Riders on the Storm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riders on the Storm
Singel av The Doors
frå albumet L.A. Woman
B-side «The Changeling»
Utgjeve Juni 1971
Innspelt Desember 1970 - januar 1971
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock, jazz-fusion, acidrock
Lengd 7:10 (album)
4:35 (singel)
Selskap Elektra Records
Låtskrivar(ar) Jim Morrison
Robby Krieger
Ray Manzarek
John Densmore
Produsent Bruce Botnick
The Doors
Joey Levins
The Doors-kronologi
«Love Her Madly»
(1971)
Riders on the Storm «Tightrope Ride»
(1971)

«Riders on the Storm» er ein song av The Doors frå albumet L.A. Woman i 1971. Han nådde 14. plass på Billboard Hot 100 i USA og 22. plass på den britiske singellista. I Nederland gjekk han til 7. plass.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

I følgje bandmedlem Robby Krieger var dei inspirert av songen «(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend». songen vert spelt i E dorisk skala, og nyttar lydeffektar av torevêr og regn, i tillegg til Ray Manzarek sitt Fender Rhodes elektriske piano som spelar og etterliknar lyden av regn.[1]

Songen vart spelt inn i Doors Workshop i desember 1970 med produsent Bruce Botnick. Jim Morrison spelte inn hovudvokalen og kviskra så teksten over dei for å skape ein ekkoeffekt. Dette var den siste songen dei fire medlemmane av The Doors spela inn i lag, samt den siste innspelte songen til Morrison som vart gjeven ut. Singelen kom ut i 1971, kort tid før Morrison døydde.

Den tidlegare produsenten til The Doors, Paul Rothchild, forlet innspelingane fordi han ikkje likte albumet og denne songen, som han kalla «cocktailmusikk». Lydteknikaren Bruce Botnick tok då over som produsent.

Trommeslagaren i bandet John Densmore skreiv i 1990 ei bok kalla Riders On The Storm om livet sitt og perioden hans i The Doors.

I november 2090 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame i kategorien Rock.

Den einaste gongen songen vart spelt på konsert med Jim Morrison var den 11. desember 1970 i Dallas i Texas.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]