Light My Fire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Light My Fire
Singel av The Doors
frå albumet The Doors
B-side «The Crystal Ship»
Utgjeve April 1967
Innspelt August 1966
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock
Lengd 7:05 (album)
4:40 (lang radioversjon)
2:52 (singel)
Selskap Elektra
Låtskrivar(ar) The Doors
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi
«Break on Through (To the Other Side)»
(1967)
Light My Fire «People Are Strange»
(1967)

«Light My Fire» er ein song opphavleg spelt av The Doors. Han vart spelt inn i august 1966 og gjeven ut den første veka i januar 1967 på debutalbumet deira. Songen vart gjeven ut som singel i april og låg tre veker på førsteplassen på Billboard Hot 100, og ei evke på Cash Box Top 100, nesten eitt år etter at han var innspelt. Så eit år seinare gjek han inn at på Billboard Hot 100 in 1968 etter suksessen til Jose Feliciano si utgåve med songen, og nådde då 87. plass. Songen vart i hovudsak skriven av Robby Krieger, men er tilskriven heile bandet. Singelen oppnådde gullplate hos Recording Industry Association of America i 1967 for ein million selde eksemplar.[1] Ein konsertversjon av gjeven ut i 1983 på albumet Alive, She Cried, det første av mange konsertalbum som er gjevne ut sidan med songen.

«Light My Fire» selde òg bra i Australia, der han nådde 22. plass. Singelen nådde 49. plass i Storbritannia i 1967, men då han vart gjeven ut på ny i 1991 gjekk han heilt opp til sjuandeplass. Denne utgjevinga kom i samband med filmen The Doors av Oliver Stone.

Songen er rangert på 35. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[2] Hos VH1 vart songen rangert som den sjuande beste gjennom tidene.

José Feliciano si utgåve vann han Grammyprisen for beste manglege popvokal i 1969. Same året vann han prisen for beste nykommar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen hadde opphav i ein uferdig song av Robby Krieger, som dei andre medlemmane i bandet utvikla vidare.[3] Sjølv om albumversjonen var like over sju minuttar lang, vart singelversjonen redigert ned til like under tre minuttar, der nesten alle instrumentalpartiar er fjerna.[3] Albumversjonen vart derimot populær på FM-radio.

The Ed Sullivan Show[endre | endre wikiteksten]

Bandet spelte på forskjellige fjernsynsshow som American Bandstand der dei mima til playback av singelen. Dei spelte derimot songen på direkten på The Ed Sullivan Show sendt den 17. september 1967. The Doors vart beden av produsent Bob Precht, svigersonen til Sullivan, om å endre linja «girl, we couldn't get much higher», sidan sponsorane var ukomfortable med den mogelege referansen til å ta dopmisbruk.[4][5] Bandet gjekk med på dette og øvde inn songen med den endra teksten. Då dei spelte songen på direkten song derimot Jim Morrison den originale teksten.[4] Ed Sullivan tok ikkje Morrison i handa då han forlet scenen. Bandet hadde forhandla seg fram til å spele på showet sju gonger, men etter å ha brote denne avtalen fekk dei beskjed om aldri å kome attende. Svaret til Morrison var «We 'did' Sullivan.»[6]

Buick-hendigna[endre | endre wikiteksten]

John Densmore hugsar[7] at Buick gav dei tilbod om $75 000 i oktober 1968 for å tilpasse songen for bruk i ein reklame for Buick Opel («Come on, Buick, light my fire».[8]) Morrison var derimot framleis i London etter ein Europaturne som hadde enda 20. september og kunne ikkje nå fram i tide. Sidan bandet i 1965 hadde vorte samde om å dele alt likt og at alle hadde veto på slike avgjersler, ringte Morrison Buick då han kom attende og truga med å knuse ein Opel med slegge på fjernsyn om reklamen vart vist.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar av songen vart spelt inn av Astrud Gilberto, Will Young (som nådde førsteplassen i Storbritannia med songen), Amii Stewart (som nådde 5. plass i Storbritannia i 1979 og 7. plass med ein remiks i 1985) Natalia Oreiro, Jose Feliciano (som vann Grammyprisen i 1969 for beste popsong dette året), Nancy Sinatra, Julie London, Friedrich Gulda, Julie Driscoll & the Brian Auger Trinity, Shirley Bassey, Erma Franklin, Baccara, Cibo Matto, Africa, Divididos, UB40, Massive Attack, The Mike Flowers Pops, the LN Elektronische Ensemble. Amorphis, Hide, Minnie Riperton, Stevie Wonder, Tammi Lynn, Type O Negative, Al Green, Electric Screwdrivers, B.J. Thomas, Ananda Shankar, Trini Lopez, John Tartaglia, Zacharias og Train.

Light My Fire
Singel av José Feliciano
frå albumet Feliciano!
B-side «California Dreamin'»
Utgjeve 1968
Sjanger Softrock
Lengd 3:33
Selskap RCA Victor
Produsent Rick Jarrard
José Feliciano-kronologi
«La Copa Rota»
(1968)
Light My Fire «Hi-Heel Sneakers»
(1968)

José Feliciano[endre | endre wikiteksten]

Vokalist og gitarist José Feliciano fekk stor internasjonal suksess med si utgåve av «Light My Fire» i 1968. Det er kanskje den mest kjende coverversjonen av songen, og nådde 3. plass på den amerikanske singellista, berre eitt år etter han hadde nådd førsteplassen på same lista. Feliciano blanda latinsk musikk inn i songen, med ei blanding klassisk spansk gitar og flamenco og ein amerikansk popstil. Singelen var med på å gjere albumet Feliciano! til ein stor internasjonal suksess. Arrangementet til Feliciano av «Light My Fire» har påverka fleire andre versjonar, mellom anna Will Young. Låtskrivar Robby Krieger sa i eit intervju om versjonen: «Det er verkeleg ei stor kjensle å ha skrive ein klassikar. Eg trur eg skuldar Jose Feliciano mykje for at han faktisk vart ein, for etter han gjorde songen, byrja alle å gjere han. Han gjorde eit heilt anna arrangement på han.»[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «GOLD & PLATINUM». riaa.com. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?table=SEARCH. Henta 17. mars 2011. 
  2. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/11028260/the_rs_500_greatest_songs_of_all_time/1. 
  3. 3,0 3,1 «Light My Fire in». guitarworld.com. http://www.guitarworld.com/article/100_greatest_guitar_solos_45_quotlight_my_firequot_robby_krieger. Henta 17. mars 2011. 
  4. 4,0 4,1 Marie Korpe, Shoot the singer!: music censorship today. Zed Books. 2004. s. 178. ISBN 1842775057. 
  5. Hicks, Michael (2000). Sixties Rock: Garage, Psychedelic, and Other Satisfactions. University of Illinois Press. s. 83. ISBN 0252069153. 
  6. Hogan, Peter K.; Charlesworth, Chris (1994). The complete guide to the music of the Doors. Music Sales Group. s. 30. ISBN 0711935270. 
  7. Riders on the Storm
  8. Light My Fire - The Doors Lyrics
  9. James, Gary (1994). «Interview With Robby Krieger». Classic Bands. http://www.classicbands.com/RobbyKriegerInterview.html. Henta 17. mars 2011. 


36:
 «One» 
U2
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
35


The Doors – «Light My Fire»

34:
 «You've Lost That Lovin' Feelin'» 
The Righeous Brothers