Diego de Almagro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diego de Almagro

Diego de Almagro (fødd i Spania, 1479, død i Cuzco, Peru, 8. juli, 1538), var ein spansk conquistador, ein kompanjong, og seinare ein rival åt Francisco Pizarro. Han var med i den spanske erobringa av inkariket har fått æra av å vere den første europear som oppdaga Chile.

de Almagro mista venstre auge sitt i ein kamp mot innfødde kystfolk i «den nye verda». I 1525 slutta han seg til Pizarro-brørne og Hernando de Luque i Panama for å starte erobringa av Peru.

Dei tidlege åra[endre | endre wikiteksten]

Diego de Almagro kom frå den spanske byen som ber etternamnet hans, kor han vart fødd utanfor ekteskap. Foreldra, Juan de Montenegro og Elvira Gutiérrez hadde lova kvarandre ekteskap, men skilde lag før lovnaden vart oppfylt og før Diego vart fødd.

Onkelen Hernán Gutiérrez fekk formyndarskapen for Diego de Almagro frå han fylte fire år. Då de Almagro var femten år flykta han frå onkelen sin grunna den brutale handsaming han fekk, han fortalde mor si om kva som hadde skjedd og at han no planla eit eige liv. Samtidig naudbad han mora om mat og pengar. Han fekk då kva han bad om, og vart beden om å gå vekk.

Seinare dukka de Almagro opp i Sevilla som tenar for borgarmeister Luis de Polanco. Medan Almagro arbeidde der kom han i kamp med ein annan tenar og forlét den andre sterkt skadd. de Almagro ønskte ikkje å la seg sperre inn og flykta frå Sevilla og vart ein ferdamann i Andalucia. På denne tida var det at nyhenda om oppdaginga av «den nye verda» nådde han og overtydde han om å melde seg for Pedrarias Dávila sin armada. Ved framkomsten i Panama trefte han Francisco Pizarro og utvikla ein vennskap med han.

Første tida i Amerika[endre | endre wikiteksten]

de Almagro kom fram til «den nye verda» den 20. juni 1514 som medlem av ekspedisjonen som Ferdinand II av Aragon hadde sendt ut under leiing av Pedrarias Dávila. Ekspedisjonen landa i Santa María la Antigua del Darién i Darién-provinsen i Panama, kor mange andre conquistadorar allereie var komen, blant dei Francisco Pizarro.

Det er ikkje dokumentert mykje om livet åt de Almagro i denne perioden, men det er kjent at han slutta seg til ulike sjømenn som for forlét Darien mellom 1514 and 1515, inntil han tilslutt kom attende, slo seg ned i Darien og fekk eit encomienda. Dette hjelpte han til å byggje eit hus og å leve av jordbruket.

I november 1515 fekk de Almagro kommandoen over ei gruppe på 260 mann som grunnla kolonien Acla, men grunna sjukdom måtte han gje frå seg kommandoen til Gaspar de Espinosa. Både de Almagro og Francisco Pizarro, Hernando de Luque var med i ein neste ekspedisjon med 200 mann som varte i 14 månader. Her var det desse tre blei nære vennar. Dette var dessutan første gongen Pizarro hadde rang av kaptein.

I tillegg vann de Almagro ein vennskap med Vasco Núñez de Balboa som på denne tida var leiar i Acla og planla ein ekspedisjon på Stillehavet. Men etter det ein veit finst det ingen indikasjonar på at de Almagro ønskte å slutte seg til Balboa.

de Almagro vart med på streiftog, grunnleggingar og erobringar rundt Panamabukta, og var med endå ein Espinosa-ekspedisjon. Espinosa var kjent for å segle med skip frå Balboa. Frå denne ekspedisjonen veit ein berre at de Almagro vitna om dei innfødde som Espinosa gav ordre om å fange. Almagro ønskte å stande i den nyst grunnlagde byen Panama for å hjelpe til veksten av han. I dei kommande fire åra var de Almagro oppteken med administrasjon av eigne eigedommar og av Pizarro sine. I denne perioden fekk han òg første son sin kalla Mozo. Mora til Mozo var den innfødde Ana Martínez.

Erobringa av Peru[endre | endre wikiteksten]

Diego de Almagro, Pizarro og Luque søkte saman om løyve til å granske og erobre landet i sør og fekk tidleg i august 1524 fullmakter til ei utforsking. Pizarro leidde to ekspedisjonar i Sør-Amerika fram til 1527. de Almagro sytte for forsyningar og rekruttering av folk til ferdene, men var også sjølv med. Også den tredje ferda, erobringsekspedisjonen, var leidd av Pizarro. Ekspedisjonen utforska territoriet i inkariket, tok kampen mot inka Atahualpa og vann slaget i Cajamarca i 1532. Almagro kom til Cajamarca frå Panama i påska 1533 med 153 friske spanjolar og 50 hestar til erobringstoktet. Etter at spanjolane no hadde teke makta i inkariket samarbeidde først Almagro og Pizarro i å grunnleggje nye byar og i å styrkje makta i område dei hadde erobra.

