Mr. Tambourine Man av The Byrds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mr. Tambourine Man
Studioalbum av The Byrds
Utgjeve 21. juni 1965
Innspelt 20. januar til 22. april 1965, Columbia Studios, Hollywood
Sjanger Folkrock, pop
Lengd 31:35
Selskap Columbia
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi
Mr. Tambourine Man Turn! Turn! Turn!
(1965)

Mr. Tambourine Man er debutalbumet til det amerikanske folkrockbandet The Byrds og kom ut i juni 1965 på Columbia Records.[1] Albumet og singelen med same namn etablerte bandet som eit internasjonalt rockeband og var særs viktig i forminga av det som skulle verte kjend som folkrock.[2] Uttrykket «folkrock» vart faktisk først nytta av den amerikanske musikkpressa for å skildre musikkstilen til bandet i midten av 1965, rundt samstundes med at «Mr. Tambourine Man» nådde toppen av singellista.[3] Både singelen og albumet var den første amerikanske utfordrande til The Beatles og den britiske bølgja på midten av 1960-talet.[4]

Albumet nådde sjetteplassen på albumlista i USA og sjuandeplass i Storbritannia.[5][6] Det var Bob Dylan som skreiv «Mr. Tambourine Man», som vart gjeven ut av The Byrds like før albumet kom i april 1965. Singelen gjekk rett til topps både i USA og Storbritannia, medan han nådde fjerdeplassen i Noreg.[7][6] Ein annan singel frå albumet, «All I Really Want to Do», òg skriven av Dylan, gjorde det berre moderat bra i USA, men nådde Topp 10 i Storbritannia.[7][6]

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mr. Tambourine Man kom ut 21. juni 1965 i USA og 20. august 1965 i Storbritannia. Då det kom ut fekk det nesten berre god kritikk overalt, og det vart lagt merke til at ein blanda element frå folkemusikk med pop-rytmar. Pete Seeger sin «The Bells Of Rhymney» er eit døme på dette.[8]

Albumet vart sett på 232. plass av musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Mr. Tambourine Man» (Bob Dylan) 2:29
2. «I'll Feel a Whole Lot Better» (Gene Clark) 2:32
3. «Spanish Harlem Incident» (Bob Dylan) 1:57
4. «You Won't Have to Cry» (Gene Clark, Jim McGuinn) 2:08
5. «Here Without You» (Gene Clark) 2:36
6. «The Bells of Rhymney» (Idris Davies, Pete Seeger) 3:30
Side to
# Tittel Lengd
7. «All I Really Want to Do» (Bob Dylan) 2:04
8. «I Knew I'd Want You» (Gene Clark) 2:14
9. «It's No Use» (Gene Clark, Jim McGuinn) 2:23
10. «Don't Doubt Yourself, Babe» (Jackie DeShannon) 2:54
11. «Chimes of Freedom» (Bob Dylan) 3:51
12. «We'll Meet Again» (Ross Parker, Hughie Charles) 2:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Byrds
Studiomusikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. s. 545. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. Rogan, Johnny. (1996). Mr. Tambourine Man (1996 CD liner notes). 
  3. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd ed.). Rogan House. ss. 81–87. ISBN 0-95295-401-X. 
  4. «The Byrds Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/the-byrds-p3810. Henta 16. oktober 2010. 
  5. Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Record Research Inc. s. 121. ISBN 0-89820-147-0. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  7. 7,0 7,1 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  8. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 39–40. ISBN 1-90600-215-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]