Taksvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taksvale

Status i verda: LC Livskraftig

Taksvaler ved reirIllustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Taksvaler ved reir
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Hirundinidae
Slekt: Delichon
Art: D. urbicum
Vitskapleg namn
Delichon urbicum

Taksvale (Delichon urbicum) er ein liten trekkfugl i svalefamilien som hekkar i Europa, Nord-Afrika og tempererte Asia, og overvintrar i Afrika sør for Sahara og i tropisk Asia. Taksvala lever av insekt fanga i flukt, og dei migrerer til klima kor det er flust med flygande insekt. Fuglen har svart hovud og svart overside med blå glans, svarte venger og hale. Den kvite overgumpen og kvite undersida er det berre taksvala som har av dei norske svaleartene. Ho finst både i opne landskap og nær menneskeleg ferdsel. Taksvala liknar to andre svaleartar i Delichon-slekta, som begge er endemiske til austlege og sørlege Asia.

Både det vitskaplege namnet og namnet på norsk språk vitnar om at fuglen er knytt til bruk av kunstige strukturar. Taksvala byggjer eit lukka koppforma reir av gjørmepelletar under takskjegg eller på liknande stader på bygningar, vanlegvis i koloniar, nokre gonger vert gjødsling under slike reir eit problem. Til vanleg aksepterer dei fleste menneske å ha taksvaler i nærleiken.

Ho vert jaga av lerkefalk (Falco subbuteo), og som andre fuglar er ho påverka av indre parasittar og ytre lopper og midd. Stor og spreidd populasjon gjer at ho ikkje er trua globalt.

I Noreg er taksvala mest talrik i Sør-Noreg; lengre nord finst ho meir spreidd, og manglar heilt i ytre Troms og Finnmark.[1]

Beskriving[endre | endre wikiteksten]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Taksvale på ein ringmerkingsstasjon
Foto: Wikipedia-brukar Aelwyn

Taksvala har ei kroppslengd på om lag 13 centimeter og vekta ligg på mellom 16 og 25 gram. Ho er dermed mindre og spedare bygd enn gråsporven, og av dei middelstore innan svalefamilien. Hos vaksne taksvaler er hovudet, ryggen, oversida av vengene og stjerten blåsvart. Heile undersida og gumpen er i ein kontrasterande kvitfarge. Føtene og dei korte beina er òg kledde med kvite fjør. Tærne og dei stadene på beina med lite fjør er lyst kjøtfarga. Samanlikna med låvesvala er stjerten mindre kløfta; dei sterkt forlenga ytre fjøra manglar. Auga er brune; nebbet kort og svart. Begge kjønna er like; kjønnsdimorfisme finst ikkje.

Heilt eller delvis albinisme opptrer iblant, fjøra kan då vere heilt kvite, eller dei til vanleg kvite partia er unormalt store. Litteraturen beskriv blant anna individ der berre hovudet har den vanlege farga medan resten av kroppen er dekt av kvite fjør, eller eksemplar der høgre vengefront, oversida av vengene og svingfjøra er kvite.[2]

Ungfuglane skil seg ut frå dei vaksne ved at oversida av kroppen er brunleg til brunsvart og berre nokre stader skin i blåsvart. Sameleis er vengene brunleg farga og utan glans. Strupen og sidene har grå fjør. Den største skilnaden er den grå gumpen hos ungfuglane – hos vaksne er den kvit. Dei mørkeblå fjøra med kvite spissar gjev ungfuglen ein flekkete utsjånad.

Nyklekte taksvaler er dunete og gråkvite på lèt. Eldre reirungar er dekte av kvit dun.

