Rasmus Rask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rasmus Christian Rask

Rasmus Christian Rask (22. november 178714. november 1832) var ein dansk språkvitar. Han skreiv fleire grammatikkar og forska på komparativ fonologi og morfologi. Rask arbeidde for ei uttalenær (ortofon) rettskriving.

Rask var fødd i BrandekildeFyn. Han vart student ved universitetet i København, og viste seg då å ha ei framståande evne til å læra seg språk. Rask fekk først ei stilling som assisterande bibliotekar ved universitetet og vart seinare professor i asiatiske språk der.

Han gav ut eit grammatisk oversyn over islandsk og andre gamle nordiske språk, samanfatta frå arbeidet til fleire tidlegare forskarar, i 1811. Mellom 1813 og 1815 budde han på Island der han lærte seg språket og kulturen og studerte den islandske litteraturen. Då han kom tilbake til København starta han det Islandske Litterære Selskab.

Vidare gav Rask ut ei angelsaksisk grammatikk, eit verk som såg på røtene til dei nordiske språka og samanlikna dei med andre, særleg gresk og latin, og ein tysk artikkel om språka og litteraturen i Noreg, Island, Sverige og Finland. Rask omsette òg begge eddaene til svensk.

I 1822 skal han ha kunna minst tjuefem språk og dialektar, og ha studert meir enn det dobbelte.

Rask utførde eit imponerande forskingsarbeid for si tid ved å reisa gjennom Russland og Persia for å studera og samanlikna språka der. Han skal ha lært seg persisk nok til å kunne føra samtalar på seks veker. Han drog deretter vidare til Bombay, der han skreiv ein artikkel om avestisk, parsarane sitt heilage språk, og fortsette så til Ceylon (Sri Lanka) der han skreiv ei skildring av dei indiske språka. I 1832 kom Rask tilbake til Danmark med fleire verdifulle dokument på mellom anna pali, avestisk og singalesisk

Seinare gav Rask ut grammatikkar om spansk, italiensk og frisisk, og ein dansk grammatikk for engelsktalande. I 1826 gav han ut eit essay om dansk rettskriving. I 1832 kom grammatikken hans over nordsamisk ut, Ræsonneret lappisk sproglære efter den sprogart, som bruges af fjældlapperne i Porsangerfjorden i Finmarken. En omarbejdelse af Prof. Knud Leems Lappiske grammatica. Grunnlaget for dei nordsamiske ortografiske grunnprinsippa byggjer framleis i dag på arbeidet lagt ned av Rask i denne grammatikken. Han døydde i København den 14. november 1832.

Rask var den første som peikte på likskapar mellom nordiske og gotiske språk på den eine sida og litauisk, slavonisk, gresk og latin på den andre. Det var òg han som fann opp den såkalla Grimms lov om korleis konsonantar endra seg frå gamle indoeuropeiske språk til nyare germanske, sjølv om han berre samanlikna dei med gresk, sidan han ikkje kjende til sanskrit.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]