Preflyte
| Preflyte Samlealbum av The Byrds |
||
| Utgjeve | 29. juli 1969 | |
| Innspelt | Midten av 1964 til november 1964, World Pacific Studios, Los Angeles | |
| Sjanger | Pop, folkrock | |
| Lengd | 25:38 | |
| Selskap | Together | |
| Produsent | Jim Dickson | |
| The Byrds-kronologi | ||
|---|---|---|
| Dr. Byrds & Mr. Hyde (1969) |
Preflyte | Ballad of Easy Rider (1969) |
Preflyte er eit samlealbum av det amerikanske folkrockbandet The Byrds som kom ut i juli 1969 på Together Records.[1] Albumet er ei samling av demoar som vart spelte inn av The Byrds (då kalla The Jet Set) i World Pacific Studios i Los Angeles i 1964, før bandet hadde signert platekontrakt med Columbia Records.[2] Musikken er spelt inn før debutsingelen deira for Columbia, ein coverversjon av Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man», som toppa listene i USA og Storbritannia i 1965.[2] Tittelen på albumet er ei feilstaving av pre-flight, som er meint å etterlikne feilstavinga av «birds» som bandet nytta som namnet sitt. I 2001 gav Sundazed Records ut ei utvida dobbelplate med songar frå denne tida, kalla The Preflyte Sessions.[3]
Preflyte nådde 84. plass på den amerikanske albumlista då plata kom ut, og selde betre enn det nyaste studioalbumet til The Byrds på den tida, Dr. Byrds & Mr. Hyde.[4][5]
Albumet inneheld fleire songar som ikkje tidlegare var spelte inn, i tillegg til tidlege utgåve av kjende songar som kom ut på debutalbumet.[6]
Innhald [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «You Showed Me» (Jim McGuinn, Gene Clark) | 2:05 | |||||||
| 2. | «Here Without You» (Gene Clark) | 2:30 | |||||||
| 3. | «She Has a Way» | 2:34 | |||||||
| 4. | «The Reason Why» | 2:34 | |||||||
| 5. | «For Me Again» | 2:32 | |||||||
| 6. | «Boston» | 2:07 | |||||||
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «You Movin'» | 2:10 | |||||||
| 8. | «The Airport Song» (Jim McGuinn, David Crosby) | 2:03 | |||||||
| 9. | «You Won't Have to Cry» (Jim McGuinn, Gene Clark) | 2:17 | |||||||
| 10. | «I Knew I'd Want You» | 2:19 | |||||||
| 11. | «Mr. Tambourine Man» (Bob Dylan) | 2:20 | |||||||
Medverkande [endre]
- Jim McGuinn - sologitar, vokal
- Gene Clark - perkusjon, munnspel, gitar, vokal
- David Crosby - gitar, vokal
- Chris Hillman - elektrisk bass
- Michael Clarke - trommer, perkusjon
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Preflyte» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X
- Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965–1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 548–549. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ 2,0 2,1 Fricke, David. (2001). The Preflyte Sessions (2001 CD liner notes).
- ↑ «The Preflyte Sessions review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/the-preflyte-sessions-r561532. Henta 18. oktober 2010.
- ↑ «Preflyte - Billboard Albums Data». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/preflyte-r32040. Henta 18. oktober 2010.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 218–219. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ «Preflyte review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/preflyte-r32040. Henta 18. oktober 2010.