Fotheringay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotheringay
Sjanger Folkrock/elektrisk folk
Aktive år 1970–1971
Plateselskap Island Records
Medlemmer
Sandy Denny
Trevor Lucas
Gerry Conway
Jerry Donahue
Pat Donaldson

Fotheringay var eit kortlevd britisk folkrockband, starta i 1970 av songaren Sandy Denny då ho forlét Fairport Convention. Bandet tok namn etter ein av songane hennar, «Fotheringay» om Fotheringhay Castle, der Maria av Skottland sat fengsla. Songen vart opphavleg gjeven ut på Fairport Convention-albumet What We Did on Our Holidays i 1969, det første albumet tiL Denny med gruppa.

To tidlegare medlemmar i Eclection, Trevor Lucas og Gerry Conway, og to tidlegare mdlemmer frå Poet and the One Man Band, Jerry Donahue og Pat Donaldson (bass), utgjorde resten av bandet. Bandet gav berre ut eitt album medan dei heldt på. Albumet inneheldt fleire songar av Denny, mellom andre «Nothing More», «The Sea» og «The Pond and The Stream», samt versjonar av Gordon Lightfoot sin «The Way I Feel» og Bob Dylan sin «Too Much of Nothing». Albumet selde dårleg då det kom ut og Denny var under press til å starte ein solokarriere etter at ho to år på rad vart kåra til den beste songaren i Storbritannia av lesarane i Melody Maker.

Fotheringay vart oppløyst i januar 1971 under innspelinga av det som skulle verte det andre albumet deira.[1] Somme av songane dukka opp på debutalbumet til Denny i 1971, The North Star Grassman and the Ravens. Lucas, Conway og Donahue vart medlemmar i Fairport Convention i 1972 og spelte inn Rosie (der nokre av songane for Fotheringay òg vart nytta). Conway spelte berre på tre songar og byrja som studiomusikar etter dette. Både Conway og Donaldson hadde arbeidd med Richard Thompson. Lucas og Donahue vart verande i Fairport i eit par år. I 1974 kom Denny attende til Fairport og dei spelte inn to album: Fairport Live Convention og Rising for the Moon. Denny, Donahue og Lucas, forlet bandet i desember 1975. Conway kom attende til Fairport i 1997.

I 2008 annonserte Donahue at han prøvde å gjere ferdig det andre albumet til Fotheringay. Resultatet vart Fotheringay 2, som kom ut 29. september 2008.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. ss. 222. CN 5585. 
  2. Ward, Philip, "Into the Light", R2 (Rock'n'Reel), 2(13), Januar/Februar 2009, s. 37-39.

Literatur[endre | endre wikiteksten]

  • No More Sad Refrains: The Life And Times Of Sandy Denny, Clinton Heylin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]