Rugde
| Rugde | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidae | |
| Slekt: | Scolopax | |
| Art: | S. rusticola | |
| Vitskapleg namn | ||
| Scolopax rusticola | ||
Rugde (Scolopax rusticola) er ein fugl i snipefamilien. Rugde vert brukt som mat og det vert drive jakt på fuglen.
Innhaldsliste |
[endre] Global utbreiing
Rugda hekker i Europa frå nordlege deler av Spania og nordover til nordlege deler av Skandinavia og austover i Russland i eit smalnande belte til Japan. Sør for dette beltet fins bestandar i Kina og nordlege deler av India. I Europa er Finland det viktigaste hekkeområdet for rugde vest for Russland.
[endre] Norsk utbreiing
Rugda held til i skogområder nord til polarsirkelen. Lenger nord er fins fuglen meir spreidd. Ungfugl kan ein treffe på i høgfjellet og elles mest i fuktig skogsterreng. Ein finn den ofte i typisk jerpeterreng.
[endre] Kjenneteikn
Rugda har ein varmbrun farge med svarte tverrstriper i nakken. Kjønna er like og dei er korte og butte i fasongen. Vekta er 250-400 gram og lenga er 40cm. Den elste som er ringmerka vart 8 år og 5 mnd.[1]
[endre] Levesett og føde
Rugde finn mat i jorda, hovudsakleg meitemark men også insekt, larvar, blautdyr og frø.
[endre] Hekking
Rugdehoa får 4 egg, som ho ruger ut i løpet av 21–24 dagar. Det er også hoa som passar på kyllingane. Rugda har ofte 2 kull om året.
[endre] Trekktilhøve
Rugda flyg ut av Noreg i oktober-desember. Vinterkvartera for dei norske rugdene ligg på dei britiske øyane og i Frankrike. På hausttrekket kan rugdene stoppe opp på Vestlandet medan dei ventar på å krysse Nordsjøen. I slike periodar kan rugda vere særleg talrik i dette området. Kor langt sør rugda flyg om vinteren kjem an på vêret og temperaturen. I milde vintrar kan enkeltindivid overvintre nord til polarsirkelen. Rugda kjem attende til hekkeplassane i Sør-Noreg i mars-april, medan fuglar som hekker lengre nord i landet ikkje kjem før i mai.
[endre] Bakgrunnsstoff og kjelder
*
- Norsk Fugleatlas, 1994.
[endre] Fotnotar
- ↑ Norsk RingmerkingsAtlas