Flukt og snøggleik i lufta[endre | endre wikiteksten]

Flygande taksvale
Foto: Malene Thyssen

Taksvaler flyg ikkje like hurtig som låvesvaler, og har ein meir flagrande flukt avbrote av lengre fasar i glideflukt. Særmerkt for jakta er hyppige, brå stigningar med raske vengeslag. Gjennomsnittleg vengeslagfrekvens hos taksvaler er 5,3 slag i sekundet, medan det tilsvarande for låvesvaler er 4,4 slag.[3] Stort sett jaktar taksvaler i høgare luftlag enn låvesvaler. Sjølv om ho kan flyge nede ved pløyande traktorar eller beitande kveg for å snappe insekt som er støkte opp, er den gjennomsnittlege flygehøgda i hekkeområdet 21 meter, og i vinterområdet heile 50 meter over bakken. Låvesvaler jagar stort sett byttet rundt sju-åtte meters høgd[4][5]

Taksvaler som vert jaga av rovfuglar kan komme opp i 74 km/t, medan dei under normale tilhøve tilbakelegg strekninga mellom hekkeplassen og jaktområdet med ei fart på rundt 38 km/t i snitt.[3][6]

Skilnad frå andre fugleartar[endre | endre wikiteksten]

Både kroppsforma og flukta er så karakteristisk at sjølv mindre rutinerte fuglekikkarar ser at taksvaler høyrer til svalene. I det norske hekkeområdet finst to andre svaleartar, sandsvale og låvesvale, begge er lette å skilje frå taksvalene. Sandsvalene er den minste av dei europeiske svaleartane. Oversida er einsfarga mellombrun, undersida kvit med eit brunt band over brystet og stjerten er berre svakt kløfta. Hos låvesvalene er oversida av kroppen blåsvart med metallisk glans og samanlikna med låvesvalene er dei ytre fjørne i stjerten mykje lengre, hovudet har eit blåsvart band, og strupen og panna er kastanjeraud. Det hekkar ein fjerde svaleart i Europa: i bratte fjellvegger i Sør- og Mellom-Europa finn ein klippesvala som minner om ei forstørra sandsvale, men som til skilnad frå sandsvala har ein beint avskoren stjert heilt utan kløft.

Stemme[endre | endre wikiteksten]

To unge taksvaler i reiret
Foto: Claus Ableiter

Taksvaler er ein snakkesalig fugl, spesielt ved hekkeplassen. Oftast kan ein høyre ein låg, plaprande kvitring som ikkje er så variert eller melodiøs som hos låvesvala. I flukt eller under innflyging til reiret kan ein oftast høyre tritri eller driddrli. Kontaktlyden er ein hard trieer eller chirrp. Dette ropet brukar dei også i vinterområdet. Alarmropet er ein skarp tsier eller tseep.

Frå dei er to til tre dagar gamle har ungfuglane ein særmerkt tiggelyd: dei yngste gjev frå seg eit einstavig tik tik tik, medan eldre reirungar høyrest meir ut som zittritvitvii. Ungar eldre enn om lag to veker tigg om natta òg.[7][8][9]

Utbreiingsområde[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområde: hekkeområda er gule, overvintringsstadene blå

Utbreiingsområdet til begge underartane av taksvaler strekker seg over Eurasia og Afrika, i alt over om lag 10 millionar kvadratkilometer.[10]

I Skandinavia hekkar nominatforma Delichon urbicum urbicum til om lag 71. breiddegrad og i Vestsibir til 62. breiddegrad. Den austlege grensa strekker seg gjennom Mongolia og langs elva Jenisej. Sørgrensa ligg ved Middelhavsområdet og Sørausteuropa. Nominatforma finst på Balearane, Malta, Korsika, Sardinia, Sicilia og Kypros. Det finst hekkeområde i Nordvestafrika frå Marokko til det nordlege Algerie. Taksvaler hekkar spreidd i Tunisia, Libya, Israel, i Sahara og i Sør-Afrika og Namibia.[8] Austover strekker utbreiingsområdet seg til Krim og Kaukasus til nord i Afghanistan. Dei ytste hekkeområda finn ein elles i Pamir, nord i Kashmir, i Ladakh og nord i Punjab.[7][11][12]

Den austlege populasjonen av nominatforma overvintrar i Nordaustindia. I Afrika strekker overvintringsområdet seg frå det sørlege Sahara til Kapp-provinsen.

