Like an Old Fashioned Waltz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Like an Old Fashioned Waltz
Studioalbum av Sandy Denny
Utgjeve Juni 1974 (Storbritannia)[1]
Innspelt Mai og august 1973
Studio Sound Techniques i London; A&M Studios i Los Angeles
Sjanger Folkrock
Lengd 42:55
Selskap Island ILPS 9258 (Storbritannia)
Produsent Trevor Lucas, John Wood
Sandy Denny-kronologi 
Sandy
(1972)
Like an Old Fashioned Waltz Rendezvous
(1977)


Singlar frå Like an Old Fashioned Waltz
  1. «Whispering Grass»
    Utgjeve: Island WIP 6176 (1973)
  2. «Like an Old Fashioned Waltz»
    Utgjeve: Island WIP 6195 (1974)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Christgau's Record GuideC+[2]

Like an Old Fashioned Waltz er det tredje soloalbumet til den engelske folkrockartisten Sandy Denny og kom ut i juni 1974.[1] Det var det første albumet hennar utan påverknaden frå folkemusikken ein hadde sett på alle albuma hennar så langt. Dette delte tilhengjarane hennar frå dei som føretrekte det tradisjonelle elementet på dei tidlegare albuma og dei som følgde utviklinga hennar som låtskrivar og songar. Etter at det førre albumet hennar, Sandy ikkje hadde vorte den store suksessen ein håpa på, bestemde ho seg for å satse på eit nytt publikum.[3] Albumet var det mest personlege frå Denny så langt med songar om tap, einsemd, mørkeredsle, tida som går og årstidene.[4] Albumet var i følgje kritikarane berre skjemd av to coverversjonar av jazzstandardar ho hugsa frå samlinga til faren, «Whispering Grass» og «Until The Real Thing Comes Along». Opningssporet på albumet, «Solo» vert generelt rekna som ein av dei finaste songane i karrieren hennar. Harry Robinson lagde strykearrangement til alle soloalbuma til Denny, men var meir framme i lydbiletet på Like an Old Fashioned Waltz.

Ho byrja å arbeide på dette albumet, medan ho framleis turnerte med det førre albumet, Sandy. Denny la ut på ein månad lang turn i USA i april 1973 og stoppa i det kjende studioet til A&M Records for å spele inn fire songar.

Sandy Denny gifta seg med Trevor Lucas den 20. september 1973 på Fulham Registry Office, kort tid etter ho hadde sett i saman eit band som bestod av Pat Donaldson, Hughie Burns og Willie Murray for å turnere med albumet etter at det kom ut. Bandet heldt derimot berre fire konsertar sidan utgjevinga av albumet vart utsett frå hausten 1973 til juni 1974, då Denny igjen var attende i Fairport Convention.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Sandy Denny, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Solo»4:26
2.«Like an Old Fashioned Waltz»4:12
3.«Whispering Grass» (Doris Fisher og Fred Fisher)3:58
4.«Friends»3:34
5.«Carnival»5:46
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Dark the Night»4:30
7.«At the End of the Day»6:29
8.«Until the Real Thing Comes Along» (Sammy Cahn/Saul Chaplin/L.E. Freeman)3:43
9.«No End»6:37
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«At the End of the Day» (utan strykarar)6:28
11.«King and Queen of England» (demo)3:52
12.«Like An Old Fashioned Waltz» (Live på LA Troubadour 01/02/1975)4:12
13.«No End» (pianoversjon)7:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heylin, Clinton. Record Collector (109): 66.  Missing or empty |title= (hjelp)
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 28. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 p159.
  4. Sandy Denny: Like an Old Fashioned Waltz Information, arkivert frå originalen 9. juni 2011, henta 3. februar 2011