Untitled av The Byrds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
(Untitled)
Studioalbum av The Byrds
Utgjeve 14. september 1970
Innspelt Konsertalbum: 28. februar 1970, Colden Center Auditorium, Queens College i New York City
1. mars 1970, Felt Forum iNew York City, NY
Studioalbum: 26. mai til 11. juni 1970, Columbia Studios, Hollywood
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 71:27
Selskap Columbia
Produsent Terry Melcher, Jim Dickson
The Byrds-kronologi
Ballad of Easy Rider
(1969)
(Untitled) Byrdmaniax
(1971)

(Untitled) er det niande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i september 1970 på Columbia Records.[1] Det er eit dobbeltalbum der den eine plata inneheld konsertopptak frå tidleg i 1970 i New York City og den andre er ei studioplate med nye innspelingar.[2] Dette var dei første konsertopptaka med bandet som vart gjeven ut, samt det første albumet med den nye bassisten Skip Battin, som hadde erstatta John York seint i 1969.[3][4]

Studioalbumet består hovudsakleg av nye, sjølvskrivne songar, mellom anna fleire skriven av frontmannen Roger McGuinn og teaterinstruktøren frå Broadway, Jacques Levy, for ein planlagt countryrockmusikal som paret heldt på å utvikle.[4] Produksjonen skulle baserast på Henrik Ibsen sin Peer Gynt og oppsett som Gene Tryp (eit anagram av Peer Gynt)), der soga skulle finne stad sørvest i Amerika på midten av 1800-talet.[5] Planane for musikalen fall gjennom og fem av songane som var meint for Gene Tryp vart i staden spelt inn av The Byrds for (Untitled), sjølv om berre fire av dei hamna på albumet til slutt.[4]

Albumet nådde 40. plass på den amerikanske albumlista og 11. plass i Storbritannia.[6][7] Ein singel vart teken frå albumet, «Chestnut Mare» og gjeven ut i USA i oktober 1970. Singelen nådde 121. plass på singellista der.[1][8] Singelen vart seinare gjeven ut i Storbritannia i januar 1971, der han gjorde det langt betre med ein 19. plass.[1][7] Albumet fekk god kritikk då det kom ut og selde godt, og både kritikarar og tilhengjarar meinte at bandet no var tilbake der det hadde vore før kvalitetsmessig.[2] Albumet vert framleis rekna som det beste av den seinare utgåva av The Byrds.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein (konsert)
# Tittel Lengd
1. «Lover of the Bayou» (Roger McGuinn, Jacques Levy) 3:39
2. «Positively 4th Street» (v) 3:03
3. «Nashville West» (Gene Parsons, Clarence White) 2:07
4. «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» (Roger McGuinn, Chris Hillman) 2:38
5. «Mr. Tambourine Man» (Bob Dylan) 2:14
6. «Mr. Spaceman» (Roger McGuinn) 3:07
Side to (konsert)
# Tittel Lengd
7. «Eight Miles High» (Gene Clark, Roger McGuinn, David Crosby) 16:03
Side tre (studio)
# Tittel Lengd
8. «Chestnut Mare» (Roger McGuinn, Jacques Levy) 5:08
9. «Truck Stop Girl» (Lowell George, Bill Payne) 3:20
10. «All the Things» (Roger McGuinn, Jacques Levy) 3:03
11. «Yesterday's Train» (Gene Parsons, Skip Battin) 3:31
12. «Hungry Planet» (Skip Battin, Kim Fowley, Roger McGuinn) 4:50
Side fire (studio)
# Tittel Lengd
13. «Just a Season» (Roger McGuinn, Jacques Levy) 3:50
14. «Take a Whiff on Me» (Huddie Ledbetter, John Lomax, Alan Lomax) 3:24
15. «You All Look Alike» (Skip Battin, Kim Fowley) 3:03
16. «Well Come Back Home» (Skip Battin) 7:40

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Byrds
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 544–547. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 307–311. ISBN 0-95295-401-X. 
  3. Rogan, Johnny. (2000). (Untitled)/(Unissued) (2000 CD liner notes). 
  4. 4,0 4,1 4,2 Fricke, David. (2000). (Untitled)/(Unissued) (2000 CD liner notes). 
  5. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 200. ISBN 1-90600-215-0. 
  6. «The Byrds Billboard Albums». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-byrds-p3810. Henta 19. oktober 2010. 
  7. 7,0 7,1 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  8. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 253–257. ISBN 1-90600-215-0. 
  9. «(Untitled) review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/untitled-r738051. Henta 19. oktober 2010.