Before and After Science

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Before and After Science
Studioalbum av Brian Eno
Utgjeve Desember 1977
Innspelt Basing St Studios i London
Conny's Studio i Köln[1]
Sjanger Kunstrock
Lengd 39:30
Selskap Polydor
Produsent Brian Eno, Rhett Davies
Kritikk
Brian Eno-kronologi
Discreet Music
(1975)
Before and After Science Music for Airports
(1978)

Before and After Science er det femte studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies, og kom opphavleg ut på Polydor Records i desember 1977. I motsetnad til dei førre albuma til Eno, som skrivne og innspelte raskt, tok dette albumet over to år å gjere ferdig. Fleire gjestemusikarar frå Storbritannia og Tyskland deltok på albumet, mellom andre medlemmar frå Roxy Music, Free, Fairport Convention, Can og Cluster. Det vart skriven over 100 songar for albumet, men berre ti av dei kom med på den endelege utgåva. Musikkstilen varierer frå energetisk og skarp til meir slapp og landleg.

Dette var det siste albumet til Eno med rockemusikk i 1970-åra som soloartist, medan resten av albuma hans dette tiåret retta seg mot avantgarde og ambient musikk, som får hint om på den andre halvdelen av Before and After Science. Albumet var det andre til Eno som gjekk inn på salslista i USA. Songen «King's Lead Hat» vart gjeven ut som singel, men nådde ikkje lista i Storbritannia. Albumet har fått positiv kritikk og vert trekt fram som eit av dei beste til Eno.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Det tok over to år og lage Before and After Science.[12] Med seg på albumet hadde han artistar som gitarist Fred Frith, Jaki Liebezeit frå den tyske krautrockgruppa Can som spelte trommer for Eno på «Backwater», medan den tyske ambient musikk-gruppa Cluster medverka med låtskriving og spelte på songen «By This River».[1][2] Eno hadde tidlegare arbeidd med Cluster på albumet deira Cluster & Eno i 1977.[13] I tillegg spelte Dave Mattacks frå Fairport Convention og Andy Fraser frå Free.[1][14][14]

I tillegg spelte fleire musikarar Eno hadde arbeidd med tidlegare, som Percy Jones, Phil Collins, Robert Fripp frå King Crimson, Paul Rudolph frå Hawkwind og Bill McCormick og Phil Manzanera frå Quiet Sun.[15] Robert Wyatt spelte under psevdonymet Shirley Williams.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnd. 

Side ein
# Tittel Arrangement Lengd
1. «No One Receiving»     3:52
2. «Backwater»     3:43
3. «Kurt's Rejoinder»     2:55
4. «Energy Fools the Magician»   Percy Jones, Brian Eno 2:04
5. «King's Lead Hat»     3:56
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Arrangement Lengd
1. «Here He Comes»       5:38
2. «Julie With ...»       6:19
3. «By This River»   Eno, Hans-Joachim Roedelius, Dieter Moebius   3:03
4. «Through Hollow Lands» (For Harold Budd)   Fred Frith, Eno 3:56
5. «Spider and I»       4:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 (1977) Plateomslagstekst for Before and After Science avBrian Eno [Vinyl back cover]. Island (ILPS-9478).
  2. 2,0 2,1 Ross Smith, David. «Before and After Science album review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r106396. Henta 2009-05-29. 
  3. Wolk, Douglas (2004). «Blender: Brian Eno (various reissues)». Blender. Arkivert frå originalen den 12 august 2009. http://www.webcitation.org/5iya6ehIr. 
  4. Christgau, 1990. p.127
  5. «Brave New Eno: Before and After Science». Crawdaddy! (84): 64. May 1978. «Brian Eno is an agent from some other time and some other place who seems to know something that we don't but should...I can't remember the last time a record took such a hold of me—and gave such an extreme case of vertigo, too.)». 
  6. «Record Reviews: Before and After Science». Down Beat (45): 36. 13 juli 1978. «What a wonderland of a zoo, a cross between steaming smoke, atonal mystery and hanging, frothy ditties...This is another typically awesome, stunning, numbing Brian Eno album—the record Pink Floyd could make if they set their collective mind to it.)». 
  7. «Pitchfork: Brian Eno: Here Come the Warm Jets / Taking Tiger Mountain (By Strategy) / Another Green World / Before and After Science». Pitchfork Media. June 13, 2004. http://pitchfork.com/reviews/albums/11730-here-come-the-warm-jets-taking-tiger-mountain-by-strategy-another-green-world-before-and-after-science/. Henta 2009-05-31. 
  8. Davidson, John (July 29, 2004). «Brian Eno: Before and After Science [reissue - PopMatters Music Review»]. Popmatters. http://www.popmatters.com/pm/review/enobrian-before2004/. Henta 2009-05-30. 
  9. Carson, Tom (May 18, 1978). «Before and After Science album review». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/reviews/album/117241/review/5940433?utm_source=Rhapsody&utm_medium=CDreview. Henta 23. april 2011. 
  10. Weisbard & Marks, 1995. s.129
  11. «Stranded: Before and After Science - Article - Stylus Magazine». Stylus Magazine. http://www.stylusmagazine.com/articles/weekly_article/stranded-before-and-after-science.htm. Henta 23. april 2011. 
  12. Tamm, 1989. s.107
  13. Waynick, Michael. «Cluster & Eno album review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r105951. Henta 23. april 2011. 
  14. 14,0 14,1 True, Christopher M.. «Andy Fraser overview at Allmusic». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p17685. Henta 23. april 2011. 
  15. Mills, Ted. «Quiet Sun overview at Allmusic». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p11480. Henta 23. april 2011. 
  16. A Quantity Of Stuff - The Brian Eno Story. Stuart Maconie. BBC Radio 2. 23. april 2011.