bygginga vart ferdig åtaka indianarane, drap mest alle arbeidarane og brende det som var bygd. Ein kort fredfull periode med sameksistens mellom folkegruppene var no over.

Første øydelegging av Santiago[endre | endre wikiteksten]

Michimalonco hadde førebudd seg grundig på eit avgjerande angrep mellom anna fordi spanjolane hadde kidnappa sju caciquear. Michimalonco var dessutan oppglødd av suksessen i Concón. Den 11. september 1541 gjekk han til eit kraftfullt åtak på Santiago med 8000 eller fleire mann. de Valdivia var ikkje inne i byen då angrepet kom, og forsvaret vart leidd av Inés de Suárez. Då utviklinga såg ut til å gå mot ein siger for angriparane var det at de Suárez sjølv halshogg to av fangane og kasta hovuda over gjerdet mot angriparane. Dette skapte forfjamsing og uorden blant Michimalonco sine styrkar, såleis vart dei drivne tilbake, og den makabre handlinga sette dermed sluttstreken for kampane.

Fire spanske soldatar var drepne, ei mengd peruanske leigesoldatar, yanaconarar, gjekk tapt og dessutan fleire hestar. Og verst var det kanskje at bygningane vart brunne. Dette var eit hardt tilbakeslag for erobringa av Chile og no følgde to naudsår for de Valdivia og kolonien. de Valdivia sendte bod landvegen til Cuzco etter hjelp. Utsendingane kom fram til Cuzco 23. januar 1542 og dei klarte å få i stand ein båt med forsyningar som var framme i Santiago 20. desember 1543.

Nye initiativ[endre | endre wikiteksten]

For å styrke grepet om territoriet sendte de Valdivia først ein ekspedisjon mot nord leidd av Juan Bohon. Denne ekspedisjonen grunnla La Serena i Coquimbo-dalen halvvegs mellom Santiago og nordlege Atacama.

I februar 1546 fór de Valdivia saman med 70 mann mot sør. Han kom ned til Bío-Bío-elva. Planen hans var å skipe endå ein by, men dei innfødde folka i sør var fiendtlege og tvinga de Valdivia tilbake til Santiago i mars 1547.

I 1547 og 1548 var de Valdivia i Peru for å samle meir ressursar og overtyde fleire folk om å komme til Chile. Medan han var i Peru kom han med i slaget om Xaquixahuana og fekk ei påskjønning for tenesta. Visekongen i Peru utnemnde de Valdivia til guvernør av Chile.

Frå 1549 til 1553 gjorde de Valdivia nye freistingar på å erobre sørlege Chile, og møtte framleis eit sterk forsvar frå dei innfødde indianarane. Trass all motstanden fekk han i 1550 kontroll over Bío-Bío-området etter eit slag mot ein lokal styrke. Ved utlaupet av elva tufta han byen Concepción. Seinare kom han jamvel lengre sør og skipa landsbyane La Imperial (den første), Valdivia og Villarica for å nemne somme av dei.

Oppstanden i 1553[endre | endre wikiteksten]

Etter eit kortvarig opphald i Santiago returnerte de Valdivia sørover i desember 1552 for å halde oppe sambandet mellom Santiago og Concepción og med dei andre settlarstadane i sør. Han bygde fleire fort i fjella langs kystvegen. Eit av dei første teikna på at noko var i emning var åtaket på tucapelfortet. De Valdivia ville sjølv inspisere fortet, men dei innfødde styrkane angreip då troppen hans var nær fortet og de Valdivia vart tatt til fange. Slaget her skulle bli det siste for Pedro de Valdivia, den frykta conquistadoren vart tatt av mapucherar. Historia fortel at de Valdivia fekk munnen fylt av smelta gull og vart kvelt. Dette kan vere ein myte, han kan med mykje sannsyn ha vorte utsett for tradisjonell tortur og avretting.

Ein del av det episke diktet La Araucana av Alonso de Ercilla handlar om karrieren åt de Valdivia og omstenda rundt dødsfallet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]