L.A. Woman
| L.A. Woman Studioalbum av The Doors |
||
| Utgjeve | April 1971 | |
| Innspelt | Desember 1970 – januar 1971 i The Doors Workshop i Los Angeles, CA | |
| Sjanger | Bluesrock, psykedelisk rock | |
| Lengd | 48:24 | |
| Selskap | Elektra | |
| Produsent | The Doors, Bruce Botnick | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Doors-kronologi | ||
| Morrison Hotel (1970) |
L.A. Woman | Other Voices (1971) |
L.A. Woman er det sjette og siste studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors i lag med songaren Jim Morrison, som døydde i juli 1971. Stilen på albumet er langt meir bluesrock-orientert enn dei andre albuma til bandet.
I 2003 vart albumet rangert på 362. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innhaldsliste |
Produksjon [endre]
Etter at dei forlet produsenten Paul A. Rothchild (som skildra «Riders On The Storm» som «cocktailmusikk») kring bovember 1970, starta the Doors og lydteknikar Bruce Botnick å spele inn albumet i The Doors Workshop i Los Angeles. Dei fleste av songane vart spelte inn live, bortsett frå nokre få ekstraspor med klaverinstrument av Ray Manzarek.
Botnick produserte seinare og miksa ein ny 5.1-kringlydversjon av albumet, som vart gjeven ut på DVD-Audio i 2000.[2]
Utgjeving og mottaking [endre]
Bandet la ut på ein turne for å marknadsføre albumet, men han skulle berre kome til å bestå av to konsertar. Den første vart halde i Dallas i Texas den 11. desember og gjekk visstnok bra. Den andre fann stad i The Warehouse i New Orleans i Louisiana, den 12. desember 1970, der Morrison visstnok braut saman på scene. Midtvegs i konserten kasta han mikrofonen fleire gonger i scenegolvet til golvet var øydelagd, før han sette seg ned og nekta å spele meir. Trommeslagar John Densmore fortel om hendinga i biografien sin Riders On the Storm, der han etter konserten snakka med dei to andre medlemmane i bandet, og dei valte å avslutte turneen og ikkje halde konsertar lenger. Då albumet kom ut i april 1971 hadde Morrison flytta til Paris i Frankrike, der han døydde tre månader seinare, den 3. juli 1971.
Albumet nådde 9. plass i USA og i Noreg ein 15. plass.
Innhald [endre]
Side one [endre]
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «The Changeling» | Jim Morrison, The Doors | 4:21 | ||||||
| 2. | «Love Her Madly» | Robby Krieger, The Doors | 3:20 | ||||||
| 3. | «Been Down So Long» | Jim Morrison, The Doors | 4:41 | ||||||
| 4. | «Cars Hiss by My Window» | Jim Morrison, The Doors | 4:12 | ||||||
| 5. | «L.A. Woman» | Jim Morrison, The Doors | 7:49 | ||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 6. | «L'America» | Jim Morrison, The Doors | 4:37 | ||||||
| 7. | «Hyacinth House» | Jim Morrison, The Doors | 3:11 | ||||||
| 8. | «Crawling King Snake» | Tony Hollins, Bernard Besman, John Lee Hooker | 5:00 | ||||||
| 9. | «The WASP (Texas Radio and the Big Beat)» | Jim Morrison, The Doors | 4:16 | ||||||
| 10. | «Riders on the Storm» | Jim Morrison, The Doors | 7:09 | ||||||
| Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 11. | «Orange County Suite» | Jim Morrison | 5:45 | ||||||
| 12. | «(You Need Meat) Don't Go No Further» | Willie Dixon | 3:41 | ||||||
Medverkande [endre]
- The Doors
- Jim Morrison – solovokal
- Ray Manzarek – Hammond C-3 orgel på spor 1, spikerpiano på spor 2, 5, Vox Continental orgel på spor 2, rytmegitar på spor 3, Gibson G-101 orgel på spor 6, Wurlitzer elektrisk piano på spor 8, Fender Rhodes Elektrisk Piano på spor 5, 10
- Robby Krieger – gitar
- John Densmore – trommer
- Andre musikarar
- Marc Benno – rytmegitar på spor 3, 4, 5, 8
- Jerry Scheff – bass
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «L.A. Woman» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Album Review». Rolling Stone Magazine, Robert Meltzer. http://www.rollingstone.com/music/reviews/album/2747/21323. Henta 20. mars 2011.
- ↑ (2000) Plateomslagstekst for L.A. Woman avThe Doors [DVD-A booklet]. Elektra (62612-9).