Sebastián de Belalcázar sitt erobringstokt i Quitoprovinsen i 1534 vart komplisert ved at conquistadoren Pedro de Alvarado frå Mexico også dukka opp i same del av territoriet med 4000 innfødde frå Guatemala slik at det bygde seg opp til strid mellom to spanske grupperingar. På denne tida var Diego de Almagro komen så langt sør som Vilcashuaman ikkje langt frå Cuzco. Han fekk nyss om situasjonen i Quito og skunda seg nordover for å slutte seg til de Belalcázar. de Almagro var framleis alliert med Pizarro og hevda dei hadde dei legale rettane på dette territoriet. Han var nær ved å konfrontere med Pedro de Alvarado, men løyste situasjonen med tingingar og kjøpte fred med de Alvarado til ein pris av hundre tusen gullpesos. de Alvarado reiste attende til Guatemala og situasjonen roa seg i Quitoprovinsen.

Før Diego de Almagro returnerte til Peru grunnla han San Francisco de Quito i august 1534 for å ære Pizarro. Fire månader seinare skipa han Trujillo i Peru til ære for Pizarro sin fødeby i Extremadura. Desse hendingane markerte høgdepunkta i vennskapen med Pizarro, ein vennskap som snart skulle svinne bort i gjennom ein ny periode med opprør i den historiske og mytiske inkabyen Cuzco.

Brotet med Pizarro[endre | endre wikiteksten]

Vennskapen med Francisco Pizarro viste teikn til nedkjøling allereie i samband med at Pizarro skaffa seg løyvet til å erobre inkariket 26. juli 1529. Lang tid føre hadde dei gjeve gjensidig lovnad om like partar av føremonane dei fekk. Men då Pizarro var i Spania og vitja kong Carlos I av Spania (Karl V) fekk han løyvet «Capitulación de Toledo» som gav autorisasjon til erobringa samstundas som Pizarro fekk guvernørtittel i Peru og den militære titelen generalkaptein av Peru, medan de Almagro vart utnemnt til kommandant for fortet i Tumbes. Det var klart at Pizarro den gongen oppnådde ein dominerande posisjon ovanfor de Almagro.

Sjølv om Diego de Almagro hadde skaffa seg fullnøyande rikdommar ved erobringa av Peru og levde eit liv i luksus i Cuzco, såg han på ei mogleg erobring av landet lengre sør som attraktivt. Om de Almagro hadde tvistemål med Pizarro om Cuzco som auka i intensitet, fann han likevel tid og pengar til å førebu og utstyre ein ekspedisjon med 500 mann for å utforske land sør om Peru.

I mai 1534 tok den spanske krona ei avgjersle om å dele inn regionen i to, ein for kvar av dei to kompanjongane. Pizarro sitt territorium strekte seg frå Zemuquella, truleg Isla Puná i Guayaquilbukta og 200 legua sørover, som svarar til ca. 970 kilometer og strekkjer seg til Chincha i Puno-provinsen, Ica sør om Lima. Etter at Pizarro hadde levert sin part av skatten frå Atahualpa sine løysepengar til krona vart grensa flytta 70 legua vidare sør. Den gongen var det ikkje kjent om Cuzco låg nord eller sør for denne breidda og det var uklart om målinga skulle skje langs kystlinja. Ut frå geografiske forhold kunne det sjå ut som Cuzco låg sør for grensa, inne i de Almagro sitt territorium, i dag veit vi at Cuzco ligg godt nord for grensa. Denne vage inndelinga vart hovudårsaka til brotet mellom desse to. Seinare, i 1537 kom ein ny definisjon med bruk av breiddegrader som klargjorde grensa.

Oppdaginga av Chile[endre | endre wikiteksten]

Førebuingane[endre | endre wikiteksten]

Etter det innfødde menneske i Peru fortalde, hadde territoriet i Chile ein så stor overflod av gull at det ville overgå all innsats for å finne verdiane, dei hadde lagt merke til gulltørsten åt spanjolane. de Almagro rekrutterte folk både i Lima og Cuzco og med hjelp frå dei gjorde han klar ein ekspedisjon innan seks månader. Og med bruk av eigne middel utstyrte han soldatar som ønskte å vere med. Han kjøpte våpen, krut og anna naudsynt utstyr. Til saman fekk han samla ein styrke på 500 soldatar, 100 afrikanske slavar og rundt 10 000 peruanske leigesoldatar, yanaconarar til transport av våpen, klede og matforsyningar.

de Almagro ønskte òg ein høgtståande representant frå inkanobilitetane for å gå framføre saman med tre av dei mest pålitande spanske soldatane. Inkaene tilbaud den høgast rangerte religiøse leiaren i riket, Villac-Umu. Inkaen hadde von om at ein stor spansk styrke ville forlate Peru slik at inkahæren kunne ta initiativ til eit opprør og ei tilbaketaking av Cuzco.

de Almagro var endå ikkje klar til å starte frammarsjen og gav Juan de Saavedra ordre om å gå tretti legua framføre med eit hundre mann for å etablere ein by som kunne vente på hovudstyrken med mat og fanga innfødde til å servere dei.