Underarten Delichon urbicum lagopodum hekkar frå det indre av Vest-Sibir til fjellandet i Midt-Sibir og regionen kring elvane Lena og Jana, Kolymadeltaet og Tsjuktsjarhalvøya. I Aust-Sibir når utbreiingsområdet nordgrensa ved den 69. breiddegrad. Sørover strekker området seg til Altai, det nordlege Mongolia og Nordaust-Kina. Underarten overvintrar i Sør-Kina og i Søraust-Asia. Overvintrande taksvaler av denne underarten finst blant anna i Indokina og i Assam.[13][11]

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg hekka taksvalene i vertikale fjellvegger, og det finst framleis hekkekoloniar på slike naturlege stader. Til dømes er taksvala ein typisk fjellfugl i Tibet, og legg der reira sine i fjell-, jord- og løssvegger heilt opp til ei høgd av 4600 moh.[14] I det europeiske utbreiingsområdet er arten derimot ein typisk kulturfølgjar som ofte nyttar seg av det opne kulturlandskapet. Taksvaler i det europeiske utbreiingsområdet kan òg hekke i store høgder. I Austerrike er det belegg for at ein koloni taksvaler hekkar i Großglockner på ei høgd av 2450 moh; i Sveits hekkar taksvaler ved Furkapasset på ei høgd av 2431 moh. I Spania når utbreiinga opp i 2600 moh.[14]

Taksvaler er avhengige av opne flater med låg vegetasjon. Det gjer det mogeleg å jakte på luftplankton også når desse flyg lågt grunna regn eller vindfullt vêr.[15] Nærleik til større område med vatn er òg naudsynt for at dei skal finne eigna reirmateriale. Litteraturen gjev ulike opplysningar om i kva grad taksvaler er avhengig av kulturlandskapet, spesielt kontra låvesvaler.[7][16] Høg luftforureining kan vere årsaka til at taksvaler unngår enkelte område i byar. Etter at Storbritannia innførde Clean Air Act 1956 (lov om luftreining) og luftforureininga i britiske byer er vorte redusert, har taksvalene vendt tilbake til bykjernane, sjølv i London[12]

Taksvalene nyttar opne landskap i overvintringsområda òg. Under overvintringa gjer taksvalene mindre av seg enn låvesvalene som overvintrar i dei same områda; flyg høgare og har eit meir nomadisk levesett. I dei tropiske regionane av overvintringsområda, det vil seie Aust-Afrika og Thailand, held taksvalene seg i høgareliggande område.[13][17][18]

Trekkmønster[endre | endre wikiteksten]

Taksvalene samlar seg
Foto: L.Kenzel

Taksvaler er trekkfuglar som trekker over store strekningar på brei front over middelhavsområdet og Sahara.[19] I Vest- og Mellom-Europa er høgdepunktet for trekket mellom slutten av august og starten på oktober, i sørlegare hekkeområde startar trekket noko seinare. Dei vender tilbake til hekkeområda i april og mai, men med store regionale skilnader. Til Luxemburg kjem dei rundt 13. april, til Estland 19. mai.[20] Som regel kjem taksvalene om lag 10 dagar etter låvesvalene.[21] Taksvaler trekker stort sett om dagen, men einskilde individ ser ut til å trekke nattestid.[22]

Lik andre arter som trekker over lange avstandar kjem taksvaler streifande til regionar som ikkje høyrer til deira naturlege utbreiingsområde. Soleis er det observert individ i Nepal, Alaska og Newfoundland, på Grønland, Island, Bermudas, Maldivane og Asorane.[13][23]

Eit særmerkt trekk ved taksvaler er at dei viser høg grad av truskap mot staden dei vart fødde. Av 4700 individ som vart klekka i 60 ulike stader i Oberschwaben vendte rundt 450 tilbake til fødestaden som hekkefuglar året etter.[24] Den store skilnaden mellom ut- og innflygande individ kjem hovudsakleg av at mange ikkje overlever trekket. Ei rekke undersøkingar syner at hannane i snitt slår seg ned knapt 1,5 km frå reiret der dei vart fødde. Hoene er ikkje fullt så stadbundne, deira snittavstand frå oppvekstreiret er 3,2 kilometer.[25] Innimellom hender det at individ tek i bruk oppvekstreiret til si eiga hekking: av 165 kontrollerte hoer vendte ei tilbake til reiret ho vart klekt i, sju andre hoer hekka på det same huset oppvekstreiret deira hang på. Også denne undersøkinga stadfesta at hannane var meir stadbundne enn hoene. Av 279 kontrollerte hannar tok åtte i bruk sitt eige oppvekstreir, medan 54 andre hekka på det same huset dei voks opp på.[24]

