Gene Parsons
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gene Parsons | |
| Fødd | 4. september 1944 (67 år) Morongo Valley, Mojaveørkenen i California i USA |
| Instrument | Gitar, trommer, banjo, munnspel |
| Sjanger | Rock, countryrock, bluegrass |
| Aktive år | 1966 - til i dag |
| Yrke | Musikar, låtskrivar, lydteknikar |
| Plateselskap | Bakersfield International, Columbia, Warner Bros., Sierra, Stringbender |
| Nettstad | stringbender.com |
Gene Victor Parsons (fødd 4. september 1944) er ein amerikansk trommeslagar, banjospelar, gitarist, låtskrivar og nyskapande lydteknikar, som er mest kjend som medlem av The Byrds frå 1968 til 1972. Parsons spelte òg inn soloalbum og var medlem av banda Nashville West, The Flying Burrito Brothers og Parsons Green. Parsons er kjend for å ha funne opp B-Bender (òg kjend som StringBender) i lag med Clarence White.[1]
Han er ikkje i slekt med Gram Parsons, som han spelte i lag med.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gene Parsons» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Parsons-White String Bender". Vintage Gitar. http://www.vintagegitar.com/features/brands/details.asp?AID=1179. Henta 16. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: