What We Did on Our Holidays

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
What We Did on Our Holidays
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt Juni til oktober 1968 i Kingsway og Olympic Studio nr. 1
Sjanger Folkrock
Lengd 38:07
Selskap Island ILPS 9092
A&M SP-4185 (USA)
Hannibal (nyutgjeving)
Produsent Joe Boyd
Kritikk
Fairport Convention-kronologi
Fairport Convention
(1968)
What We Did on Our Holidays Unhalfbricking
(1969)

What We Did on Our Holidays er det andre albumet til bandet Fairport Convention og var det første med Sandy Denny, som med «ei uforgløymeleg, overjordisk stemme gav Fairport eit stort løft» i følgje kritikaren i Allmusic.[1] Med dette albumet tok dei eit steg mot folkrockstilen dei vart kjende for, mellom anna med populære songar som «Fotheringay», og songen bandet tradisjonelt avsluttar konsertane sine med, «Meet on the Ledge».[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at Judy Dyble forlet bandet, utførte bandet prøvespelingar for å finne ein erstattar og Sandy Denny var eit opplagt val. Simon Nicol har sagt «det var berre ein vinnar...ho stod ut som eit reint glas i ein kum full av skitten oppvask».[3]

Albumet har av forfattaren Richie Unterberger vorte skildra som «ein nær perfekt balanse mellom nyskapande omarbeidingar av tradisjonelle folkesongar ... gode coverversjonar av andre folkrockartistar, nokre ganske ukjende ... og originale folkrocksongar av forskjellige bandmedlemmer.»[4] Simon Nicol har sagt at dette albumet er favoritten hans.[5]

Plateomslaget syner ei teikning av bandet som spelar, skildra på omslaget som «frå ei tavle angripen av Fairport Convention»[6]. På nytutgjevinga på Island Masters frå 1990 finn ein òg eit portrett av Sandy Denny.

I USA vart albumet gjeven ut av A&M Records (SP-4185) med akkurat dei same songane, men anna plateomslag. Plata vart òg kalla Fairport Convention.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Fotheringay»   Sandy Denny 03:06
2. «Mr Lacey»   Ashley Hutchings 02:55
3. «Book Song»   Iain Matthews, Richard Thompson 03:13
4. «The Lord Is in this Place...How Dreadful Is this Place» (basert på «Dark Was The Night, Cold Was The Ground» av Blind Willie Johnson) Hutchings, Thompson, Denny 02:01
5. «No Man's Land»   Thompson 02:32
6. «I'll Keep It With Mine»   Bob Dylan 05:56
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
7. «Eastern Rain»   Joni Mitchell 03:36
8. «Nottamun Town»   trad. arr. av Denny, Matthews, Thompson, Simon Nicol, Hutchings, Martin Lamble 03:12
9. «Tale in Hard Time»   Thompson 03:29
10. «She Moves Through the Fair»   trad. arr. av Denny, Matthews, Thompson, Nicol, Hutchings, Lamble 04:14
11. «Meet on the Ledge»   Thompson 02:50
12. «End of a Holiday»   Nicol 01:07
Bonusspor på nyutgjeving
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
13. «Throwaway Street Puzzle»   Hutchings, Thompson 03:26
14. «You're Gonna Need My Help» (konsertopptak for Symonds on SundayBBC Radio) McKinley Morgelfield 04:08
15. «Some Sweet Day»   Felice and Boudleaux Bryant 02:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

  • Bruce Lacey & his Robots på «Mr. Lacey»
  • Claire Lowther - Cello på «Book Song»
  • Kingsley Abbott - Myntar på «The Lord Is In This Place...», korvokal på «Meet on the Ledge»
  • Paul Ghosh, Andrew Horvitch & Marc Ellington - Korvokal på «Meet on the Ledge»
  • Peter Ross - Munnspel på «Throwaway Street Puzzle»

Produkskjon[endre | endre wikiteksten]

  • Innspelt i Sound Techniques, London og Olympic Studio nr. 1, London (bortsett frå «The Lord Is In This Place...» spelt inn i St. Peter's Church, Westbourne Grove, West London. Tilleggspor vart spelt inn i Morgel Studios
  • Lydteknikar John Wood, Sound Techniques, London

Kjelder[endre | endre wikiteksten]