Næring[endre | endre wikiteksten]

Under næringssøket liknar taksvalene andre insektetande fuglar som jagar flygande insekt, særleg dei andre svalene, men også dei uskylde seglarane, som i Noreg berre er representert med ein art, tårnseglar.[13] Samansetninga av næring vert bestemd av tilbodet. Ei undersøking ved Thunsjøen i dei sveitsiske For-Alpane viser at fluger, mygg og bladlus utgjer om lag 80 prosent av næringa, medan 10 prosent er vasslevande insekt.[26] Undersøkingar i andre område bekreftar at bladlus, mygg og fluger utgjer ein stor del av taksvalene sin kost. Andre viktige insekt er nebbmunnar, biller og sommarfuglar.[5]

Taksvaler jaktar oftast ved at dei med raske vengeslag skyt oppover og snappar flygande insekta nedanfrå. Byttet pakkar dei saman i nebbet medan dei glid tilbake til flygehøgda dei kom frå. Dei utan reirungar sluker maten straks, dei med samlar insekta i kråsen. Har dei fanga insekt med lange venger, som til dømes døgnfluger og større sommarfuglar, held dei byttet i nebbet medan dei flyg attende til reiret.[27]

Individ med ungar fjernar seg maksimum to kilometer frå reiret. I snitt jagar dei ikkje lengre enn 450 meter frå reirplassen.[28]

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Reiret[endre | endre wikiteksten]

Taksvale som samlar reirmateriale i ein gjørmepytt
Foto: Andrew Butko
To øydelagde reir
Foto: Luis Fernández García

Taksvaler hekkar i koloniar og reira kan iblant vere bygd så nær at reirbasisen rører ved kvarandre. Fire til fem reir er den vanlegaste kolonistorleiken, men det er dokumentert koloniar med tusenvis av reir.[5]

Taksvalene bygger reiret på vertikale vegger under naturlege eller menneskeskapte overheng, til dømes under utspring i fjellvegger, gesimsar, taktro og liknande. Reir fjernt frå menneske, til dømes isolerte byggverk som betongbruer, er sjeldne. Finst det allereie reir på plassen vert desse føretrekt. Ein føresetnad for reirbygging er at massen fuglane bruker til byggemateriale straks heftar til reirveggen. Taksvaler som bygger reir i fjellveggar må derfor finne overflater fri for mose og lav. I motsetnad til låvesvaler bygger taksvaler berre unntaksvis reir inni bygningar.[29]

Både hoa og hannen tek del i reirbygginga. Tida for byggestart avheng av vêrlag, breiddegrad og høgd over havet; nørdst i Skandinavia seinast i midten av juni. Fuglane kittar saman reirveggen av fuktige leire- og jordklumpar ved å arbeide innanfrå. Reirmaterialet finn dei på vatn- og elvebreidder, i pyttar og liknande stader. Ferdigbygde reir er forma som ei innelukka halvkule med innflygingsholet øvst. Fuglane polstrar innsida av reiret med halm, fjør og anna mjukt materiale. Det kan ta 10 til 14 dagar før reiret står ferdig.[29]

Taksvalereir er ettertrakta reirplasser for andre fugleartar òg. Til dømes er gråsporven ivrig etter å erobre ikkje heilt ferdigbygde taksvalereir. Dersom dei lukkast i det, startar taksvalene å bygge eit nytt reir ein annan stad. Heilt ferdigbygde reir har så små hol at gråsporvar ikkje kjem inn.[30] Andre fugleartar som iblant kan ta i bruk reira til taksvaler er blåmeis, trekrypar, raudstjert, svartraudstjert, kjøtmeis, middelhavssporv, pilfink, gjerdesmett, gråflugesnappar og tamdue.[31]

Egglegging[endre | endre wikiteksten]

Taksvaleegg.

