Possible Musics

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics
Studioalbum av Jon Hassell & Brian Eno
Utgjeve 1980
Innspelt 1980, Celestial Sounds,
New York City
AGO, Toronto (live)
Sjanger Avantgarde, ambient, verdsmusikk
Lengd 45:05
Selskap E.G., Polydor
Produsent Brian Eno med
Jon Hassell
Kritikk

Allmusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg lenkje
Robert Christgau (A) lenkje

Brian Eno-kronologi
Ambient 3: Day of Radiance
(1980)
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics My Life in the Bush of Ghosts
(1981)
Jon Hassell-kronologi
Earthquake Island
(1978)
Fourth World, Vol. 1: Possible Musics Dream Theory in Malaya
(1981)

Fourth World, Vol. 1: Possible Musics er eit album frå 1980 av Brian Eno og Jon Hassell.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

«Fourth World» er eit omgrep som trompetisten Jon Hassell nytta for å skildre musikkstilen som ein fekk med moderne teknologiske handsamingar påverka av forskjellige kulturar og tidsepokar. Han ønskte musikken på albumet til å vere «framtidig primitiv» eller «ein kaffi-farga klassisk musikk».

Hassell hadde studert indisk klassisk musikk med songaren Pandit Pran Nath, og seinare nytta vokalteknikkane i trompetspelinga si. I lag med Eno blanda han lydane frå instrumentet sitt med digital forseinking, ekko og elektroniske effektar for å skape ei unik blanding av ambient og verdsmusikk.

Trompeten til Hassell dominerer albumet gjennom, men høyrest likevel nesten aldri ut som ein.

Eno tok det han lærte frå å lage dette albumet med seg i samarbeidet med David ByrneMy Life in the Bush of Ghosts. Hassell meinte visstnok at albumet med Byrne var for «kommersielt» og hudfletta Eno i eit intervju for metodane hans og «mangelen på musikalsk herkomst». Dei vart etter kvart vener att.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Chemistry»   Jon Hassell, Brian Eno 6:50
2. «Delta Rain Dream»   Hassell, Eno 3:26
3. «Griot (Over 'Contagious Magic')»   Hassell 4:00
4. «Ba-Benzélé»   Hassell 6:15
5. «Rising Thermal 14° 16' N; 32° 28' E»   Hassell, Eno 3:05
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «Charm (Over 'Burundi Cloud')»   Hassell 21:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Hassell – trompet, Prophet 5 på «Delta Rain Dream»", «Aular»-loop på «Rising Thermal», Arp-loopar på «Charm»
  • Brian Eno – gitar på «Delta Rain Dream», Prophet 5 på «Ba-Benzélé» og «Rising Thermal», MiniMoog & handsamingar på «Charm»
  • Percy Jones – bass på «Chemistry»
  • Naná Vasconçelosghatam, congaar, trommeloopar
  • Aïyb Dieng – ghatam, congatrommer
  • Michael Brook – bass på «Griot»
  • Paul Fitzgerald – elektronikk på på «Griot»
  • Gordon Philips – handklapping på «Griot»
  • Andrew Tomar – handklapping på «Griot»
  • Tina Pearson – handklapping på «Griot»
  • Jerome Harris – bass på «Ba-Benzélé»
  • Night Creatures of Altamira – på «Rising Thermal»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]