Periferieininga Kardítsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Kardítsa
Περιφερειακή ενότητα Καρδίτσας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Thessalía
Hovudstad Kardítsa
Folketal 113 544 (2011[1]) Rangering 28.
Areal 2 636 km²
Folketettleik 43/km²
Kommunar 6
Postnummer 43x xx
Retningsnummer 244x0
Bilnummer KA
Heimeside www.karditsa.gr

Periferieininga Kardítsa (gresk Περιφερειακή ενότητα Καρδίτσας, Periferiakí enótita Kardítsas) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Kardítsa. Periferieininga er stort sett basert på jordbruk og har ingen provinsar. Kardítsa ligg om lag 300 km frå Aten. Den vestlege halvdelen av periferieininga er dominert av Píndosfjella.

Periferieininga grensar til Tríkala i nord, Lárisa i aust, Fthiótida i søraust, Etoloakarnanía og Evrytanía i sørvest og Árta i vest. Dei største elvane er Mégdovas i sør og Piniós i nord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det som i dag er periferieininga Kardítsa var i antikken ein del av Kongedømet Makedonia og seinare Romarriket, Austromarriket, Stor-Vlakhia og frå 1400-talet til 1881 ein del av Det osmanske riket. Etter 1881 har det høyrt til Hellas, først som ein del av det større prefekturet Tríkala-Kardítsa fram til 1947.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Lárisa eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Kardítsa Arjithéa Arjithéa 430 65 24450-31
Akhelóos 430 66 24450-31
Athamánes 430 69 24450-31
Mouzáki Mouzáki 430 60 24450-4
Ithómi 430 64 24410-39
Pámisos 430 61 24410-8
Límni Plastíra Plastíras 430 67 24410-95
Nevrópoli Agráfon 430 60 24410-92
Kardítsa Kardítsa 431 00 24410-2 til 7
Ítamos 431 00 24410-81
Kallífono 431 00 24410-88
Kámbos 431 00 24410
Mitrópoli 431 00 24410-55
Palamás Palamás 432 00 24440-2
Séllana 430 70 24410-5
Fýllo 430 62 24440-31
Sofádes Sofádes 433 00 24430-2
Árni 433 00 24430-41
Tamásio 430 63 24430-31
Menelaída 433 00 24430-51
Rendína 430 68 24430-71

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Kardítsa Kardítsa 38 554
Palamás Palamás 5 745
Sofádes Sofádes 5 556
Kardítsomagoúla Kardítsa 2 063
Mouzáki Mouzáki 1 961
Agnanderó Mouzáki 1 764
Proástio Palamás 1 666
Matarága Sofádes 1 421
Artesianó Kardítsa 1 296
Mitrópoli Kardítsa 1 262
Itéa Palamás 1 199
Mavrommátio Mouzáki 1 115
Kallifóni Kardítsa 1 017

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]