Taksvala legg mellom tre og fem reint kvite egg. Til vanleg vert dei lagde med ein dags mellomrom. Begge foreldra ligg på egga, men hoa i størst grad. Allereie etter at det første egget er lagt ligg ein av foreldra i reiret, rett nok med mange avbrot. Først når det siste egget er lagt ligg ein av dei på egga heile tida. Ungsvalene vert til vanleg klekt etter 14 til 16 dagar og er flygeferdige 22 til 32 dagar etter klekkinga. Utflogne ungfuglar vert verande i nærleiken av reiret, og foreldra forar dei ei vekes tid etter klekkinga.[29]

Ei skotsk studie viser at rundt femten prosent av ungane har andre fedre enn han som fostrar dei opp. Hannen freistar å forsikre seg om at hoa ikkje får mykje tid for seg sjølv ved reiret, og følgjer ho på flygeturane òg. Overvakinga vert mindre intensiv etter at det første egget er lagd og derfor er det oftast dei yngste ungane som vert oppfostra av ein annan enn sin biologiske far.[32]

Taksvalene startar gjerne på eit andre, oftast noko mindre, kull etter at det første er ute av reiret. På meir sørlege breiddegrader kan dei også gjere freistnad med eit tredje kull. Det siste kullet står i fare for at foreldra ikkje finn tilstrekkeleg med næring åt dei. Kor vellukka hekkinga er korrelerer positivt med alderen på foreldreparet. For hekkande par der hannfuglar berre var eitt år gammal klekte sju av ti egg. For eldre par klekte ni av ti.[24] Avhengig av vêrtilhøva kom seks til åtte av ti kyllingar på vengene.

Nyklekte taksvaleungar tigg med utstrekt hals og nebb som peikar rett opp. Først etter om lag ei veke vender dei hovudet mot foreldra. Når foreldra skal gje frå seg mat stikk dei nebbet langt ned i halsen på ungane og dyttar næringa ned i strupen på dei. Næring som ikkje hamnar i strupen gjev ikkje ungane akt på. Foreldra kan i nokre høve halde fram med å fôre ungar frå første kull sjølv etter at dei har starta opp med det andre kullet.[33]

Forventa levetid og mortalitet[endre | endre wikiteksten]

Tårnugla kan ta taksvaler på reiret om natta
Foto: Flickr-brukar Phil Haynes

Av ti utvaksne taksvaler opplever berre tre til seks det neste leveåret. Sjølv om det er belegg for at einskilde individ har nådd ein levealder på 10 til 14 år, vert få taksvaler meir enn fire år. Snittalderen på individa i ein svalekoloni er to år.[34]

Taksvaler kan ha ei rekke ekto- og endoparasittar. Til dei siste høyrer ikter, bendelormar og rundormar.[35] Av ytre parasittar kan nemnast pelslus, lusfluger, lopper som Ceratophyllus hirundinis,[36] midd og spyfluger. Ei polsk studie fann 29 ulike ektoparasittar hos taksvaler.[37] Ektoparasittar kan mellom anna overføre fuglemalaria. Smitta individ viser teikn på apati og anemi og har nedsett reproduksjonsrate.[38][39]

Til vanleg er vaksne taksvaler så snøgge og manøvreringsdyktige flygarar at dei kjem unna forfølgjarane sine, men er eksponerte når dei samlar byggemateriale på bakken.[40] Lerkefalken er den rovfuglen som oftast tek taksvale, medan sporvehauk, hønsehauk, svartglente og glente (dei to siste finst ikkje i noko omfang i Skandinavia) berre unntaksvis slår taksvaler. Taksvalene er ikkje heilt trygge i reiret heller, for tårnugler er i stand til å trekke dei ut når dei ligg i ro om natta. Nokre studiar syner at denne uglearten kan ta mellom fire og åtte prosent av tårnsvalebestanden.[41] Svartspettar hakkar no og då sund taksvalereir for å røve egg og kyllingar. Det hender at skjorer spesialiserer seg på denne måten å ta bytte.[42] Pattedyr spelar ei underordna rolle som byttetakarar, men einskilde huskattar kan ta taksvaler på stader der det berre finst ein einaste plass å samle reirmateriale, eller om svalene må passere ein bestemt stad i låg høgd på veg til og frå reiret. Rotter og ulike mårdyr røvar reir om dei kjem til, og kan til tider øydelegge heile koloniar.[43]