Langs inkavegen over Andes[endre | endre wikiteksten]

Det var den 3. juli 1535 at de Almagro drog sørover frå Cuzco med 50 mann, men dei tok eit mellombels opphald ved ein stad kalla Moina fram til den 20. same månaden. I mellomtida hadde ein av Pizarro-brørne, Juan Pizarro, arrestert inka Manco Capac II, noko som gjorde situasjonen meir komplisert for de Almagro.

Etter å ha starta opp att frå Moina nytta dei inkavegen forbi Titicaca, fram til Desaguadero-elva i dagens Bolivia vidare til Tupiza langt sør i Bolivia kor dei slo leir. Vidare søraust passerte dei Chicoana nordvest i dagens Argentina.

Det synte seg at ekspedisjonen vart særs vanskeleg og ekstremt strevsam. Det mest krevjande hindringane var fjellpassa i Andes: på kring 4000 moh. var kulda og hungeren så sterk at det kosta livet åt spanjolar, innfødde, og særleg slavane som ikkje var vante med slikt eit strengt klima. Augevitnar har skildra menneske som tok kvilepause berre for å døy frossen, andre fann tærne fastklemte i skorne.

Diego de Almagro i Copiapó-dalen, kor kan erklærer kongeriket Chile som sitt territorium.

Fram til dette punktet meinte de Almagro at alt var ein fiasko. Han bad ei lita gruppe gå framføre for å søkje hjelp frå fastbuande folk. Ved hell fann dei Copiapó-dalen og Gonzalo Calvo Barrientos, ein spanjol som var utvist frå Peru for å ha stole gjenstandar frå Atahualpa sine løysepengar. Barrientos hadde etablert vennskap med dei lokale innfødde. Her var det at de Almagro offisielt gjorde krav på Chile i namnet åt kong Carlos I.

Skremt bort frå Chile[endre | endre wikiteksten]

de Almagro sette straks i gang utforsking av det nye territoriet og starta i retning av dalen med Aconcagua-elva kor dei innfødde tok imot han. Her kom han ut for ein intrige sett i scene av tolken Felipillo som tidlegare hadde arbeidd for Pizarro. I løyndom oppmoda han dei innfødde til å åtake spanjolane, men dei trudde ikkje at spanjolane ville utgjere nokon fare. de Almagro sende Gómez de Alvarado i veg med 70 mann med hestar for å halde fram med undersøkingane av territoriet. Troppen enda ved elvane Nuble og Itata kor det oppstod eit slag mot dei fiendtlege mapuche-indianarane, slaget ved Reinohuelén. de Alvarado måtte då trekkje seg att nordover.

de Almagro sine eigne observasjonar, dei dårlege nyhenda som kom frå kampane mellom Gómez de Alvarado og mapuche-styrkane, saman med den bitande kalde vinteren som fór frykteleg åt med dei, overtydde han om at alt hadde feila. Han fann ikkje det gullet eller dei byane som inkaspeidarane hadde informert han om, berre samfunn av innfødde folk som levde av jordbruk, og han møtte sterk motstand frå desse samfunna.

Utforskinga av territoriet i Nueva Toledo gjekk føre seg over to år og vart markeringa av ein fullkomen fiasko for de Almagro. Trass dette meinte han først det ville gje han ære om han ville stå attende for å skipe ein ny by. Men den første glødande optimismen som fekk de Almagro til å bringe med seg sonen Mozo til Chile hadde bleikna. Somme observatørar har peika på at om det ikkje var for at mannskapet la iver for å returnere til Peru, så hadde han slegen seg ned permanent i Chile. Men han vart oppmoda om å gjere eit endeleg krav på Cuzco slik at han kunne sikre ein arv for son sin. de Almagro kom aldri til å grunnleggje nokon by i det som i dag er Chile. Han starta returen til Peru i september 1536.

Tilbaketrekkinga frå dei grøderike dalføra i Chile skjedde med vald, de Almagro tillét at soldatane plyndra eigedomane til dei fastbuande, det var ikkje éin spanjol som skåna dei innfødde. Dei forlét jorda som øydemark, lokale folk vart fanga, bundne og tvungne til å bere for conquistadorane utan noko medkjensle.

