Salamanca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salamanca
Salamanca-20080308-01-tormes catedral-pan.jpg
Flagget til Salamanca Byvåpenet til Salamanca
Flagget til Salamanca Byvåpenet til Salamanca


Plassering
Salamanca is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla y León
Provins Salamanca
Borgarmeister Julián Lanzarote Sastre
Geografi
Flatevidd
 - By

38,6 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

155 740
  4 034,7 /km²
Koordinatar 40°58′″N 5°40′″WKoordinatar: 40°58′″N 5°40′″W
Høgd over havet 802 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 37001-37008
Nettstad: www.aytosalamanca.es

Salamanca er ein by vest i Spania og provinshovudstad i provinsen Salamanca i den autonome regionen Castilla y León. Gamlebyen i Salamanca vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1988.

Byen ligg kring 200 km vest for Madrid og 100 km aust for grensa til Portugal. Han har kring 155 000 innbyggjarar og er den tredje største byen Castilla y León etter Valladolid og Burgos.

Salamanca er kjend både for dei mange monumenta og Universitetet i Salmanaca, som vart grunnlagd i 1218 som det eldste universitetet i Spania og det femte eldste i den vestlege verda. Med 30 000 studentar er universitet, i lag med turisme, hovudnæringa i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i førrromersk tid av vacceos, eit keltisk folk, som ei av fleire festninga i området nær elva Duero. På 200-talet fvt. la Hannibal omleiring på byen. Då Kartago fall til romarane, vart byen Helmantica, som han då heitte, å verte ein viktig handelsstad i det romerske Hispania. Salamanca låg ved ein romarveg, Via de la Plata, som knytte han til Emerita Augusta (dagens Mérida i sør og Asturica Augusta (dagens Astorga) i nord. Romarbrua, frå det første hundreåret evt., var ein del av denne vegen.

Etter Romarriket fall, vart byen erobra av vestgotarar og innlemma i området deira. Byen var alt eit bispesete og signaturane frå biskopane i Salamanca er funne i rådet i Toledo.

Salamanca vart erobra av maurarar, ført an av Musa bin Nusair, i år 712. I fleire år var dette området mellom Duero i sør og Tormes i nord hovudslagmarka mot dei muslimske fiendane. Dei vedvarande kampane mellom først Kongedømet León og Kongedømet Castilla og León og seinare mot Kalifatet Córdoba avfolka Salamanca og reduserte han til ein uviktig busetnad. Etter slaget ved Simancas (939) busette dei kristne området på nytt. Etter Alfonso VI av Castilla erobra Toledo i 1085 auka folketalet i området.

Ein av dei viktigaste hendingane i historia til Salamanca skjedde i 1218, då Alfonso IX av León grunnla Universitetet i Salamanca. Det vart raskt eit av dei viktigaste akademiske sentra i Europa.[1]

I den spanske sjølvstendekrigen vart slaget ved Salamanca utkjempa her den 22. juli 1812. Dette var eit alvorleg nederlag for franskmennene og eit stort tilbakeslag for Salamanca, som fekk den vestlege bydelen fullstendig øydelagd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Salamanca

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.gosalamanca.info/about/history.aspx