Våte og kalde somrar kan føre til høg dødsrate hos kyllingane. Vaksne taksvaler er utsette om dei møter på dårleg vêr under trekket.[44] I 1974 kom vinteren overraskande tidleg mange stader i Mellom-Europa, og tusenvis av taksvaler strauk med eller vart så svekka at dei ikkje makta å fortsette trekket.[21] Einskilde ornitologar regner med at dei ekstreme variasjonane i vêret som er ventande med framtidas klimaendringar vil føre til høgare mortalitet.[44]

Bestand og vernetiltak[endre | endre wikiteksten]

Den europeiske populasjonen vert vurdert til mellom 20 og 48 millionar individ – bestanden er utsett for store variasjonar.[13][7] IUCN plasserer i si raudliste taksvale i kategorien «least concern», dvs «livskraftig».[10] Ei rekke naturvernorganisasjonar deler ikkje denne oppfatninga og reknar med at taksvala er på veg til å bli truga.[45][46][47]

Reir med brett som skal hindre at fugleskit øydelegg fasaden
Foto: adrian.benko
Kunstig taksvalereir
Foto: BS Thurner Hof

Taksvale høyrer til dei artane som gjennom århundra har profittert på menneskeleg aktivitet. Med avskoging og bygging av buplassar vart det fleire moglege reirplassar. Taksvala er ein vakker fugl som lever av flygande insekt, og vart sett på som nyttig og allment tolerert sjølv om dei bygger reir på husvegger.[13] Dei siste tiåra har pesticidbruken og endra driftsformer i landbruket ført til tilbakegang for arten.[48] Endringar i byggeteknikken er også negativ for bestanden: reira vil ikkje hefte på moderne, glatte fasadar og ofte vert dei fjerna under fasadepuss. På asfalterte område finn ikkje hekkande fuglar byggemateriale for reira.

Naturvernorganisasjonar gjer regelmessig merksam på kor enkelt det er å hjelpe taksvalene. Det finst kunstige reir i handelen som svalene gjerne tar i bruk så sant andre taksvaler hekkar i området. Eit vassrett eller skrånande brett under reiret hindrar at fasaden vert tilgrisa av fugleskit. Det vert tilrådd å plassere desse bretta minst 50 cm under reiret for å hindre reirrøvarar å rekke opp. Små kunstige leirepyttar hjelper taksvalene å finne eigna reirmateriale. Elles er det lett å bygge «svalehus», eit tak med overheng og ein kort vegg under som sett på ein påle gjev fuglane ein trygg stad å feste reiret på.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

I 1758 gav Carl von Linné taksvalene det vitskapelege namnet Hirundo urbica,[49] medan Thomas Horsfield og Frederic Moore i 1854 ordna arten under slekta Delichon.[50] Delichon er eit anagram over det gammalgreske ordet χελιδών (chelīdōn) for svale.[45] Artsnamnet urbicum viser til tendensen til å hekke i byområde.

Den austlege underarten Delichon urbicum lagopodum vart først beskriven i 1811, av den tyske zoologen Peter Simon Pallas. Samanlikna med den vestlege nominatforma har den større parti med kvite fjør på undersida. Stjerten er mindre kløfta enn hos nominatforma. Det er beskrive andre variantar, til dømes Delichon urbicum meridionalis som held til i Middelhavsområdet, men kjenneteikna som skil denne frå andre underarter er ikkje tydelege nok til at den har fått status som underart.[13]

