Waiting for the Sun
| Waiting for the Sun Studioalbum av The Doors |
||
| Utgjeve | 11. juli 1968 | |
| Innspelt | Februar-mai 1968 | |
| Sjanger | Psykedelisk rock | |
| Lengd | 32:59 | |
| Selskap | Elektra / Asylum Records | |
| Produsent | Paul Rothchild | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Doors-kronologi | ||
| Strange Days (1967) |
Waiting for the Sun | The Soft Parade (1969) |
Waiting for the Sun er det tredje studioalbumet til The Doors. Det kom ut i 1968 og vart det første og einaste albumet av bandet som nådde toppen av den amerikanske albumlista. I tillegg inneheld det hitsingelen «Hello, I Love You», som òg gjekk heilt til topps. Det vart det første hit-albumet deira i Storbritannia, der det nådde 16. plass på lista. Med unntak av to songar, vart det meste av songane for dette albumet skriven etter dei første songane bandet skreiv for dei to første albuma. Høgdepunktet på dette albumet var meint å vere «Celebration of the Lizard», men til slutt vart berre delen av songen kalla «Not to Touch the Earth» nytta. Songen «Waiting for the Sun» kom ikkje ut før albumet Morrison Hotel.
Innhaldsliste |
Struktur [endre]
Songen «Celebration of the Lizard» var meint å ta ei heil albumside, men gruppa klarte aldri å få han heilt til. Dei spelte seinare heile denne songen på konserten og gav eit konsertopptak ut på Absolutely Live i 1970. Då denne songen vart lagt på hylla, vart to av dei tidlegaste songane til bandet henta inn og spelt inn for å fylle tomrommet. Desse songane var «Hello, I Love You» og «Summer's Almost Gone». Desse to songane var spelt inn alt på den originale demoinnspelinga til bandet i 1965. Waiting for the Sun enda opp som det kortaste studioalbumet deira. .
«Celebration of the Lizard» og to tidlegare utgåver av «Not to Touch the Earth» vart gjevne ut som bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva av albumet.
Sjølv albumet inneheld gode tekstar, har musikken ofte vorte kritiser for å vere mjukare og rolegare enn den meir skarpe og ambisøse stilen som bandet var kjend (og frykta) for. Albumet inneheld nokre songar som strid mot dette, som «Five to One», den kontroversielle antikrigssongen «The Unknown Soldier» og «Not to Touch the Earth».
Tittelsporet «Waiting for the Sun» vart ikkje teken med på dette albumet, men kom ut seinare på Morrison Hotel i 1970.
For dette albumet skifta Ray Manzarek frå Vox Continental orgel til Gibson G101, orgelet han var mest kjend for å nytte på konsertar.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek og John Densmore.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Hello, I Love You» | 2:14 | |||||||
| 2. | «Love Street» | 2:53 | |||||||
| 3. | «Not to Touch the Earth» | 3:56 | |||||||
| 4. | «Summer's Almost Gone» | 3:22 | |||||||
| 5. | «Wintertime Love» | 1:54 | |||||||
| 6. | «The Unknown Soldier» | 3:23 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «Spanish Caravan» | 3:03 | |||||||
| 8. | «My Wild Love» | 3:01 | |||||||
| 9. | «We Could Be So Good Together» | 2:26 | |||||||
| 10. | «Yes, the River Knows» | 2:36 | |||||||
| 11. | «Five to One» | 4:26 | |||||||
| Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 12. | «Albinoni's Adagio in G-minor» | 4:32 | |||||||
| 13. | «Not to Touch the Earth» (dialog) | 0:38 | |||||||
| 14. | «Not to Touch the Earth» (Take 1) | 4:05 | |||||||
| 15. | «Not to Touch the Earth» (Take 2) | 4:18 | |||||||
| 16. | «Celebration of the Lizard» | 17:09 | |||||||
Medverkande [endre]
- The Doors
- Jim Morrison – solovokal
- Ray Manzarek – Gibson G-101 orgel på spor 1, 2, 3, 5, 6, 7, 11, piano på spor 2, 4, 10, cembalo på spor 5, Vox Continental orgel på spor 9, korvokal
- Robby Krieger – gitar
- John Densmore – trommer
- Andre musikarar
- Douglas Lubahn – bassgitar på spor 1, 2, 3, 4, 5, 7, 9, 10
- Kerry Magness - bassgitar på spor 6
- Leroy Vinnegar - akustisk bass på spor 7
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Waiting for the Sun» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Album Review». Rolling Stone Magazine. http://www.rollingstone.com/music/reviews/album/2747/21413. Henta 18. mars 2011.