Jerpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jerpe

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Tetrastes bonasia.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Phasianidae
Underfamilie: Tetraoninae
Slekt: Bonasa
Art: B. bonasia
Vitskapleg namn
Bonasa bonasia

Jerpe (Bonasa bonasia) er blant dei minste fuglane av skogshøns. Han er ein standfugl som held til i skogar i Europa.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Teikning av jerper.

Kjønna er temmeleg jamnstore. Vaksne fuglar veg 400 gram og har ei lengd på 35 cm. Fjørdrakta er grå- og brunspralga med eit karakteristisk svart band ytst på halefjøra. Vengene er ganske stutte, og det er derfor vanleg at dei lagar mykje støy når dei fer opp.

Jerpeegg

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Jerpa er utprega monogam. Pardanninga skjer allereie om hausten, og i mai månad legg hoa 7-12 egg i ei djup grop innmed ein stubbe eller tre. Rugetida er på 24–25 døgn. Hannen held seg innan same revir heile sommaren.

Jerpe i skogen.

Forvekslingsart[endre | endre wikiteksten]

Jerpa kan vanskeleg forvekslast med anna fugl. Ei orrhøna kan i hastig oppflukt minne om jerpe og omvendt, men forskjell i storleik og åtferd gjer at slik forveksling sjeldan skjer.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Jerpekulla vert oppsplitta allereie tidleg på hausten. Etter det opptrer dei helst parvis og held seg gjerne innanfor same området heile vinteren. Når jerpa lettar, flyr ho sjeldan langt, set seg helst inn i eit tre i nærleiken før ho flyttar seg vidare.

Jerpe
Namn på andre språk
Norrønt Jarpi
Nordsamisk Bakku
Svensk Järpe
Engelsk Hazel Grouse
Tysk Haselhuhn
Fransk Gélinotte des bois
Spansk Grévol
Russisk Rjabtsjik (Рябчик)

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Som leveområde føretrekk jerpa fuktige stader med blandingsskog med mykje kjerr og gjerne også gran, dette finn ho i små bekkedrag og senkingar i terrenget. Jerpa er eit ynda jaktobjekt, både på grunn av det fine kjøttet og fordi ho er lett å ta.

Jerpa er vidt utbreidd med i alt 12 underartar frå nordvestlege Europa, tversover nordlege Eurasia til Okhotskhavet i aust, inkluderer òg øyane Sakhalin og Hokkaido.[1] Ho har fråvere frå Danmark og Island.[2] I Noreg er ho knytt til utbreiinga av granskog, og finst på Austlandet nordover gjennom trøndelagsfylka til Nordland sør for Saltfjellet.[3]

Finlandsjerpe[endre | endre wikiteksten]

Arten har òg vore registrert i Øvre Pasvik, populasjonen der er av underarten Bonasa bonasia griseonota som er utbreidd i Nord-Sverige, Finland og inn i nordlege Russland. Denne underarten er lysare enn nominatforma og er kalla finlandsjerpe.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 9. oktober 2011 
  2. Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008). Aschehougs fuglebok med CD-er. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-23569-6. 
  3. Jon E. Swenson, 1994, Artsomtale: Bonasa bonasia – jerpe, S. 138 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 2. november 2011
  4. finlandsjerpe. (2011-11-02) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/finlandsjerpe

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jerpe