Slekta Delichon vart nokså nyleg skilt frå slekta Hirundo. Berre tre arter høyrer til; dei liknar kvarandre med svartblå over- og underside. Tidlegare vart det diskutert om ikkje taksvale og asiatisk taksvale (D. dasypus) er same arten. Den asiatiske taksvala høyrer heime i dei Sentral- og Austasiatiske fjellområda. Taksvalen har òg ein stor ytre likskap med nepalsvale (D. nipalense) som hekkar i Sørasiatiske fjell.[13]

Taksvaler kan krysse seg med låvesvaler; dette er faktisk den oftast førekommande hybridiseringa hos songfuglane.[51] Som resultat er det stilt spørsmål ved om slektene Delichon og Hirundo er for like genetisk til at det er rett til å klassifisere dei i skilde slekter.[13]

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norsk ornitologisk forening - Norske fugler - Taksvale - Delichon urbicum (Frå Norsk Fugleatlas 1994)». http://birdlife.no/fuglekunnskap/fugleatlas/index.php?taxon_id=8511. Henta 2009-12-15. 
  2. Menzel, s. 15 und 16
  3. 3,0 3,1 Liechti, Felix; Bruderer, Lukas (2002). «Wingbeat frequency of barn swallows and house martins: a comparison between free flight and wind tunnel experiments». The Journal of Experimental Biology (The Company of Biologists) 205: 2461–2467. 
  4. Turner, s. 166
  5. 5,0 5,1 5,2 Turner, s. 227
  6. Menzel, s. 11
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Snow, David; Perrins, Christopher M (editors) (1998). The Birds of the Western Palearctic concise edition (2 volumes). Oxford: Oxford University Press. ss. 1066–1069. ISBN 019854099X. 
  8. 8,0 8,1 Sinclair, Ian; Hockey, Phil; Tarboton, Warwick (2002). SASOL Birds of Southern Africa. Struik. s. p296. ISBN 1-86872-721-1. 
  9. Menzel, s. 24 – 25
  10. 10,0 10,1 «Northern House-martin – BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. http://www.birdlife.org/datazone/species/index.html?action=SpcHTMDetails.asp&sid=7150&m=0. Henta 2007-11-15. 
  11. 11,0 11,1 Menzel, s. 13
  12. 12,0 12,1 Turner, s. 226
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 13,7 13,8 Turner, Angela K; Rose, Chris (1989). Swallows & Martins: an identification guide and handbook. Boston, Massachusetts, US: Houghton Mifflin. ISBN 0-395-51174-7.  s. 226–233
  14. 14,0 14,1 Menzel, s. 33
  15. Menzel, s. 32
  16. Menzel, s. 32 – 33
  17. Lekagul, Boonsong; Round, Philip (1991). A Guide to the Birds of Thailand. Saha Karn Baet. ISBN 9748567362.  p236
  18. Robson, Craig (2004). A Field Guide to the Birds of Thailand. New Holland Press. s. 206. ISBN 1843309211. 
  19. Gordo, Oscar; Brotons, Lluís; Ferrer, Xavier; Comas, Pere (January 2005). «Do changes in climate patterns in wintering areas affect the timing of the spring arrival of trans-Saharan migrant birds?». Global Change Biology 11 (1): 12–21. doi:10.1111/j.1365-2486.2004.00875.x. 
  20. Menzel, s. 50
  21. 21,0 21,1 Bezzel, s. 367
  22. Jan Kube, Nils Kjellén, Jochen Bellebaum, Ronald Klein, Helmut Wendeln: How many diurnal migrants cross the Baltic Sea at night? Poster zur ESF-Konferenz „Migration in the life-history of birds“, Institut für Vogelforschung, 2005.
  23. Sibley, David (2000). The North American Bird Guide. Pica Press. s. 322. ISBN 1-873403-98-4. 
  24. 24,0 24,1 24,2 Bezzel, s. 365
  25. Menzel, s. 34
  26. Menzel, s. 39 – 41
  27. Menzel, s. 41–42
  28. Turner, s. 27
  29. 29,0 29,1 29,2 Turner, s. 228
  30. Coward, Thomas Alfred (1930). The Birds of the British Isles and Their Eggs (two volumes). Frederick Warne.  Third edition, volume 2, s. 252–254
