Gram Parsons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gram Parsons
Verkeleg namn Ingram Cecil Connor III
Fødd 5. november 1946
Winter Haven i Florida
Død 19. september 1973 (26 år)
Joshua Tree i California
Instrument Vokal, gitar, piano, orgel
Sjanger Country, countryrock, rock
Yrke Låtskrivar, gitarist, pianist
Plateselskap Reprise, A&M

Gram Parsons eg. Cecil Ingram Connors (fødd 5. november 1946 i Winter Haven i Florida, død 19. september 1973 i The Joshua Tree i California) var ein amerikansk countrysongar, gitarist, pianist og låtskrivar. Parsons hadde aldri dei heilt store kommersielle suksessane, men har vore svært viktig gjennom korleis han kombinerte country- og rockemusikk og var slik ei inspirasjonskjelde for mange, mellom andre Keith Richards, Elvis Costello og særleg Emmylou Harris. Både livet hans og døden hans har medverka til at han er vorte ein kultperson.

Han kom frå ein velståande bakgrunn, men faren gjorde sjølvmord då han var liten og mora gifta seg igjen. Han voks opp i Waycross, Georgia.

Namnet Ingram vart forkorta til Gram og han fekk etternamna til stefaren sin Parsons. Både det økonomiske sjølvstendet hans og det at han ikkje var avhengig av dei andre musikarane gjorde at han levde eit omflakkende og rastlaust liv. Han starta bandet The International Submarine Band då han var student ved Harvard. Bandet flytta til California og spelte inn albumet Safe at Home. Dette albumet har ein frisk lyd og inneheld nye tolkingar av mellom anna Johnny Cash sin «I Still Miss Someone» og eigne komposisjonar. Bandet vart likevel oppløyst etter innspelinga og Parsons vart med i The Byrds. Det var opphavleg tenkt at han her skulle ha ei lita tilbaketrekt rolle, men han tok snart over og dette kjem tydeleg fram på albumet Sweetheart of the Rodeo som læt annleis enn noko anna The Byrds har gjort, sidan det er reindyrka country. Då The Byrds skulle på turne til Sør-Afrika slutta Parsons, inspirert av Rolling Stones om at det var umoralsk å spele der under apartheidtida.

Det neste prosjektet til Parsons var The Flying Burrito Brothers som han starta saman med Chris Hillman, som òg kom frå The Byrds. Denne gruppa spelte inn to album, der særleg den første The Gilded Palace of Sin er ei meisterleg blanding av country, rock og soul. Parsons gav så ut dei sterke soloalbuma GP og Grievous Angel, som vart det siste han spelte inn. På desse albuma spelte han saman med bandet til Elvis Presley, men særleg bidraga til Emmylou Harris var viktige, både stemma hennar og harmoniane. Dei gode duettane deira kjem særleg fram på «Love Hurts» og «Return of the Grievous Angel».

Som så mange andre musikarar på denne tida misbrukte òg Parsons alkohol og narkotiske stoff. I 1973 døydde han av ein overdose i Joshua Tree nasjonalpark i California. Døden hans gjekk ikkje upåakta hen. Ein av roadiane, Philip Kaufmann, hadde fått tak i ein hippie, Michael Martin, som eigde ein likbil. Med den stal dei kista med Parsons i før denne skulle fraktast til heimbyen, og køyrde han ut i ørkenen ved Joshua Tree, der dei sette fyr på kista og liket til Parsons. Seinare fekk dei to ei bot for å ha stole kista, men ikkje liket. Historia rundt dødsfallet til Gram Parsons er filma i filmen Grand Theft Parsons frå 2003.

Songen «Boulder to Birmingham» av Emmylou Harris omhandlar sorga ho kjende i tida etter Parsons døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]