Tilbake i Peru[endre | endre wikiteksten]

Frå Valle Luna, Atacama, Chile

de Almagro nådde fram til Cuzco i 1537. Ruta dei valde gjekk over Atacama, ein ørken med særs krevjande klimatiske tilhøve og mangel på tilgang av mat og vatn. Det har vore påstått at den burlesque spanske termen chilenske roto (sundriven, knust) først kom i bruk av peruanarar om chilenarar for å referere til tilstoda for de Almagro sine nedbrotne troppar med sundrivne klede etter den harde og arbeidskrevjande marsjen til fots gjennom Atacama. Fire år seinare kom Pedro de Valdivia til å kysse same ørkenen sørover på veg til Chile.

Då de Almagro kom attende til Peru var han bitter og oppteken av å krevje rikdomane i Cuzco for seg sjølv ein gong for alle. Året før hadde Manco Cápac II gjort opprør i den gamle inkabyen og svekka det spanske herredømet i den heilage dalen. I von om å sikre stønad frå Manco, tilbaud han Manco tilgjeving på vegne av den spanske krona. Men Manco slutta aldri offisielt opp om de Almagro sitt åtak på Cuzco. Derimot gjekk mest heile hærstyrken åt Hernando Pizarro inn i fjellområda for å overtyde Manco om å samarbeide. Dette gav de Almagro rom for å krevje byen for seg sjølv, og då Hernando Pizarro og troppene hans kom attende til Cuzco, forsvarte de Almagro seg og tok begge Pizarro-brørne Hernando og Gonzalo til fange.

Etter at de Almagro hadde teke Cuzco gjekk han mot ein hær sendt av Francisco Pizarro for å frigjere brørne. Hæren åt Pizarro var leidd av Alonso de Alvarado. Partane kom i konfrontasjon i slaget ved Abancay den 12. juli 1537. De Alvardo vart teken i slaget, men seinare lukkast det for Gonzalo Pizarro og for de Alvarado å komme ut av fangenskapet. Påføljande tingingar mellom Francisco Pizarro og Diego de Almagro enda med at også Hernando Pizarro vart laten fri i bytte mot at de Almagro fekk halde Cuzco. Men Francisco Pizarro hadde aldri tenkt å la de Almagro sitte med makta i Cuzco, han ville berre vinne tid for å organisere ein sterk nok styrke for å kjempe ned de Almagro sine troppar.

Hatun Rumiyoc i Cuzco

Det var på denne tida at de Almagro vart sjuk. Pizarro-brørne fann no at tida var moden for å kjempe ned de Almagro og støttespelarane hans. Til slutt vart de Almagro tatt til fange i slaget ved Las Salinas nær Cuzco i april 1538. Før Diego de Almagro vart avretta nytta Hernando Pizarro høve til å audmjuke han, og dei valde òg å ignorere førespurnaden om å få appellere til kongen. De Almagro bad for livet sitt medan Hernando svarde:

-Du er ein herre med eit strålande namn, ikkje vis deg veik og ynkeleg. Eg er undra over at ein mann med din ånd frykter døden så sterkt. Sjå i augo at det ikkje finst redning frå døden.

de Almagro vart dømt til døden og halshoggen den 8. juli 1538. Kroppen vart hengt på Plaza Mayor i Cuzco og synt fram som eit teikn på nederlaget hans. Den lojale tenaren Margarita gravla han under det som i dag er kyrkja la Merced i Cuzco.

El Mozo[endre | endre wikiteksten]

Diego de Almagro II (1520-1542), òg kjent som El Mozo (ungguten), var ein son åt Diego de Almagro I og Ana Martínez frå Panama by. El Mozo vart ein inspirator for konspiratorane som tok livet av Pizarro. Markien vart myrda den 26. juni 1541, og konspiratorane proklamerte straks unge de Almagro som guvernør i Peru. Av forskjellige grunner døydde alle konspiratorane ein etter ein, eller dei vart myrda alle unntatt ein som vart avretta etter ordre frå unge de Almagro. de Almagro II kjempa desperat i eit slag den 16. september 1542, han flykta til Cuzco, men vart arrestert og straks dømt til døden. Som faren vart han avretta på Plaza Mayor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen Diego de Almagro på engelsk Wikipedia slik den var 10. februar 2007. Artikkelen på engelsk er først dels omsett frå den spanske utgåva 19. august 2006, den spanske utgåva viser til desse kjeldene:

Dessutan er denne kjelda brukt i somme delar av stoffet:

  • Hemming, John: The Conquest of the Incas. Macmillan, 1970.

Anna bakgrunnsstoff på spansk[endre | endre wikiteksten]