  31. Menzel, s. 71 – 72
  32. Riley, Helen T.; Bryant, David M; Carter, Royston E; Parkin, David T. (February 1995). «Extra-pair fertilizations and paternity defence in house martins, Delichon urbica». Animal Behaviour 49 (2): 495–509. doi:10.1006/anbe.1995.0065. 
  33. Menzel, s. 89 und 92
  34. Menzel, s. 130
  35. Menzel, s. 120 – 122
  36. «The housemartin flea». Distribution of British fleas. http://www.nhm.ac.uk/research-curation/projects/british-flea-distribution/database/Searchpage.do?species=&fleaname=&host=68&hostname=&county=&publication=&sortorder=. Henta 2008-01-23. 
  37. Kaczmarek, S. (1993;). «Ectoparasites from nests of swallows Delichon urbica and Hirundo rustica collected in autumn» (på Polish). Wiad Parazytol. 39 (4): 407–9. 
  38. Weisman, Jaime (2007). «Haemoproteus Infection in Avian Species». University of Georgia. http://www.vet.uga.edu/vpp/clerk/weisman/index.php. Henta 2011-01-12. 
  39. Marzal, Alfonso; de Lope, Florentino; Navarro, Carlos; Møller, Anders Pape (2005). «Malarial parasites decrease reproductive success: an experimental study in a passerine bird». Oecologia 142: 541–545. doi:10.1007/s00442-004-1757-2. 
  40. «Birdguides: House Martin page». BirdGuides. http://www.birdguides.com/species/species.asp?sp=117070. Henta 2007-11-22. 
  41. Menzel, s. 124 – 125
  42. Menzel, s. 125
  43. Menzel, s. 126–127
  44. 44,0 44,1 Stokke, Bård G; Møller, Anders Pape; Sæther, Bernt-Erik; Rheinwald, Goetz; Gutscher, Hans (April 2005). «Weather in the breeding area and during migration affects the demography of a small long-distance passerine migrant». The Auk 122 (2): 637–647. 
  45. 45,0 45,1 «House Martin Delichon urbicum (Linnaeus, 1758)». Bird facts. British Trust for Ornithology. http://blx1.bto.org/birdfacts/results/bob10010.htm. Henta 2008-01-24. 
  46. «The population status of birds in the UK: Birds of Conservation Concern: 2002–2007». British Trust for Ornithology. http://www.bto.org/psob/amberlist.htm. Henta 2008-01-28. 
  47. «House Martin». British Trust for Ornithology. http://www.bto.org/birdtrends2006/wcrhouma.htm. Henta 2008-01-28. 
  48. «Population trends». House Martin. Royal Society for the Protection of Birds. http://www.rspb.org.uk/wildlife/birdguide/name/h/housemartin/population_changes.asp. Henta 2007-12-18. 
  49. Linnaeus, C (1758) (på Latin). Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata.. Holmiae. (Laurentii Salvii).. ss. 192. «H. rectricibus immaculatis, dorso nîgro-caerulescente» 
  50. «ITIS Standard Report Page: Delichon». The Integrated Taxonomic Information System (ITIS). http://www.itis.gov/servlet/SingleRpt/SingleRpt?search_topic=TSN&search_value=178444. Henta 2008-01-23. 
  51. Møller, Anders Pape; Gregersen, Jens (illustrator) (1994) Sexual Selection and the Barn Swallow. Oxford: Oxford University Press ISBN 0-19-854028-0 Full text

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er ei nesten fullstendig omsetjing av «Mehlschwalbe» frå Wikipedia på tysk, den 4. april 2011
  • Einhard Bezzel: Vögel. BLV Verlagsgesellschaft, München 1996, ISBN 3-405-14736-0, S. 125
  • Heinz Menzel: Die Mehlschwalbe. Delichon urbica. 1984 (Die neue Brehm-Bücherei, Band 548)
  • Angela Turner, Chris Rose: Swallows & Martins – An Identification Guide and Handbook. Houghton Mifflin Company, Boston 1989, ISBN 0-395-51174-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mehlschwalbe (Delichon urbicum)