Skip Battin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skip Battin

Skip Battin (1970)
Fødd18. februar 1934
FødestadGallipolis
Død6. juli 2003 (69 år)
DødsstadSalem
FødenamnClyde Battin
OpphavUSA
Aktiv1956–1991
Sjangerrock
InstrumentBassgitar
PlateselskapColumbia Records
Verka sommusikar, songar, songar-låtskrivar

Clyde «Skip» Battin (fødd 18. februar 1934 Gallipolis i Ohio, død 6. juli 2003 i Salem i Oregon) var ein amerikansk bassist og låtskrivar. Han er mest kjend som medlem i The Byrds, The New Riders of the Purple Sage og The Flying Burrito Brothers.

Skip Battin starta den tidlege musikalske karrieren sin i 1956 då han samarbeidde med Gary Paxton og danna The Pledges, duoen som seinare vart Skip & Flip, som hadde noko suksess. Etter eit par år leia han den kortvarige folkrockgruppa Evergreen Blueshoes i 1967.

Battin er truleg mest kjend som bassist og låtskrivar i The Byrds frå 1970 til 1973. Etter The Byrds vart oppløyst spelte han inn eit soloalbum, Skip. Etter dette vart han invitert med i The New Riders of the Purple Sage, der han var frå 1974 til 1976.

Seinare spelte han fleire gonger med Flying Burrito Brothers. Frå 1989 til 1991 turnerte han med Michael Clarke si utgåve av The Byrds.

Skip Battin døydde 6. juli 2003 etter komplikasjonar frå Alzheimers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]