Strange Days
| Strange Days Studioalbum av The Doors |
||
| Utgjeve | 25. september 1967 | |
| Innspelt | Februar–august 1967 i Sunset Sound Recorders i Hollywood, CA | |
| Sjanger | Psykedelisk rock, acidrock | |
| Lengd | 35:25 | |
| Selskap | Elektra | |
| Produsent | Paul A. Rothchild | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| The Doors-kronologi | ||
| The Doors (1967) |
Strange Days | Waiting for the Sun (1968) |
Strange Days er det andre albumet til det amerikanske rockebandet The Doors. Albumet vart ein kommersiell suksess, selde til gullplate og nådde tredjeplassen på Billboard 200-lista. Trass i dette rekna produsenten på albumet Paul Rothchild, albumet som kommersielt mislukka, sjølv om det var ein kunstnarisk triumf: «Vi meinte alle at det var det beste albumet. Det hadde derimot òg eit av dei svakaste salstala. Vi var sikre på at det kom til å bli større enn noko The Beatles hadde gjort. Men det var ingen singlar. Plata døydde frå oss.». Likevel gav albumet tre Topp 30 hittar, og ein Topp 3-plassering på den amerikanske singellista. Albumet gjorde i alle fall ingenting for å øydeleggje den totale suksessen til The Doors, noko det neste albumet, Waiting for the Sun, året etter viste.
Strange Days består av songar skrivne i 1965 og 1966, men som ikkje kom med på debutalbumet, som «Moonlight Drive», som var ein av dei først songane Jim Morrison skreiv. Songen vart spelt inn i 1965 (demo) og i 1966 (meint for det første albumet). I 1967 vart ein endeleg versjon spelt inn og gjeven ut på albumet. Strange Days inneheld somme av dei mest psykedeliske songane til The Doors. Her finn ein songar som «Strange Days», «People Are Strange», «Love Me Two Times» og «When the Music's Over».
Innhaldsliste |
Plateomslag [endre]
Plateomslaget vart designa av William S. Harvey og fotografert av Joel Brodsky.[5] Bilete vart teke i Sniffen Court, ei bakgate i New York City. Jim Morrison nekta å vise seg på omslaget, så fotograf Joel Brodsky valte å ta eit sirkus-liknande bilete for omslaget. Dei fleste karnevala var ute på turne denne sommaren, så det var vanskeleg å finne profesjonelle sirkusartistar. Akrobatane der var dei einaste han kunne finne, dvergen Lester Janus og den yngre broren (ikkje tvillignar) Stanley Janus (som er på baksida) vart hyrte inn frå eit skodespelarfirma, sjongløren var assistenten til Brodsky og trompetisten var ein drosjesjåfør, medan sirkusatleten var ei dørvakt på ein klubb.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek og John Densmore.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Strange Days» | 3:11 | |||||||
| 2. | «You're Lost Little Girl» | 3:03 | |||||||
| 3. | «Love Me Two Times» | 3:18 | |||||||
| 4. | «Unhappy Girl» | 2:02 | |||||||
| 5. | «Horse Latitudes» | 1:37 | |||||||
| 6. | «Moonlight Drive» | 3:05 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «People Are Strange» | 2:13 | |||||||
| 8. | «My Eyes Have Seen You» | 2:32 | |||||||
| 9. | «I Can't See Your Face in My Mind» | 3:26 | |||||||
| 10. | «When the Music's Over» | 10:58 | |||||||
| 40-årsjubileum utgåva | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 11. | «People Are Strange» (False Starts & Dialogue) | 1:57 | |||||||
| 12. | «Love Me to Times» (Take 3) | 3:19 | |||||||
Mottaking [endre]
Strange Days nådde tredjeplassen i USA i november 1967, medan debutalbumet, The Doors, framleis låg inne på Topp 10. «People Are Strange» skaut til 12. plass på den amerikanske singellista, og «Love Me Two Times» følgde med ein 25. plass. I Storbritannia hadde bandet enno ikkje hatt ein stor hitsingel og Strange Days vart eitt av to Doors-album som ikkje nådde lista, trass i forholdsvis gode salstal. I 2003 vart Strange Days rangert på 407. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Medverkande [endre]
- Jim Morrison – solovokal, Moog synthesizer på spor 1[6]
- Ray Manzarek – Vox Continental orgel, Fender Rhodes Pianobass på spor 4 og 10, clavinet på spor 3, baklengs piano på spor 4, marimba på spor 9
- Robby Krieger – gitar
- John Densmore – trommer
- Andre musikarar
- Douglas Lubahn – bassgitar på spor 1, 2, 3, 6, 7, 8, 9
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Strange Days (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.
- ↑ Allmusic Review
- ↑ George Starostin Review
- ↑ Music Box Review
- ↑ Slant Magazine Review
- ↑ "Thorgerson, Storm; Powell, Aubrey (1999). 100 Best Album Covers: The Stories Behind the Sleeves. Dorling Kindersley. ss. 140–141. ISBN 0751307068.
- ↑ CLASSIC TRACKS: 'Strange Days'