Raudaugevireo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudaugevireo

Status i verda: LC Livskraftig

Raudaugevireo frå Madison, Wisconsin, USA.Foto: Flickr-brukar John Benson
Raudaugevireo frå Madison, Wisconsin, USA.
Foto: Flickr-brukar John Benson

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Vireonidae
Slekt: Vireo
Art: V. olivaceus
Vitskapleg namn
Vireo olivaceus

Raudaugevireo, Vireo olivaceus, er ein liten amerikansk Passeri som liknar songarar (parulaer), men er ikkje nært relatert til artar i parulafamilien. Utbreiingsområdet er tempererte og subtropiske område av Nord-Amerika og tropiske og subtropiske Sør-Amerika, i Nord-Amerika manglar han sørvestre USA og vestlege Mexico. I Mellom-Amerika og Karibia er han generelt i transitt som flyttfugl mellom sør og nord.[1] Han er vanleg over det store utbreiingsområdet, og IUCN reknar han ikkje som trua.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne er 13-14 cm i lengd, og er i hovudsak olivengrøne på oversida med lys underside, dei har ein raud iris og ei grå krone med mørk kant. Dei har ei mørk augestripe og ei brei lys stripe rett over denne. Beina er tjukke, blågråe og nebbet er kraftig. Dei er gulaktige på flankane og på dekkfjørene under halefjørrota, men dette er svakt blant einskilde populasjonar. Denne fuglen blir ikkje alltid sett når han blir høyrt, han kan synge over lange periodar, og synest å kunne gjenta same spurnaden og svaret i det uendelege. Underartar som hekkar i Sør-Amerika har ein enklare song, ein kastanjefarga iris, og ulike remigesproporsjonar.

Raudaugevireo fangar insekt frå lauvverk, prioriterer sommarfugllarver og bladlus, nokre gonger kan dei stille i lufta medan dei plukkar insekt. I nokre tropiske regionar blir dei ofte observerte i fleirartsflokkar, og beitar då høgare opp i trea enn dei fleste andre i slike flokkar.[3] Dei et òg bær, spesielt før trekket og i vinterkvarteret. Vanlegvis plukkar dei ikkje bær når dei stiller i lufta, men fuglane er elles ofte ganske akrobatisk når dei beitar, og kan jamvel hengje opp ned.[4] Dei vil òg søkje inn i parkar og hagar.

Reiret er koppforma og plassert i ei forgreining av eit tre. Raudaugevireo blir åtaka av reirparasittisme. I nordlege delar av utbreiingsområdet av brunhovudtrupial (Molothrus ater), og av silketrupial (M. bonariensis) lenger sør.

Trekk[endre | endre wikiteksten]

Det finst tre hovudgrupper av i alt 10 underartar.[5] Nominatarten har hekkehabitat i opne skogsområde tvers over Canada og austlege og nordvestlege USA. Desse fuglane trekkjer til Amazonasbassenget i Sør-Amerika, kor dei lever i den nordlege vinterperioden.

Alle andre populasjonar hekkar i Sør-Amerika og finst i nesten alle skogkledde habitat i området. Ei hovudgruppe av sju underartar er standfuglar i nordlege Sør-Amerika og Tobago. Ei siste gruppe hekkar i sørlege delen av Sør-Amerika, og inkluderer mesteparten av bestanden i Argentina, Uruguay, Paraguay og Bolivia. Desse er australmigrantar og trekkjer nordover for overvintring, så langt nord som til Sentral-Amerika.

Denne vireoarten er ein av dei hyppigare amerikanske passerine streiffuglar til Vest-Europa, med meir enn hundre registreringar, hovudsakleg i Irland og Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vancouver Avian Research Centre, Species: Red-eyed Vireo Lest 19. september 2011
  2. BirdLife International (BLI) (2008). Vireo olivaceus. In: IUCN 2008. IUCN Red List of Threatened Species. Lest 19 september 2011.
  3. Machado, C.G. (1999): A composição dos bandos mistos de aves na Mata Atlântica da Serra de Paranapiacaba, no sudeste brasileiro [Mixed flocks of birds in Atlantic Rain Forest in Serra de Paranapiacaba, southeastern Brazil]. Revista Brasileira de Biologia 59(1): 75-85 [Portuguese with English abstract]. doi:10.1590/S0034-71081999000100010 PDF fulltext
  4. Pascotto, Márcia Cristina (2006): Avifauna dispersora de sementes de Alchornea glandulosa (Euphorbiaceae) em uma área de mata ciliar no estado de São Paulo [Seed dispersal of Alchornea glandulosa (Euphorbiaceae) by birds in a gallery forest in São Paulo, southeastern Brazil]. Revista Brasileira de Ornitologia 14(3): 291-296 [portugisisk med samandrag på engelsk]. PDF fulltext
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view, henta 2. januar 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]