Phoebastria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Phoebastria


Laysanalbatross Foto: DickDaniels
Laysanalbatross
Foto: DickDaniels

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Phoebastria
Artar
Vitskapleg namn
Phoebastria
L. Reichenbach, 1853

Phoebastria er ei biologisk slekt av albatrossar. Desse store stormfuglane er dei mest tropiske av albatrossane, med totalt fire artar. To artar, laysanalbatross og svartfotalbatross hekkar i på dei nordvestre øyane av Hawaii, gulhovudalbatross hekkar på subtropiske øyar sør for Japan og galapagosalbatross hekkar på Galapagosøyane, ved ekvator.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Phoebastria-albatrossar varierer i storleik frå 190-240 cm, og dei har alle korte, svarte halar.[1]

Dietten for desse fuglane liknar dietten for andre albatrossar ved at dei et fisk, blekksprut, krepsdyr og åtsel.[1]

Dei vel isolerte område som hekkeplassar, og legg eitt egg i kullet. Begge foreldra rugar og har omsut for ungen. Dei er monogame artar, og er ikkje kjønnsmodne før dei er 5-15 år gamle.[1]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Som for heile albatrossfamilien er taksonomien i Phoebastria forvirrande. Det er allment akseptert i dag, basert på molekylære prov og fossil, at dei er ei distinkt slekt gått frå Diomedea. Dei fleste kvite albatrossar var tidlegare plasserte i Diomedea, men er no avgrensa til dei to store albatrossartane.[2] Dei deler einskilde eigenskapar: Først er det at nasebora sit på sidene av overnebbet. Nebba på alle stormfuglar i Procellariiformes er òg unike i at dei er delt inn i mellom 7 og 9 hornplater. Til slutt, produserer stormfuglar ei mageolje av voksesterar og triglyseridar som er lagra i øvre delen av fordøyingssystemet. Dette blir brukt mot rovdyr og fungerer dessutan som ei lagra, energirik matkjelde for ungar så vel som for vaksne under lange flygingar.[3] Dei har òg ein saltkjertel som ligg ovanfor nasepassasjen som hjelper til å avsalte kroppen, det er salt dei får i seg på grunn av den høge mengda havvatn som dei absorberer. Kjertelen skil ut ei sterk saltoppløysing frå nasebora.[4]

Artar[endre | endre wikiteksten]

Phoebastria og Diomedea hadde allereie skilt lag midt i miocen, for 12-15 millionar år sidan. Fleire fossile former er kjente, som forresten òg gjev prov på at Phoebastria tidlegare var utbreidd i Nord-Atlanteren. Den noverande utbreiinga er såleis ein rest. Den eldste kjende arten, med namnet P. californica, var minst på storleiken med gulhovudalbatross, og kan ha vore ein stamfar av denne arten.

Phoebastria i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Double, M. C. (2003). «Procellariiformes (Tubenosed Seabirds)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J. et al.. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 107–111. ISBN 0 7876 5784 0. 
  • Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First ed.). New York, NY: Simon & Schuster. ss. 29–31. ISBN 0 671 65989 8. 
  • Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. Auk 113(4): 784-801. PDF fulltext
  • Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J. et al.. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 113–116. ISBN 0 7876 5784 0. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Robertson, C. J. R. (2003)
  2. Nunn, G. B., et al. (1996)
  3. Double, M. C. (2003)
  4. Ehrlich, Paul R. (1988)
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)