Sandy av Sandy Denny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandy
Studioalbum av Sandy Denny
Innspelt November 1971 til mai 1972 i Sound Techniques i London og Island Studios i London
Sjanger Folkrock
Lengd 40:36
Selskap Island (UK) ILPS 9207
A&M (US)
Produsent Trevor Lucas
Kritikk
Sandy Denny-kronologi
The North Star Grassman and the Ravens
(1971)
Sandy Like an Old Fashioned Waltz
(1974)

Sandy er det andre soloalbumet til Sandy Denny og vert generelt rekna som hennar beste. Albumet kom ut i 1972 og innspelinga starta berre få veker etter turneen etter debutalbumet hennar, The North Star Grassman and the Ravens, var over tidleg i november 1971.

Den første songen som vart spelt inn for albumet var «The Quiet Joys of Brotherhood» med tekst av Richard Farina som Denny sette ein tradisjonell irsk melodi, «My Lagan Love», til. Vokalarrangementet hennar på denne songen var inspirert av Ensemble of the Bulgarian Republic. Demoninnspelingar heldt fram i det nybygde Manor Studio i Oxfordshire, det første studioet eigd av plateselskapet til Richard Branson, Virgin. Det var her Denny spelte inn albumet med The Bunch, ei samling av rock and roll-songar kalla Rock On. Samlinga var første gongTrevor Lucas arbeidde som produsent for Island Records og han tok òg denne rolla på Sandy. Lydteknikar på albumet var John Wood.[1] Manor-innspelingane enda med uferdige versjonar av «Sweet Rosemary», «The Lady», «The Music Weaver», «Listen Listen», «For Nobody to Hear» og «Bushes and Briars».[2] To songar vart òg starta men ikkje gjort ferdig, ein coverversjon av visesongaren Anne Briggs, «Go Your Own Way My Love» og Denny sin «After Halloween», som vart omarbeidd tre år seinare for Fairport Convention sitt Rising for the Moon.[3]

Alle songane på albumet vart gjort ferdige i Sound Techniques og Island studio mellom slutten av april og seint i mai, der strykearrangementa av Harry Robinson òg vart lagt til.[2]. I tillegg vart to songar av Denny spelte inn, «It Suits Me Well» og «It'll Take A Long Time», og ein coverversjon «Tomorrow Is a Long Time» av Bob Dylan. Allen Toussaint sitt blåsearrangement på «For Nobody To Hear» vart spelt inn i Deep South Studio i Baton Rouge i Louisiana.

Gjestemusikarar på albumet var mellom anna Fairport Convention-kollegaene Richard Thompson og Dave Swarbrick, samt Sneaky Pete Kleinow (frå Flying Burrito Brothers) på steelgitar og venen og songaren Linda Thompson på korvokal.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Sandy Denny, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «It'll Take a Long Time»     05:13
2. «Sweet Rosemary»     02:29
3. «For Nobody to Hear»     04:14
4. «Tomorrow Is a Long Time»   Bob Dylan 03:56
5. «The Quiet Joys of Brotherhood»   Tradisjonell musikk, tekst av Richard Fariña 04:28
6. «Listen, Listen»     03:58
7. «The Lady»     04:01
8. «Bushes and Briars»     03:53
9. «It Suits Me Well»     05:05
10. «The Music Weaver»     03:19
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
11. «Here In Silence»   Peter Elford/Don Fraser 3:53
12. «Man of Iron»   Peter Elford/Don Fraser 7:40
13. «Sweet Rosemary» (demo)   3:00
14. «Ecoute, Ecoute»     3:59
15. «It'll Take a Long Time» (live)   5:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Wood var lydteknikar på alle albuma til Sandy Denny på Island Records bortsett frå Rising for the Moon
  2. 2,0 2,1 Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 s. 274-5
  3. Ein demoversjon frå Manor Studio vart seinare gjeven ut på Who Knows Where the Time Goes?-boksen i 1985.