Discreet Music

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Discreet Music
Studioalbum av Brian Eno
Utgjeve november 1975
Sjanger Ambient, klassisk
Lengd 54:07
Selskap EG
Produsent Brian Eno
Kritikk
Brian Eno-kronologi
Another Green World
(1974)
Discreet Music Before and After Science
(1977)

Discreet Music (1975) er eit album av den britiske ambient-musikaren Brian Eno. Sjølv om (No Pussyfooting) kan ha vore det første ambient albumet hans, og Another Green World inneheld fleire ambient-stykke, er dette det første soloalbumet til Brian Eno med rein ambient. Det er òg det første soloalbumet til Eno gjeven ut under det fulle namnet Brian Eno, der han tidlegare berre hadde nytta Eno.

Brian Eno sitt konsept for ambient musikk bygde på eit konsept komponist Erik Satie kalla møbelmusikk. Dette tyder at musikken er meint å blande seg inn i den omgjevande (ambiente) atmosfæren i rommet i staden for å vere direkte fokusert på.

Inspirasjonen for albumet byrja då Eno var sengeliggande etter ei ulukke og fekk eit album med harpemusikk frå 1700-talet. Etter å ha kjempa seg opp for å setje på plata og kome attende til senga, oppdaga han at han hadde skrudd lyden så lågt ned at det berre så vidt var mogeleg å høyre, og han mangla styrke for å reise seg opp att og skru volumet høgare. Eno har sagt at denne opplevinga lærte han ein ny måte å oppfatte musikk på.

Albumet er òg eit eksperiment i algoritmisk, generativ komposisjon. Meininga hans var å utforske forskjellige måtar å skape musikk på med avgrensa planlegging eller innblanding.

Side ein av albumet er eit tretti minuttar langt stykke kalla «Discreet Music». Det var opphavleg meint som bakgrunnsmusikk som Robert Fripp skulle spele oppå på fleire konsertar. I plateomslaget finn ein eit skjema som syner korleis stykket vart skapt.

Den andre halvdelen av albumet er tre stykke kalla «Three Varietions on the Canon in D Major» av Johann Pachelbel. Desse stykka vart framført av The Cockpit Ensemble, dirigert og med-arrangert av Gavin Bryars. Medlemmar i orkesteret fekk kvar korte utdrag frå partituret, som vart repetert fleire gonger, i lag med instruksjonar om å gradvis endre tempoet eller andre element i komposisjonen.

Eit kort utdrag av «Discreet Music» finst på Fripp & Eno sitt Evening Star, som kom ut før dette albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

  1. «Discreet Music» (Brian Eno) – 30:35

Side to[endre | endre wikiteksten]

«Three Varietions on the Canon in D Major by Johann Pachelbel»

  1. «Fullness of Wind» – 9:57
  2. «French Catalogues» – 5:18
  3. «Brutal Ardour» – 8:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Brian Eno – synthesizer, tangentinstrument, produsent
  • Gavin Bryars – arrangør, dirigent
  • The Cockpit Ensemble


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Weisbard & Marks, 1995. p.129