Fifth Dimension

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fifth Dimension
Studioalbum av The Byrds
Utgjeve 18. juli 1966
Innspelt 24. januar til 25. mai 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Folkrock, psykedelisk rock, ragarock
Lengd 29:59
Selskap Columbia
Produsent Allen Stanton
The Byrds-kronologi
Turn! Turn! Turn!
(1965)
Fifth Dimension Younger Than Yesterday
(1967)

Fifth Dimension er det tredje albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds. Det kom ut i juli 1966 på Columbia Records.[1][2] Det meste av albumet vart spelt inn etter at den viktigaste låtskrivaren i bandet, Gene Clark forlet bandet i februar 1966.[3][4] I eit forsøk på å kompensere for tapet, skreiv Jim McGuinn og David Crosby fleire songar enn dei tidlegare hadde gjort.[5] Trass i dette førte tapet av Clark til eit ujamnt album som hadde med i alt fire coverversjonar og ein instrumental.[3][2] Albumet er det første av The Byrds som ikkje har med nokre songar av Bob Dylan.[3]

Albumet nådde 24. plass på den amerikanske albumlista og 27. plass i Storbritannia.[6][7] To singlar vart gjeven ut før albumet kom ut, «Eight Miles High» og «5D (Fifth Dimension)». Desse var begge med på albumet. Seinare vart ein tredje singel gjeven ut for albumet, «Mr. Spaceman». Då det kom ut vart Fifth Dimension rekna som det mest eksperimentelle albumet bandet hadde gjeve ut til då, og vert i dag rekna som viktig for starten av sjangeren psykedelisk rock.[3][5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «5D (Fifth Dimension)» (Jim McGuinn) 2:33
2. «Wild Mountain Thyme» (tradisjonell, arrangert av Jim McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke, David Crosby) 2:30
3. «Mr. Spaceman» (Jim McGuinn) 2:09
4. «I See You» (Jim McGuinn, David Crosby) 2:38
5. «What's Happening?!?!» (David Crosby) 2:35
6. «I Come and Stand at Every Door» (Nâzım Hikmet) 3:03
Side to
# Tittel Lengd
7. «Eight Miles High» (Gene Clark, Jim McGuinn, David Crosby) 3:34
8. «Hey Joe (Where You Gonna Go)» (Billy Roberts) 2:17
9. «Captain Soul» (Jim McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke, David Crosby) 2:53
10. «John Riley» (tradisjonell, arrangert av Jim McGuinn, Chris Hillman, Michael Clarke, David Crosby) 2:57
11. «2-4-2 Fox Trot (The Lear Jet Song)» (Jim McGuinn) 2:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Byrds
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 541–546. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 «Fifth Dimension review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/fifth-dimension-r3062. Henta 17. oktober 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Fricke, David. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes). 
  4. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 80–87. ISBN 1-90600-215-0. 
  5. 5,0 5,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 177–186. ISBN 0-95295-401-X. 
  6. Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  7. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8.