The Doors av The Doors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Doors
Studioalbum av The Doors
Utgjeve 4. januar 1967
Innspelt 24. til 31. august 1966 i Sunset Sound Recorders i Hollywood, CA
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock
Lengd 44:28
Selskap Elektra
Produsent Paul A. Rothchild
Kritikk
The Doors-kronologi
The Doors Strange Days
(1967)

The Doors er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, spelt inn i august 1966 og gjeve ut i januar 1967. Det inneheld gjennombrotssingelen deira «Light My Fire», ein langt lengre versjon enn singelutgåva, og den lengre songen «The End».

The Doors har sagt at suksessen med det første albumet deira kom av at dei kunne spele songane kveld etter kveld på Whisky a Go Go og London Fog. Albumet vart rangert på 42. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den endelege besetninga til The Doors kom til halvvegs i 1965 etter at brørne til Ray Manzarek forlet bandet og Robby Krieger kom inn.[7] The Doors signerte opphavleg ein kontrakt med Columbia Records for seks månader, men bandet gjekk med på å bli frigjeven frå kontrakten etter at dei ikkje klarte å finne ein produsent for albumet.[8] The Doors spelte så på klubbar som London Fog og Whisky a Go Go fram til dei vart signert til Elektra records av Jac Holzman.[9]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i Sunset Sound Studios i California i løpet av seks dagar med produsenten Paul Rothchild og lydteknikar Bruce Botnick.[10] Det vart nytta fire spor for albumet, bass og trommer på eitt, gitar og orgel på eit anna, vokalen til Morrison på det tredje, medan det fjerde vart nytta som ekstraspor.[11] Under innspelinga av albumet nytta dei bassist på nokre av songane, medan Ray Manzarek på scenen spelte klaverbass med venstrehanda.[12] For songane «The End» og «Light My Fire» vart to opptak spelte inn og limt saman for den endelege songen.[13]

Låtskriving og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Alle songane vart tilskrivne heile bandet, men dei viktigaste låtskrivarane var Morrison og Krieger. Ødipus-klimakset i «The End» vart først framført på konsert på Whisky A Go Go og The Doors vart kasta ut av klubben etter at Jim Morrison skreik «Mother...I want to fuck you!» nær klimakset i songen. «Alabama Song» vart opphavleg skriven og komponert av Bertolt Brecht og Kurt Weill for operaen Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny. «Back Door Man» var ein song av Howlin' Wolf. Linja «Some are born to sweet delight, some are born to endless night» frå «End of the Night» er sitert frå William Blake-diktet «Auguries of Innocence».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

The Doors klatra stadig oppover Billboard 200, og vart etterkvart ein stor suksess i USA, så snart «Light My Fire» byrja å klatre på lista. Albumet nådde andreplassen på lista i september 1967. I Europa måtte bandet vente litt lenger før det tok av og «Light My Fire» stoppa på 49. plass i Storbritannia, og albumet gjekk ikkje inn på lista i det heile. Etter at Oliver Stone-filmen The Doors kom i 1991, vart «Light My Fire» gjeven ut på n y og nådde sjuandeplassen, medan albumet gjekk inn på lista og nådde 43. plass. Til slutt låg det lengre på den britiske albumlista enn noko anna Doors-album.

Albumet er rangert på 42. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Q tok med albumet blant dei 100 beste albuma nokon sinne, medan det vart rangert på 25. plass på lista til NME.[14] Kritikar og historikar Piero Scaruffi meinte at The Doors var det femte beste rockealbumet nokon gong.[15]

Sensur[endre | endre wikiteksten]

Songane «Break on Through (To the Other Side)» og «The End» vart begge sensurerte på albumet. Under «Break on Through» der Jim Morrison syng «She gets, she gets» song han opphavleg «She gets high». I vokalmellomspelet nær slutten på «The End» syng Morrison fuck fleire gonger, og dette vart fjerna frå stereoutgåva av albumet. Det vart derimot verande att på mono-utgåva. Seinare utgjevingar av albumet har teke dette inn att. Bandet aksepterte denne sensuren, men ville ikkje endra teksten på «Light My Fire» på den kjende framføringa deira for Ed Sullivan Show der dei song «Girl we couldn't get much higher».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek og John Densmore, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Break on Through (To the Other Side)»     2:29
2. «Soul Kitchen»     3:35
3. «The Crystal Ship»     2:34
4. «Twentieth Century Fox»     2:33
5. «Alabama Song (Whisky Bar)»   Bertolt Brecht, Kurt Weill 3:20
6. «Light My Fire»     7:06
Side to
# Tittel Lengd
7. «Back Door Man»   3:34
8. «I Looked at You»   2:22
9. «End of the Night»   2:52
10. «Take It As It Comes»   2:17
11. «The End»   11:41
Bonusspor på 40-årsutgåva
# Tittel Lengd
12. «Moonlight Drive» (versjon 1, spelt inn august 1966) 2:42
13. «Moonlight Drive» (versjon 1, spelt inn august 1966) 2:31
14. «Indian Summer» (spelt inn august 1966) 2:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Larry Knechtel (ikkje oppført) – bass («Soul Kitchen», «Twentieth Century Fox», «Back Door Man», «I Looked At You», «Take It As It Comes»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «All Music Review». All Music Website, Richie Unterberger. http://www.allmusic.com/album/r6209. Henta 17. mars 2011. 
  2. Music Box «Music Box Review». Music Box Online, John Metzger. May 2007. http://www.musicbox-online.com/reviews-2007/doors-self-titled-05312007.html Music Box. Henta 17. mars 2011. 
  3. «Robert Christgau Review». Robert Christgau Website, Consumer Guide. 12 July 2007. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=the+doors. Henta 17. mars 2011. 
  4. «Album Review». Rolling Stone Magazine, Parke Puterbaugh. http://www.rollingstone.com/music/reviews/album/7733/38014. Henta 17. mars 2011. 
  5. «Review». Slant Magazine. http://www.slantmagazine.com/music/music_review.asp?ID=1101. Henta 17. mars 2011. 
  6. «Review». scaruffi.com. http://www.scaruffi.com/vol2/doors.html. Henta 17. mars 2011. 
  7. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 37
  8. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 53
  9. The Doors: The Doors by The Gorillaz , 2006, s. 58
  10. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 68
  11. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 68
  12. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 71
  13. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 71
  14. http://www.cduniverse.com/productinfo.asp?pid=7384717
  15. Scaruffi, Piero. scaruffi.com 100 Greatest Rock Albums